
Inn i mellom kjem ein på viktige glimt frå fortida. I dag gjorde eg nettopp dette. Eg kom til å tenkje på mIRC, chatteprogrammet frå tida før mellom anna MSN Messenger og Facebook. Programmet er utvikla av Jarkko Oikarinen og såg lyset i 1988. (I fylgje Wikipedia var opphavsmannen Khaled Mardam-Bey, men dette er feil.) Sidan har mange millionar lasta ned og teke i bruk programmet. Det er nemneverdig at det framleis er menneske der ute som nyttar programmet.

På biletet over ser du tilkoplingsvinduaget for mIRC. Alle måtte ha eit nicknamn, som i mitt tilfelle var “SaeterBoy”. Framleis kjem eg på nicknamn som “Snoopy” og “Alfredoz”, og eg ser ikkje bort i frå at dei fleste kan hugse kva kallenamnet deira var. Vanleg var det iallfall å ha eit nick som var samansett av både store og små BoKsTaVar, helst med ein Z inne i bildet.

Då ein hadde kopla til IRC-klienten, rulla nokre meir eller mindre fargerike linjer over skjermbiletet. Ein kunne velje ulike kanalar ein kunne slutte seg til, som mellom anna #norway, #heid og #ulsteinvikoggursken. Desse tre var vel favorittkanalane på våre kantar, men det var også dei som starta nye kanalar og iviterte folk.
Om ein starta ein kanal, fekk ein automatisk Op, noko som i mIRC-verda var synonymt med makt. Op kunne ein også skaffe seg ved å spørje om å få det av ein som allereie hadde Op, men dette var ikkje alltid like lett, for det var risikabelt å dele makta på mIRC. Då kunne ein nemleg riskiere å bli kicka eller banna. Enkelt forklart sparka ut av gruppa. Ein person med Op, fekk ein @ framføre namnet sitt, og var eit sikkert teikn på relativt høg sosial rang.

mIRC var nittitalets store sosiale smeltedigel. Ein kunne mellom anna ta kontakt med ein person og skrive “ASL?” som tyder “Age, sex and location” (Alder, kjønn og stad). Du kunne då få eit svar som til dømes “18 J BeRgSøY“. For dei som var på sjekkern, kom gjerne “Bilde?” som eit påfylgjande spørsmål, i håp om å få sjå eit portrettbilde av vedkomande. Dette var for mange eit sårbart punkt for vidare kontakt. Denne spenninga heldt ein gjerne i sjakk ved å lytte til MP3-filer på WinAmp.
På den tida mIRC var populært, nytta dei fleste modem som internett-tilkopling. Kanskje var det “ISDN-Revolusjonen” (med stor R) som pressa mIRC tilsides, til fordel for MSN Messenger? Den står framleis som eit sårt minne for meg den tida; mIRC var innvadert av folk som ville lokke meg på MSN. Var det plutseleg ikkje mIRC som var tingen lengre? Eg som akkurat hadde begynt å befeste min sosiale posisjon gjennom å meir frekvent være innehavar av Op! Og eg som hadde laga eit eige Script som eg kalla BeastScript 5.0! Kunne dette verkeleg skje?
Nederlaget vart etterkvart eit faktum. Likevel, i dag står mIRC i hukommelsen som eit godt minne, og no er det Facebook som gjeld. Kanskje skriv eg eit blogginnlegg om femten år der eg ler av Facebook? Eller ler av at hadde eigen blogg?