jul 22

Det er rart med det. Eg har vore så heldig å fått reist ein del og fått utforska litt av denne verda. I dag markerte eg dei landa eg har besøkt på eit kart. Då gjekk det verkeleg opp føre meg kor lite av denne kloda eg faktisk har sett. Og når eg oppdagar slikt begynner eg å tenkje: “Skal eg reise jorda rundt?”

jul 21

No er alle mine stereotypar om campinglivet ikkje lengre stereotypar, men eit røyndomsbilete. Eg har nemleg vore på campingtur til Sverige!

Det har seg nemleg slik at Gudmund kjøpte seg campingvogn forrige veke. Og då måtte vi sjølvsagt prøve den ut. Med ein Volkswagen Passat som trekkvogn, ei Bjølseth-vogn frå 1978 og ein god porsjon eventyrlyst, låg forholda godt til rette for å få erfaring med campinglivet.

Første dag (laurdag) gjekk turen frå Fosnavåg til Biristrand. Via Dombås sjølvsagt. Ein kan ikkje reise på campingtur i Noreg utan å sjå Trollveggen! På Biristrand fann vi oss berre ein litt brei avkøyrsel og campa der.

Søndag var det Sverige som stod på tapetet, så vi susa først til Charlottenberg. Der vart det sjølsagt Svenskhandel (e-stoff og snus). Så cruisa vi sørover til Strømstad. Der hadde vi sol nokre timar, før den styrta i havet utan å kome opp att. Men besøk av Borgar og Maria lyste opp tilværet.

Dagen etter vendte vi nasa til Oslo, nærare bestemt Bogstad Camping, ein stad sola truleg heller ikkje veit om.

Trass det dårlege været, vart det likevel ein flott tur, takka være Gudmund Nærø som eg reiste saman med. Når vi først snakkar om Gudmund: Eg fattar ikkje kvifor denne karen framleis er singel! Han har alt ein mann må ha. Småbruk, stasjonsvogn, campingvogn, jobb og ei personlegheit som ikkje liknar grisen! Biletet over lyg litt, ikkje fordi Gudmund ikkje kan støvsuge, for det kan han, men her ser han ein smule velutstyrt ut, men det er berre ein optisk illusjon.

Uansett. Eg nemnde noko om stereotypar. Eg såg føre meg at campingplasane var overfylte med barnefamilier og pensjonistar. Mannfolka held munn, medan dei puslar med å finne ut av korleis ein teknisk dupeditt (som skal være veldig praktisk) virkar. Eller så sit dei i ein stol. Ungane syklar rundt utan hjelm. Kvinner heng opp klede (som Gud veit kvar dei har fått vaska). Lukt av grill og myggspiral. Kø på toalettet. Veldresserte puddlar. Grilldress eller fargerike antrekk. Bukser opp til navlen. Is-kiosk ved ei minigolf-bane. Bading i ferskvatn og korte fisketurar. Superhyggeleg oppførsel mot naboen du ikkje kjenner. Uoppmerksom biløyring på campingområdet. Både GPS i frontruta og kvinne med kart  i passasjersetet. Og så vidare.

Alt dette såg ut til å stemme. Bortsett frå oss.

jul 06

Dette var den siste heile dagen vår her i Tunisia. På stranda traff vi att den herlege gjengen som vi spelte “Hav-Handball” saman med, og meir speling vart det i dag. Vi merka fort at kontakta med denne gjengen ikkje dreia seg om godvilje for å karre til seg pengar. Dette var inderleg glede og engasjement.

Etter ein liten photoshoot på stranda, gjek vi saman med denne gjengen tilbake til hotellet. Vi avtalte at vi skulle møtast ved hotellet klokka ti på kvelden, og slik vart det. Vi spasserte saman med dei langs strandpromenaden før vi til slutt kom fram til eit diskotek. Vi gjekk aldri inn, men dansa saman på utsida heilt fram til vi vart jaga bort frå plassen. Dans er noko av det verste eg veit, men denne gongen var det faktisk litt gøy. Det var ikkje snakk om prestasjon, alle krav om faste steg var borte og null kroppsfiksering. Dette var inderleg dans. Slik dans bør være spør du meg. Ikkje slik som vi gjer det i Noreg, for det blir eg dårleg av.

Elles har vi spist god mat og slappa godt av, og vi kan sjå tilbake på eit veldig vellukka tur. Og betre reisefylgje skal ein leite lenge etter!

jul 05

Også i dag nytte vi finevêret på stranda her i Sousse. Temperaturen i vatnet er nydeleg og temperaturen i lufta er nesten i varmaste laget. Men berre nesten. Etter ein flott dag på stranda vart det ein omgong med massasje på SPA-avdelinga på hotellet. For min del, kan eg ikkje akkurat seie at eg kjente at det hjalp, snarare tvert imot.

Uansett. På ettermiddagen trappa taxivennen vår opp på hotellet som avtalt. Vi hadde tilbudt oss å spandere middag på han, og han ville vise oss meir rundt i området. Først gjekk vegen til marknaden i Medina. Der såg vi etter ekte sølv, men det er umogleg å vite om noko er ekte vare her, så det vart berre titting.

Så bar det ut på ny utflukt med drosja. Også i dag var det solnedgongen som lokka oss ut på landet, men sjølvsagt også det å få sjå Tunisia frå litt mindre turistifiserte strøk. I turistområda er det omtrent ingenting som minner om Afrika, iallfall ikkje slik eg kjenner det, men i utkantstrøka begynner det å likne på noko.

Eg veit ikkje kva det heitte der vi enda til slutt, men det var fint der. Vi knipsa bilete av den blodraude sola og hadde det fint. Sval middelhavsvind med utsikt utover havet i godt selskap. Kan det bli særleg betre?

Vi rusla litt langs sjøkanten, og avdekte fleire populære avkrokar for lokal ungdom som vil kome seg litt vekk. Det er tydelegvis vanleg å gøyme seg litt unna ved havet, gjerne med kjæresten sin og ein venn som kan stadfeste av alt har gått sømeleg føre seg. Noko som ofte ikkje er tilfelle. Tomme ølbokser ligg som tause teikn om livleg lag. Det er i strandkanten ungdomen får litt privatliv.

Då sola hadde gått ned, og vi hadde fått kika oss litt rundt på denne idylliske plassen, gjekk turen tilbake til Medina. Der var det duka for kveldsmat, og vi måtte prøve oss på mat av den lokale varianten. Mellom anna delte Asgeir og eg ei slags afrikansk gryte, som kunne minne veldig om hønsegryta eg brukte å spise i Mali, men denne var nokre hakk meir apetittleg.

Så tok vi oss ein liten svipp ned til strandkanten igjen. Der sat vi og prata og slappa av ei stund, før turen gjekk tilbake til hotellet. Der tok vi favel med den hyggelege sjåføren, som truleg slepp å bekymre seg for pengar dei komande dagane.

jul 04

Det er noko spesielt med solnedgongane i Afrika. I dag såg vi solnedgongen frå hotellet. På kvelden i dag, stakk vi ein tur til Medina. Der er ein stor marknad med mykje spennande å sjå. Og der dukka taxisjåføren vi råna med i går opp. Med andre ord: Ny rånetur!

Råneturen i kveld gav oss innblikk i korleis mange av dei tunisiske drosjesjåførane tilbringer fritida si. Først kjøper dei øl på svartebørsen, så fyller dei ein pose med ferske mandlar, så finn dei seg ein plass ved havet og sit der til dei små nattetimane.

Medan vi sat ved sjøen og prata med drosjesjåføren, fekk vi også tid til å prate om korleis det er å vekse opp i Tunisia. Taxisjåføren prata ivrig. Han oppsummerte det heile med å seie at dersom ein har pengar, er Tunisia verdens beste land å bu i. Og det trur eg faktisk har kan ha rett i.

jul 03

Dagen i dag starta sjølvsagt på stranda. Det er herleg å liggje rett ut på solsenga og høyre på alle lydane som svirrar i lufta. Har ein i tillegg med seg iPoden eller ei god bok, vert det heile heilt fantastisk. Og enda betre vert det om ein har med eit strandspel og vågar seg ut i vatnet.

I dag dulta vi bort i ein gjeng med tunisisk ungdom som spelte ein slags hav-handball. Vi heiv oss med i leiken og spelte saman med dei. Det var utruleg morosamt! Dessverre vart det i meste laget med sol utan solkrem for Gudmund, så utover dagen kunne han minne mykje om ein tomat.

Då kvelden nerma seg, tenkte Asgeir, Borgar og eg at vi skulle ta oss ein liten tur for å ta bilete av solnedgongen, medan Gudmund pleia kroppen med Aloe Vera. Heile tre timar køyrte vi drosje, på jakt etter den perfekte solnedgong.

Vi enda opp i ein by som heiter Monastir. Medan vi venta på at sola skulle duppe seg i havet, stakk vi innom ein beduinleir. Denne var bygd opp for turistformål, men den gav likevel eit godt inntrykk av korleis livet i Tunisia var før turismen slo til. Der var alt frå bygningar som var bygde av jordbrikk til hus i moderne tunisisk arkitektur. Vi fekk også eit innblikk i korleis ein lagar tradisjonelt tunisisk handverk.

Ved denne leiren, var der også ein kamelfarm. Har hadde Borgar eit lite sidesprang med ein kamel (sjå biletet), men stort sett klarte vi å halde oss i tøylane.

Etter å ha besøkt denne staden, susa vi avgårde for å jakte vidare på ein afrikansk solnedgong. Og ein flott solnedgong fann vi!

Taxisjåføren vår var ein svært hyggeleg og pratesjuk mann. Han var superglad for å få turistar ombord, iallfall når det var snakk om ein lengre køyretur. På biletet over viser han stolt fram drosja si.

Monastir var ein koseleg by. Vi gjekk ut på eit nes, der Hannibal visst nok brukte å skjule skuta si då han kjempa mot romarane. Der fekk vi også sjå nokre fiskarar som bøtte garna sine etter ein tur på sjøen, og lokal ungdom som trekte seg unna for å drikke øl og kanskje få litt romanse med kjærasten sin.

Elles skjedde det ikkje så veldig mykje meir, men eg og Borgar gjekk oss ein lang spassertur på kvelden, og då fann vi mellom anna ein restaurant som laga knallgod mat.

jul 02

Etter ein frukost på hotellet, gjekk vegen ned mot stranda. I området rundt hotellet er det høg byggjeaktivitet, for det er mange hotell som skal opp tydelegvis. På vegen ned, fekk vi sjå noko som kunne minne sterkt om afrikanske tilstandar, som til dømes lastebilen på bildet over. Det vart ein flott dag på stranda i dag også, med god temperatur og ein sval vind.

På ettermiddagen, fann plutseleg Asgeir og eg ut at vi skulle klippe oss, så vi tok til å leite etter ein herrefrisør. Den fann vi bak hotellet. Medan vi venta på tur, stakk vi innom ei lokal rørleggarforretning og eit konditori. Eit kakestykke seinare sat vi i frisørstolen, litt spente på korleis dette ville ta seg ut. Resultatet vart bra, sjølv om frisyra mi kunne minne litt i meste laget om ei militærfrisyre.

Då vi var ferdigklipte, og rusla tilbake til hotellet, oppdaga vi at himmelen var spesielt fargerik. Då vart det sjølvsagt ein liten photoshoot.

Då vi kom tilbake til hotellet, var vi klare for å kome oss ut ein tur igjen. I kveld gjekk turen til Port El Cantaou med Tuk-Tuk. Ombord i Tuk-Tuken song vi “This Little Light Of Mine” fleirstemt. Aldri ein tur med gjengen uten ei songstund!

I Port El Cantaou, som forøvrig var ein svært triveleg stad, åt vi god mat og spasserte rundt og supa i oss inntrykk frå dei folkerike gatene. Ein flott dag med andre ord!

jul 01

Vi er vél framme i Tunisia, og her er det god stemning! Vi har stilt klokka ein time fram, smurt oss med solfaktor 20 og teke ut denarar i minibanken.

Dagen i dag har vi tilbrakt på stranda. Etter vêrmeldingane å døme, vert det standard prosedyre å gå rett på stranda etter frukost, for her er det meldt over 30 grader og ein fin liten bris resten av veka. Utan den svale vinden, ville det blitt i varmaste laget her nede.

Vi var også innom ein gedigen uteplass som heiter BoraBora. Den vart rett og slett litt for stor for oss, men vi rakk mellon anna å ta ei fredspipe og kose oss før vi forlét staden.

Heimturen med ei av dei mange gule drosjene vart ei uforgløymeleg oppleving. Taxisjåføren dundra på med tunisisk technomusikk og sørga for god stemning.

Eg har allereie fått stor sans for dette landet. Det tunisiske folket er vennlege og gjestfrie. I tillegg er det eit folkeslag som ser fine ut. Så no får vi håpe det gode inntrykket held seg oppe..

jul 01

Om du lurer på korleis vêret er der vi er no, altså i Sousse i Tunisia, kan du klikke her.. =)

Vi lovar å med finevêret tilbake til Noreg! ;)

jun 30

I går fekk eg ein telefon frå Asgeir. Han hadde funne ein tur til Bulgaria som såg interessant ut. Eit par minutt seinare hadde eg fått framskunda ferien eit par dagar. Ein god time seinare sat Asgeir, Gudmund, Borgar og eg og drøfta sydentur. Etter å ha kika på lagtidsvarselet, fann vi ut at Bulgaria kanskje ikkje var tingen. Då bestemte vi oss for å stikke til Tunisia i staden, og vips så var turen kjøpt og betalt. Ein drøy time etter eg er ferdig på jobb, er vi altså på veg til det afrikanske kontinentet! Staden vi skal til heiter Sousse, og desse to bileta vitnar om at vi vonaleg får ein fin og spennande tur.

Det skal bli godt å få oppleve ein ny stad og slappe fullstendig av ei vekes tid! Dei siste vekene har vore temmeleg hektiske, så no kjenner eg at det vil gjere godt med ein ferie. Forhåpentlegvis går det betre enn Spania-turen for to år sidan, då vi hadde to innbrot på seks dagar og 12 dagar med regn på to-vekes-turen vår. Ønsk oss lykke til! =)

preload preload preload