mai 22

Pinsehøgtida er den tredje av dei store kristne høgtidene, og vert ansett som kyrkja sin fødselsdag. Ordet pinse, kjem av det greske ordet pentekoste, som betyr femti. Det er fordi pinsa kjem 50 dagar etter påska.

I 5.mosebok kapittel 16 vers 9-12, kan vi lese om ein jødisk kornhaustfest. Dette er ei av dei tre valfartshøgtidene i jødedomen. Det vil seie at mange jødar reiste til Jerusalem for å feire denne høgtida.

På Kristi Himmelfartsdag vart Jesus teken opp til himmelen, men før han kom så langt, lova han disiplane at dei skulle få ein talsmann som skulle tale på deira vegne. Denne talsmannen er Den Heilage Ande. Denne talsmannen kom til dei i form av eit krafig vindkast og nokre eldtunger som sette seg på disiplane då dei var samla i eit hus i Jerusalem. Plutseleg kunne disiplane snakke alle verdens språk, og Peter heldt ein tale om Jesus og korleis han hadde stått opp frå dei døde. Etter talen vert det fortalt om at over 3000 begynte å tru at Jesus var Guds son. God timing at dette skjer når folk frå heile verda er samla i Jerusalem! Peter vert rekna for å være kyrkja sin første pave, og pinsehøgtida vert rekna for å være kyrkja sin fødselsdag.

Den heilage ande er først og fremst eit uttrykk for Guds nærvær. Sjølv om Jesus ikkje lenger er på jorda, er Gud framleis heilt nær menneska gjennom Den heilage ande. Den er Guds kraft og det som gir liv til kyrkja og dei kristne. Vi snakkar av og til om at kristne snakkar i anden, slik som Peter gjorde i Jerusalem. Den heilage ande vert gitt oss i gåve gjennom dåpen.

apr 18

Dette er kanskje det vanskelegaste blogginnlegget eg har skrive. Og kanskje det viktigaste. Det stiller livet ærlege og vanskelege spørsmål. Og det stiller spørsmål til trua på Gud. Temaet er “Når Gud Blir Borte” og er eit ærleg møte med mi eiga trushistorie. Innlegget er spesielt retta mot mine kristne brødre og systre, men vil truleg vekkje interesse hjå alle som kallar seg tvilarar og ikkje-kristne.

Veit du med deg sjølv at Gud finns? Korleis kan du isåfall være sikker? På kva måte har du møtt Gud? Kva om du plutseleg mista kontakta med Han? Kva om du plutseleg opplevde at han vart borte for deg?

Eg kan berre røpe det med ein gong. Eg har vore i djup tvil. I perioder gjennom livet har eg ikkje opplevd Guds nærvær. I ei lengre periode, klarte eg ikkje å finne eit einaste bønnesvar på dei bønene mine som verkeleg betydde noko for meg. Framleis er det litt slik.

Det sterkaste eksempelet på dette, er perioda då systra mi streva med depresjon. Eit flottare menneske enn det ho var, skal du leite lenge etter. Ho vart innlagt på psykiatrisk etter eit sjølvmordsforsøk. I dette systemet vart ho værande resten av livet sitt. Den 20. februar 2009, ei periode då vi såg optimistisk på utviklinga hennar, tok ho livet sitt.

Kvar var Gud opp i alt dette? Kva med alle bønene om at ho skulle bli frisk? Vart dei ikkje høyrde? Ville Gud at det skulle bli slik? Eller var han ikkje allmektig likevel?

Til den som trur eg har svara på desse spørsmåla, må eg berre seie beklager. Eg forstår det rett og slett ikkje. Ikkje kjem eg nokon gong til å forstå det heller. Men å tru og å forstå er to forskjellege ting! Det vi har med å gjere her, er “det vondes problem”. Ingen har til no gitt eit svar på kvifor det vonde skjer, når Gud både er allmektig og god. Men korleis kan eg tru på Gud? Er eg og alle dei andre kristne naive? Eg kjem tilbake til dette.

“I opphavet skapte Gud himmelen og jorda” (1. Mosebok 1,1). Bibelen er klar på at Gud skapte verda. Korleis dette gjekk føre seg, er det delte meiningar om. Det at Bibelen har to skapingsberetningar (den andre startar i 1. Mosebok 2,4), gjer at eg tenkjer Bibelen har som formål å fortelje at Gud skapte verda, meir enn å være ei naturvitskapleg utgreiing om korleis dette skjedde. Eg har skrive om dette her, så du kan lese den artikkelen etterpå.

“Og Gud skoda alt det han hadde gjort, og sjå, det var overlag godt.” (1. Mosebok ,31). Gud var altså nøgd med skaparverket sitt. Det hadde sikkert vi også vore om vi var han. Men mennesket er ikkje Gud, men vi vart sette som kruna på skaparverket. Men dersom alt var så perfekt, korleis gjekk det då så gale?

Det er naturleg å gå tilbake til syndefallet. Fram til syndefallet hadde mennesket levd i harmoni og fellesskap med Gud, men syndefallet sette eit skilje mellom Gud og mennesket. Heller ikkje dette forstår eg fullt ut. Men skiljet mellom mennesket og Gud kjennest ganske reelt ut spør du meg, så eg trur det er slik.

Som ein konsekvens av syndefallet, kom kaoskreftene inn i verda. Kaos (uorden) er det motsette av kosmos (orden). Smerte, ulykker, katastrofer og død vart ein realitet. Dessverre må vi forholde oss til dette også i dag. I det øyeblikket eg skriv dette her, er det berre ein dag sidan ein person eg har verdsett høgt gjekk bort. Og eg har nettopp sendt ein SMS til ein eg ikkje er sikker på om eg får møte igjen. Vi menneska har mange vanskelege ting å forholde oss til gjennom livet.

Kan fullgode handlingar være smertefulle? Det er spørsmålet eg ynskjer å stoppe litt opp med no. Eg skal ta føre meg eit døme frå tida eg jobba i barnehagen i Mali (Afrika): Då ei av jentene i barnehagen var ute og leika seg, ramla ho så ho fekk eit lite sår som gjorde vondt. Ho kom skrikande bort til meg og trengte trøyst. Eg blåste først på såret, for at det skulle gjere mindre vondt, så tok eg henne med inn der vi hadde førstehjelpsskrinet. Eg leitte fram ei flaske med Pyrisept og litt bomull, for det var kome skit i såret hennar. Alle veit at det svir når ein får Pyrisept i såret, men denne smerta er nødvendig om ein skal reinse såret, slik at det gror utan at det vert infeksjon i det. Eg førebudde denne jenta på at dette ville kome til å svi, men at det er nødvendig for at det ikkje skulle bli verre. Eg påførte med andre ord denne jenta meir smerte, men intensjonen var heile tida fullgod. Eg synest derfor det er nødvendig å skilje mellom det som er smertefullt og det som er vondt, eventuelt det som er av det vonde.

Av og til lurer eg på om smaken av siger er større når nederlaget har vore stort. Sjå til dømes føre deg at du spelar ein fotballkamp, stillinga er 5-0 til det andre laget, og det er berre fem minutt igjen av kampen. Plutseleg snur det heile. Kvart minutt scorar laget ditt eit mål, og spissen rekk akkurat å putte inn den sjette målet før dommaren bles av kampen. Vil ikkje den seieren smake ekstra godt? Og vil ikkje då det tapande laget kjenne på eit mykje større nederlag?

Eg tenkjer av og til at den dagen vi alle samlast i himmelen, og ser tilbake på dette livet som så ofte har vore smertefullt og svart, så må seiersrusen være stor! Kanskje spelar ikkje all smerten så stor rolle lenger då? Og snakkar vi om eit evig liv, så er kanskje ikkje kostnadane for dette livet så store likevel? Eg vil understreke at vi må leve dette livet vi har på jorda sjølv om det ikkje alltid er like behageleg. Men vi menneska ser stykkevis og delt. Vi får ikkje med det heile bildet, og vi vert fort redde om det logiske luftslottet vårt sprengest. Kanskje er dette livet ein dråpe med nødvendig sterk syre i eit stort hav?

Systra mi har skrive ned eit sitat som ein gong var rissa inn i ein cellevegg i Køln. Dette synest eg er eit sterkt uttrykk for kva tru handlar om. “Jeg tror på solen, selv når den ikke skinner. Jeg tror på kjærligheten, selv når jeg ikke føler den. Jeg tror på Gud, selv når han er taus.”

Vi er opptekne av å ha det godt. Her i den vestlege verda, har vi det kanskje så godt at vi ikkje har bruk for Gud? Eg synest iallfall det er påfallande å sjå kor mykje større tiltru til Gud ein kan møte i dei delane i verda der ein verkeleg har det vanskeleg. Javisst har vi det knalltøfft til tider vi også, men er det slik at vi har blitt lovde eit liv utan smerte? Så vidt eg veit har vi ikkje det, men Gud har sagt at han alltid vil være med oss.

Ein gong møtte eg ei dame som sa at “Gud leier oss ikkje rundt det vonde, men han tek oss med gjennom, på sine skuldre”. Det er sterke ord. Dei kan faktisk kjennest provoserandes ut til tider. Det er vanskeleg å forstå kvifor det isåfall skulle være slik, men er det eigentleg meininga at vi skal forstå? Kanskje er smerten i liva våre grunnlag for ein åndeleg vekst? Kanskje er det faktisk slik at alt som ikkje knekker oss, styrkjer oss? Kanskje er det slik at Gud vender alt det vonde til det gode?

Når det gjeld systra mi, så er eg ikkje lenger i tvil om at ho har det godt no. Viss ikkje, har Gud brote lovnadane sine, og kan då (slik eg ser det) ikkje være den han seier at han er. Men no når det som kanskje har vore den største smerta har lagt seg, trur eg at Gud har ved sin nåde teke henne til seg.

Etter å ha teke ei lang runde med alle desse spørsmåla og teoriane eg har vore innom, sit eg igrunnen ikkje att med så mange svar. Og eg trur ikkje det er meininga heller. Men eg sit att med ei tru på at Gud faktisk har kontrollen på liva våre. Eg brukar å seie at trua mi har vore gjennom ein kraftig slipeprosess. Alt eg sit att med er ei tru. Mine eigne svar held ikkje lenger mål. Ikkje dei andre sine heller.

mar 18

Gjennom alle tider, har menneske undra seg over korleis verda vart til og kvifor den vart til. Naturvitskapen, enkeltmennesker, religionar og livssyn har prøvd å gi svar på desse spørsmåla. Dei fleste har nok kome fram til eit svar, men ingen har enno funne bevis.

Sjølv har eg funne svar på desse spørsmåla, men på lik linje med alle dei andre, kan ikkje eg heller leggje fram bevis på svara mine. Bevis kjem eg nok heller aldri til å finne. Det handlar nok meir om eit spørsmål om tru.

For mange har det vore eit mål å overbevise andre at Gud ikkje har skapt verda. For andre er det eit mål å overbevise om det motsatte. For meg vitnar dette om ei spenning som eg trur grunnar i noko som er større enn oss sjølve.

I ei utgåve av Illustrert Vitenskap (12/96 om eg ikkje hugsar feil), vart det hevda at naturvitskapen hadde bevist at det ikkje finns ein Gud bak verden. Spør du meg, er det beklageleg at eit slikt magasin kan hevde dette. Med eit slikt syn har ein umogleg kunne ha teke naturvitskapen på alvor. Ein har gått bort frå naturvitskapen sitt felt og inn på eit livsyn som ein må kalle biologisme. I mine auge, som rett nok ser gjenom kristne briller, vitnar dette om eit meir eller mindre snevert forsøk på å dempe ned eller forsvare seg mot kristendomens svar på korleis verda har blitt til. Burde ikkje eit slikt magasin halde seg for god til å trykke slike artiklar? Burde ikkje eit tidsskrift om vitskap halde seg til å skrive om vitskap, og ikkje biologisme?

I skulen i dag blir Darwins utviklingsteori framstilt som ei lære. Berre sjekk lærebøkene. Men er det ikkje snakk om ein teori? Korleis kan denne ha blitt akseptert i skulesystemet som ei lære? Eg er ikkje i det minste tvil om at i mange av våre største og viktigaste instutisjonar, sit det personar som aktivt arbeider for å svekke kristendomen si stilling i Noreg. Deira innsats har etter mi oppfatning fått utviklingsteorien til å bli framstilt som ei lære i det norske skulesystemet. Burde ikkje skulesystemet kjenne seg for god til å la dette skje?

Det går for tida føre seg ein stor debatt om religions- og livssynsfaget i skulen. Debatten dreiar seg enkelt forklart om at det på den eine sida er folk som vil svekke kristendomen sin posisjon i faget, medan det på den andre sidan er folk som vil forsvare den. Det er ikkje meininga å diskutere dette i denne artikkelen, men eg ønskjer å peike på det store engasjementet rundt ulike livssyn.

Engasjement i og mellom ulike livssyn om dei store spørsmåla, kunne fort blitt det dominerande temaet i denne artikkelen, men eg tek dette engasjementet fram med eit spesielt føremål – å setje fokus på eit såkalla gudsspor. Eit gudsspor kan ein kalle eit teikn som kan peike i retning av at det finns ein Gud.

Det finns ikkje ei einaste folkegruppe som ikkje har noko form for eit livssyn. Ikkje ein gong i dei mest utilgjengelege skogar, fjell eller øyer. Dei aller fleste folkegruppene trur nemleg på eit liv etter døden og har tankar om ei eller fleire guddommelege makter som råder over liv og død. Alle undrar seg over slike spørsmål. Enkeltmennesker går bort frå tanken om ein guddom som skapar og oppretthaldar av verda, men ikkje ei heil folkegruppe. Er det ikkje litt rart at det er slik? Kvar får menneskeslekta slike idear frå?

Kva så med samvitet? Også menneske som ikkje kjenner Guds lov gjennom Bibelen, har førestillingar om at nokre handlingar er gode eller vonde. Slike kjensler eller førestillingar kallar vi samvitet. Alle har eit samvit, sjølv om det er skilnad i kor stor grad den virkar i kvart enkelt menneske. Mange vil hevde at samvitet ikkje ligg i oss, men blir tillært etter kvart som vi veks til og får påverknad utanfrå. Sett at du gjer ei gjerning du verken veit er god eller vond, vil du då ikkje likevel merke samvitet? Dess lengre ein tenkjer og grublar, dess meir tyder det på at samvitet ligg i vår menneskenatur. Men kvar kjem samvitet frå om ikkje frå ein moralsk bevisst skapar?

Dette var to moglege gudsteikn som ligg planta i vårt eigen sinn. Ein kan også finne gudsteikn i skaparverket. Sjå på naturen. Eit insekt set seg på ein blomst for å få næring. Insektet flyg vidare til ein annan blomst, og befruktar blomsten med pollen frå den forrige blomsten. Fuglar spis insekt og plantefrø og spreier frø til andre stadar så nye planter kan vekse. Planter og tre lagar oksygen slik at menneske, dyr og fuglar kan leve. Om hausten fell blad frå trea, og dei sokalla nedbrytarane tek til å arbeide. I havet har ein alger, fiskar, sjøplanter, sjødyr og anna. Skyer på himmelen spreier vatn utover jorda, og frå jorda kjem det vatn til skyene. Ein kunne fortsett å skildre naturen i det uendelege. For eit utruleg komplisert og intellegent økosystem! Spør du meg, er det vanskeleg å tenkje seg at dette har blitt til slik utan gjennom målretta planleggjing og styring!

Mange vitskapsmenn vil meine at dersom livets utvikling skal forståast som noko tilfeldig, vil det være i strid med termodynamikkens andre lov. Denne lova seier at det er umogleg å konstruere ei evigheitsmaskin som skulle være i stand til å levere ubegrensa mengder med mekanisk energi, utan ein tilsvarande tilførsel av brensel, varmeenergi, eller andre former for energi som vert tilført utanfrå. Mange vil då måtte gå i retning av å tru at naturen jobbar målretta, men då bevegar ein seg utanom naturvitskapen og inn på eit livssynsområde. Ein vil då eigentleg peike på gudsteiknet om at det kan være ein Gud som styrer. Ein forskar mykje på gener, men korleis har genane blitt til?

Det er ikkje noko mål for meg å gjere opprør mot naturvitskapen. Eg er snarare svært glad for at vi har den. Men eg er i mot at ein prøver å motbevise Gud ved å bruke naturvitskap. Det vil være ein umogleg tanke. For naturvitskapen har det blitt nødvendig å gå bort frå tanken om å motbevise Gud dersom ein skal kunne ta naturvitskapen på alvor. Ein naturvitskap i si rette form, må forhalde seg til det som kan bevisast og påvisast av naturvitskaplege måleinstrument og forsøk. Med ein gong ein går utanfor dette, vil det være eit livssyn som ligg til grunn for forskninga, og då er det ikkje lengre naturvitskap.

Litt på grunnlag av det eg har skrive om til no, og kanskje ikkje minst meir på grunnlag av ting det ikkje er rom for å skrive om i denne artikkelen, vil ein sjå at utviklingsteorien får problem. Eg har valt å ikkje dømme utviklingsteorien nord og ned, for der er mange spennande element i den, og den inneheld mange ting som kan virke truverdige. Men skal eg være ærleg med meg sjølv, kan eg ikkje seie anna at den er ei svært problematisk forklaring på korleis verda har blitt til.

Utviklingsteorien er ein teori som eigentleg er samansett av mange ulike teoriar. Dessverre inneheld denne teorien mange holrom, altså ting ein ikkje kan gi svar på gjennom naturvitskapen så langt den er utvikla til i dag. I tillegg byggjer teorien på nokre tilnærma umoglege prinsipp. Tek ein til dømes eit karbonatom og set det for seg sjølv, vil det ikkje være i stand til å formeire seg av seg sjølv. Og sjå føre deg eit auge. Eit fantastisk biologisk instrument. Auget vil ikkje fungere før det er sett saman til éit heilskapleg element. Ei hjerne kan heller ikkje tenkje ein tanke før den er eit organ i si heilheit. Utviklingsteorien er -  kanskje dessverre – like umogleg som at det utan noko råstoff til disposisjon ville skje ein eksplosjon, der utfallet vart eit gigantisk bibliotek med millionar av bøker (romanar, korrekte leksikon osv.) som hadde skrive seg sjølv. Den går eg ikkje med på.

Om ein likevel reint hypotetisk skulle klare å fylle inn alle holroma i utviklingsteorien, noko eg stiller meg kritisk til er mogleg, vil ein likevel ikkje kunne motbevise at Gud er den som har sett heile årsaksrekkja i sving. Eg er redd ein aldri vil få plassert Gud under ei mikroskoplinse, for han er i Bibelen framstilt som ein realitet utanfor det skapte. Det heile handlar om tru.

Ei stjerneklar natt, kan vi utan kikkert telje omlag 2000 stjerner. Desse stjernene til høyrer galaksen vi kallar Mjølkevegen (hardbarka nynorsk). Men Mjølkevegen inneheld kanskje over 100 milliardar stjerner. Nokre astronomar meinar at det kanskje finns 100 milliardar galakser i verdensromet. Er ikkje det utruleg? Dersom du tilfeldigvis skulle stirre på den stjerna som ligg nærast jorda, ser du i realiteten ikkje den stjerna i det heile. Du ser lyset den sendte ut for fire år sidan. Den næraste stjerna ligg nemleg omtrent fire lysår borte. Lyset flyttar seg 300.000 km/sek, noko som betyr at fire lysår blir så langt borte at kalkulatoren på mobiltelefonen min ikkje kunne rekne det ut. Då lurer eg på: Kan dette ufattelege verdensromet med tallaust mange stjerner ha blitt til tilfeldig? Ein reknar dette kosmoset for å være eit gudsteikn.

Lat oss tenkje andre vegen. I eit mikroskop kan eit få eit ørlite glimt av mikrokosmos. Ein dråpe vatn blir utruleg innhaldsrik under mikroskopet. Forskarar har oppdaga og utforska celler, molekyl, atom og elementærpartiklar (elektron og kvarkar). Det er nærmast ein filosofisk tanke, men tenk om eit elektron inneheld eit univers av mindre partiklar. Det er ikkje utenkjeleg, sjølv om det er vanskeleg å førestille seg det. Så langt har iallfall ikkje vitenkapen komt enno, men det er kanskje like greit, for forskarar har uansett ikkje eingong sjans til å utforske og kartleggje alle verdens typar celler, molekyl, atom og elementærpartiklar. Uansett kor langt forskninga når, kan mikrokosmos være tilfeldig?

Eg vil gjerne skrive litt om naturlovene også. Ta til dømes gravitasjonskrafta. Dersom du slepp noko som er tyngre enn luft, vil denne tingen falle. Kva er eigentleg gravitasjonskrafta, og kvar hentar den krafta si i frå? Det er kanskje for nokre eit utilfredsstillande svar, men fakta er at vi veit ikkje. Korleis har denne krafta blitt til? Kva med sentrifugalkrafta? Om du har eit lodd i enden på eit tau og svingar tauet fort rundt, vil loddet trekkje seg utover. Kvifor det? Vi veit ikkje det heller. Vitskapen har forska på naturlovene og funne ut nøyaktig kva dei seier. Men naturvitskapen har ikkje funne ut korleis dei har blitt til, eller kva/kven som har sett dei i funksjon og let dei fungere slik dei gjer. Ein kan spørje seg om kva som er mest sannsynleg av at naturlovene har blitt til av seg sjølv, eller om det finns ein lovgivar bak dei, ein som har tilpassa dei til kvarandre og tilpassa dei til naturen, slik at alt som eksisterar fungerar saman?

Dess meir ein studerer detaljane i verda, vil ein sjå at vi lev i eit fantastisk uforklarleg skaparverk. Eg vil kalle det eit skaparverk av Gud, for i mitt hovud (som kanskje for nokre av de som har lest dette, synest å være ein eigen verden) blir det for snevert å tenkje at verden har blitt til på tilfeldig vis. Mange vil seie det er ein snever tanke å tru på Gud, men spør du meg er det minst like snevert å halde seg til teoriar som er utvikla av menneske. Det er mykje vondt i verden, men samtidig er verden så uforklarleg fantastisk, at eg trur det berre kan være ein uforklarleg Gud som står bak den. Ein Gud det er umogleg å forstå fullt ut. Ein Gud som sprengjer alle våre grenser. Eg trur denne guden er den Gud vi får bli betre kjent med i Bibelen.

Når det gjeld Bibelen, vil mange hevde at skapingsberetningane som står i den, ikkje kan stemme ut i frå eit naturvitskapleg perspektiv. Kristne som ikkje har eit biblistisk bibelsyn, altså eit syn der ein tenkjer at alt som står der er feilfritt, må seie seg einige i det. Ein har faktisk to ulike skapingsberetningar i Bibelen. Desse to er nok ikkje meint som naturvitskaplege forklaringar på korleis verda har blitt til, men teologiske forklaringar. Det vil innebere at dei heller vil forklare oss kven som skapte verden, i staden for å i detaljane skildre korleis det skjedde. Mellom anna kan vi lese at Gud skapte lyset første dagen, men sola skapte han ikkje før fjerde dagen. Mange bibelforskarar vil hevde at dette står skrive slik for å understreke at det var Gud som skapte sola, for dyrkinga av sola (solguden) stod sterkt før i tida. Men Bibelen er klar på kven som skapte verda, og det håpar eg at eg også har vore klar på.


André Sæter,
Fosnavåg, 18.03.2008.

jan 10

Eg fekk for ei tid tilbake ei utfordring som eg takka ja til. Denne utfordringa gjekk ut på å halde preike på den norske gudstenesta her i Sévaré. Eg som ikkje har utdanning ein gong. Her sit det personar som driv med bibeloversetjingsarbeid og som har studert skriftene grundig. Her sit folk som har gitt avkall på det vanlege livet i heimlandet, til fordel for å forkynne evangeliet der kanskje ingen har høyrt den glade bodskapen. Forsamlinga består altså av folk som kjenner skriftene godt. Har eg ikkje her bevega meg ut på tynn is? Det var nettopp dette eg valte å snakke om.

Tenk på Moses. Vi tenkjer kanskje på Moses som ein sterk og solid mann, som førte israelsfolket ut av slaveriet i Egypt. Men Moses sjølv såg annleis på saka. Vi kan i andre mosebok lese om Moses som drap ein egyptar. Moses var altså ein drapsmann. I tillegg var han ikkje særleg flink til å prate for seg, så korleis kunne han lede heile israelsfolket ut av Egypt? Moses hadde med andre ord svært dårlege forutsetningar til å utføre oppdraget sitt.

Det er lett å gløyme hovudskikkelsen i denne forteljinga. I si eiga kraft er Moses eit svakt og sårbart menneske. Men er det ikkje Gud sjølv som er hovudpersonen i forteljinga? Eg likar det som står skrive i andre mosebok kapittel tre, vers ellve. Moses spør: ”Kven er vel eg? Kan eg gå til farao og føra israelittane ut av Egypt?” Då svara Gud: ”Ja, for eg vil vera med deg!”. Det er Gud sjølv som skal handle, men Han skal handle gjennom Moses.

I dag er det såmannssøndag (4.februar 2007). Likninga om Såmannen finn vi i Matteus 13. I den likninga høyrer vi om mannen som skulle ut og så. Noko av kornet han sådde vart spist av fuglane, noko fall på steingrunn, noko vart kjøvd av klunger, og noko fall i god jord, vaks opp og gav god grøde.

Såmannen er den som deler Guds ord. Når vi sår, er det dessverre ikkje alt som fell i god jord. Arbeidet vi legg ned for Gud kan derfor kjennest kostbart og meiningslaust. Vi ser lite frukt av arbeidet vi legg ned. Men vi har sådd frø! Det er vår oppgåve. Nokon annan har han sett til å vatne når tida er inne for det. Dei som vatnar, kan lett rose seg av vatningsarbeidet, men det er Gud som står for veksten. Eit frø ligg ofte lenge i jorda før det veks opp. Arbeidet med å så, er derfor like viktig som arbeidet med å vatne.

Eg trur Gud valte seg ut Moses fordi han hadde så dårlege forutsetningar. Det står mellom anna skrive i Paulus’ fyrste brev til korintarane, kapittel 1 vers 27: ”Men det som går for å vera uforstandig i verda, det valde Gud seg ut, så han kunne gjere dei vise til skammar. Det som vart rekna for veikt i verda, det valde Gud seg ut, så han kunne gjere det sterke til skammar”. Det er alltid ekstraordinært når det svake vinn over det sterke. Derfor brukte Gud Moses, og derfor kan Gud også bruke deg og meg. Vår oppgåve er å stole på Gud og la han få være Herre i liva våre. For korleis kan Gud bruke eit menneske som ikkje vil gjere som han seier, men gå sin eigen veg?

André Sæter,
Sévaré, 10.03.2007.

aug 31
Då eg gjekk på idrettslinja hadde eg friidrett som fordjupningsfag. I fleire av friidrettstimane skulle vi øve oss på spydkasting, og eg såg fram til å bli god på dette. Eg låg vel på eit brukbart nivå i starten, men etterkvart som eg øvde gjekk det verre med kastinga. Kva gjekk gale?


I utgangspunktet har vi tre ulike måtar å forholde oss til våre feil på:
(1) Vi kan skylde det bort på andre eller andre ting som ikkje berører oss sjølve.
(2) Vi kan klandre oss sjølve og fordømme oss for feilen vi har gjort.
(3) Vi kan sjå på feilen vi har gjort, finne ut kva vi gjorde feil og lære av den.

Gjennom livet vil vi heile tida møte på utfordringar, og det er ikkje alltid vi klarer desse utfordringane og taklar dei slik vi hadde sett føre oss eller håpa på. Dette vil vi oppleve gjennom heile livet, og ofte vil utfordringane være større enn å lære å kaste spyd. Som kristen, er eg oppteken av å halde meg vekk frå synd, ein kamp som alltid ber preg av tap og nye forsøk. Vi kristne har kanskje ein tendens til å så alt for ofte dømme andre, både kristne og ikkje-kristne, utifrå kor mykje ein syndar. Med ein gong nokon syndar, er vi ofte på plass med peikefingeren for å formane og fortelje kor galen feilen som er begått er. Vi dømmer ofte andre utifrå oss sjølve, og derfor dømmer vi feil.

På gresk, språket som blir nytta i det nye testamentet, tyder ordet synd “å bomme” eller “å ikkje treffe”. Jesus hadde tydelegevis meir avslappa forhold til synd enn vi kan tenkje oss. Jesus oppsøkte syndarane og hjalp dei. Det burde vi også gjere. Dersom vi ser for oss ein bueskyttar, veit vi at pila ikkje alltid vil treffe midt i blinken kvar gong. Slik er det i livet også. Vi bommar ofte. Vi må derfor lære oss å betrakte dei feila vi gjer, lære av feilen og prøve på nytt. Dersom bueskyttaren bommar, må han vurdere kva som gjekk gale, utan å skylde det på seg sjølv eller andre, lære av feilen, ta fram ei ny pil og skyte igjen. Det er ikkje garantert at vi treff neste gong, men så lenge vi skyt i beste hensikt og prøver å lære av feila våre, vil det etterkvart bli god skytetrening. Det verste med synda, er kanskje frykta for den. Våg å leve, og våg å gjere feil. Øving gjer meister!

Som menneske klarer vi ikkje å leve utan å synde, men dersom vi går til Jesus, slepp vi å leve med synda vår. Då Jesus døde på krossen for oss menneske, sletta han gjelda vår som vi ikkje kunne løyse ut. Syndene våre er tilgjevne. Hugs at det finns inga synd som er større enn Guds nåde! Jesus bad til og med om tilgjeving for dei som krossfesta han, og ei større synd enn det kan ikkje eg tenkje meg.

André Sæter.
Fosnavåg, Ukjent dato, 2006.

preload preload preload