Dette er kanskje det vanskelegaste blogginnlegget eg har skrive. Og kanskje det viktigaste. Det stiller livet ærlege og vanskelege spørsmål. Og det stiller spørsmål til trua på Gud. Temaet er “Når Gud Blir Borte” og er eit ærleg møte med mi eiga trushistorie. Innlegget er spesielt retta mot mine kristne brødre og systre, men vil truleg vekkje interesse hjå alle som kallar seg tvilarar og ikkje-kristne.

Veit du med deg sjølv at Gud finns? Korleis kan du isåfall være sikker? På kva måte har du møtt Gud? Kva om du plutseleg mista kontakta med Han? Kva om du plutseleg opplevde at han vart borte for deg?
Eg kan berre røpe det med ein gong. Eg har vore i djup tvil. I perioder gjennom livet har eg ikkje opplevd Guds nærvær. I ei lengre periode, klarte eg ikkje å finne eit einaste bønnesvar på dei bønene mine som verkeleg betydde noko for meg. Framleis er det litt slik.
Det sterkaste eksempelet på dette, er perioda då systra mi streva med depresjon. Eit flottare menneske enn det ho var, skal du leite lenge etter. Ho vart innlagt på psykiatrisk etter eit sjølvmordsforsøk. I dette systemet vart ho værande resten av livet sitt. Den 20. februar 2009, ei periode då vi såg optimistisk på utviklinga hennar, tok ho livet sitt.
Kvar var Gud opp i alt dette? Kva med alle bønene om at ho skulle bli frisk? Vart dei ikkje høyrde? Ville Gud at det skulle bli slik? Eller var han ikkje allmektig likevel?
Til den som trur eg har svara på desse spørsmåla, må eg berre seie beklager. Eg forstår det rett og slett ikkje. Ikkje kjem eg nokon gong til å forstå det heller. Men å tru og å forstå er to forskjellege ting! Det vi har med å gjere her, er “det vondes problem”. Ingen har til no gitt eit svar på kvifor det vonde skjer, når Gud både er allmektig og god. Men korleis kan eg tru på Gud? Er eg og alle dei andre kristne naive? Eg kjem tilbake til dette.

“I opphavet skapte Gud himmelen og jorda” (1. Mosebok 1,1). Bibelen er klar på at Gud skapte verda. Korleis dette gjekk føre seg, er det delte meiningar om. Det at Bibelen har to skapingsberetningar (den andre startar i 1. Mosebok 2,4), gjer at eg tenkjer Bibelen har som formål å fortelje at Gud skapte verda, meir enn å være ei naturvitskapleg utgreiing om korleis dette skjedde. Eg har skrive om dette her, så du kan lese den artikkelen etterpå.
“Og Gud skoda alt det han hadde gjort, og sjå, det var overlag godt.” (1. Mosebok ,31). Gud var altså nøgd med skaparverket sitt. Det hadde sikkert vi også vore om vi var han. Men mennesket er ikkje Gud, men vi vart sette som kruna på skaparverket. Men dersom alt var så perfekt, korleis gjekk det då så gale?

Det er naturleg å gå tilbake til syndefallet. Fram til syndefallet hadde mennesket levd i harmoni og fellesskap med Gud, men syndefallet sette eit skilje mellom Gud og mennesket. Heller ikkje dette forstår eg fullt ut. Men skiljet mellom mennesket og Gud kjennest ganske reelt ut spør du meg, så eg trur det er slik.
Som ein konsekvens av syndefallet, kom kaoskreftene inn i verda. Kaos (uorden) er det motsette av kosmos (orden). Smerte, ulykker, katastrofer og død vart ein realitet. Dessverre må vi forholde oss til dette også i dag. I det øyeblikket eg skriv dette her, er det berre ein dag sidan ein person eg har verdsett høgt gjekk bort. Og eg har nettopp sendt ein SMS til ein eg ikkje er sikker på om eg får møte igjen. Vi menneska har mange vanskelege ting å forholde oss til gjennom livet.

Kan fullgode handlingar være smertefulle? Det er spørsmålet eg ynskjer å stoppe litt opp med no. Eg skal ta føre meg eit døme frå tida eg jobba i barnehagen i Mali (Afrika): Då ei av jentene i barnehagen var ute og leika seg, ramla ho så ho fekk eit lite sår som gjorde vondt. Ho kom skrikande bort til meg og trengte trøyst. Eg blåste først på såret, for at det skulle gjere mindre vondt, så tok eg henne med inn der vi hadde førstehjelpsskrinet. Eg leitte fram ei flaske med Pyrisept og litt bomull, for det var kome skit i såret hennar. Alle veit at det svir når ein får Pyrisept i såret, men denne smerta er nødvendig om ein skal reinse såret, slik at det gror utan at det vert infeksjon i det. Eg førebudde denne jenta på at dette ville kome til å svi, men at det er nødvendig for at det ikkje skulle bli verre. Eg påførte med andre ord denne jenta meir smerte, men intensjonen var heile tida fullgod. Eg synest derfor det er nødvendig å skilje mellom det som er smertefullt og det som er vondt, eventuelt det som er av det vonde.
Av og til lurer eg på om smaken av siger er større når nederlaget har vore stort. Sjå til dømes føre deg at du spelar ein fotballkamp, stillinga er 5-0 til det andre laget, og det er berre fem minutt igjen av kampen. Plutseleg snur det heile. Kvart minutt scorar laget ditt eit mål, og spissen rekk akkurat å putte inn den sjette målet før dommaren bles av kampen. Vil ikkje den seieren smake ekstra godt? Og vil ikkje då det tapande laget kjenne på eit mykje større nederlag?

Eg tenkjer av og til at den dagen vi alle samlast i himmelen, og ser tilbake på dette livet som så ofte har vore smertefullt og svart, så må seiersrusen være stor! Kanskje spelar ikkje all smerten så stor rolle lenger då? Og snakkar vi om eit evig liv, så er kanskje ikkje kostnadane for dette livet så store likevel? Eg vil understreke at vi må leve dette livet vi har på jorda sjølv om det ikkje alltid er like behageleg. Men vi menneska ser stykkevis og delt. Vi får ikkje med det heile bildet, og vi vert fort redde om det logiske luftslottet vårt sprengest. Kanskje er dette livet ein dråpe med nødvendig sterk syre i eit stort hav?
Systra mi har skrive ned eit sitat som ein gong var rissa inn i ein cellevegg i Køln. Dette synest eg er eit sterkt uttrykk for kva tru handlar om. “Jeg tror på solen, selv når den ikke skinner. Jeg tror på kjærligheten, selv når jeg ikke føler den. Jeg tror på Gud, selv når han er taus.”
Vi er opptekne av å ha det godt. Her i den vestlege verda, har vi det kanskje så godt at vi ikkje har bruk for Gud? Eg synest iallfall det er påfallande å sjå kor mykje større tiltru til Gud ein kan møte i dei delane i verda der ein verkeleg har det vanskeleg. Javisst har vi det knalltøfft til tider vi også, men er det slik at vi har blitt lovde eit liv utan smerte? Så vidt eg veit har vi ikkje det, men Gud har sagt at han alltid vil være med oss.
Ein gong møtte eg ei dame som sa at “Gud leier oss ikkje rundt det vonde, men han tek oss med gjennom, på sine skuldre”. Det er sterke ord. Dei kan faktisk kjennest provoserandes ut til tider. Det er vanskeleg å forstå kvifor det isåfall skulle være slik, men er det eigentleg meininga at vi skal forstå? Kanskje er smerten i liva våre grunnlag for ein åndeleg vekst? Kanskje er det faktisk slik at alt som ikkje knekker oss, styrkjer oss? Kanskje er det slik at Gud vender alt det vonde til det gode?
Når det gjeld systra mi, så er eg ikkje lenger i tvil om at ho har det godt no. Viss ikkje, har Gud brote lovnadane sine, og kan då (slik eg ser det) ikkje være den han seier at han er. Men no når det som kanskje har vore den største smerta har lagt seg, trur eg at Gud har ved sin nåde teke henne til seg.

Etter å ha teke ei lang runde med alle desse spørsmåla og teoriane eg har vore innom, sit eg igrunnen ikkje att med så mange svar. Og eg trur ikkje det er meininga heller. Men eg sit att med ei tru på at Gud faktisk har kontrollen på liva våre. Eg brukar å seie at trua mi har vore gjennom ein kraftig slipeprosess. Alt eg sit att med er ei tru. Mine eigne svar held ikkje lenger mål. Ikkje dei andre sine heller.