Nesten eit år etter heimkomsten frå Mali, sette eg meg ned for å skrive eit lite oppsummerande stykke frå opphaldet mitt i Mali. Eg valte å løyse det på denne måten:
Eg går ut av leiligheita. Den gråmåla metalldøra bølgjer seg skjelvande mot dørstolpane, og skrapar lett mot betongplattingen. Hengslene knirkar. Vakta, min gode venn Luc, har ikkje kunne unngått å lagt merke til at eg har bevega meg ut i frå mitt vesle lune rede, og eit lite ”Whey?” kling gjennom den fuktige og varme lufta. Ordet han ropar, virkar som ei automatisk utsendt glose, som ein respons på ein lyd han har observert inne på gardsplassen.
Før eg når gardsplassen, må eg først kome meg gjennom ein hangar som er omgitt av ein stor myggnetting. Denne myggnettingen tjener til å halde borte dei utallige og blodtørste malariamyggane. Med sine to vengjer, glid myggen lydlaust gjennom lufta mot målet sitt; eit stykke hud som kan forsyne den med ein dråpe friskt blod. Er ein uheldig, har denne myggen tidlegare forsynt seg med blod frå eit individ som er smitta av den frytelege malariaparasitten. Malaria er ein sjukdom som får kroppen til å virke som eit brennande og opprørsk fengsel, der kroppen går inn i ein apatisk og uverksam tilstand i smerte.
I forgarden møter eg min smilande venn. Han er opprørt av glede. Nok ein gong, har han slått vår felles venn Harouna i eit slag Ludo. Dette primitive spelet fungerer som ein Paracet for sinnet, i ein kvardag der kvar dag er ein kamp for livets opphald. Eit slag Dam er heller ikkje å forakte.
I samme skur som agregatet, denne maskina som skal forsyne bygningane på gardstunet med straum når dei utallege straumbrota slår til, ligg vaktbuda. Der står mopeden min. Den er alltid tildekt av eit tynt støvlag. Eg tek mopeden ut på gardsplassen. Luc spør kvar eg har tenkt meg. Eg svarar at eg berre har tenkt meg ein liten tur for å sjå på livet i byen, for så å kome tilbake. Han forstår det ikkje heilt. Han undrar seg kanskje over kvifor eg tenkjer å berre leggje ut på ein liten tur, utan eit praktisk mål eller meining. Eg tenkjer at han kanskje tenkjer at eg kanskje har nokre lumske eller hemmelegheitsfulle planar.
Slike planar har eg ikkje. Eg vil berre ha meg ein liten tur ut for å sjå på livet. Dette underfulle livet som er stikk motsett frå det livet eg kjenner frå Noreg. Eg kjenner meg nermast som ein turist i eigen by.
Eg set meg på mopeden og spakar i gong motoren. Før eg legg i veg, gir eg Luc 250 francefa. For det skal han kjøpe te og sukker. Resten av pengane får eg att når eg kjem attende seier han, og då skal eg sjølvsagt få ta del i tedrikkinga også.
Luc opnar den store metallporten som leier ut mot gata eg bur i. Gata er ikkje asfaltert. Det er stort sett berre hovudvegane som er det, i tillegg til nokre små avstikkarar som gjerne ligg i dei litt meir velståande strøka. Som dei fleste andre gatene i byen, utgjer denne gata ein lang stripe med raudbrun sand. Dei store mengdene med vatn som ausa ned i regntida, har rampnert denne solbrente vegen, slik at den er full av holer og store dumpar. Det er fleire månadar sidan det regna her sist, men kven har vel råd til å reparere skadene, og kva skulle vel det tjene til? Dei fleste får til fots eller køyrer moped, og dei som har bil, lirkar seg mellom og smyg seg rundt dei mange hola i vegbana.
Mopeden set eg i førstegir og passerer porten som Luc let att med det samme. Men eg kjem ikkje langt. Like utanfor porten står ”Madame Banan”. Det er det eg kallar henne. Hastverk har eg ikkje, og skulle eg hatt dårleg tid, hadde eg nok måtta stoppa og helst på henne likevel. Om ikkje anna av rein høflegheit.
Denne kvinna sit utanfor porten heile dagane, heilt til det blir mørkt. Ho har eit lite bord med eit stort metallfat på. Fatet var kvitmåla og enkelt dekorert. Motivet har eg aldri sett skikkeleg, berre innslagsvis, for på fatet ligg det alltid eit utval av mango, guava, bananar eller kanskje til og med ananas. Kva som står på menyen, er gjerne avhengig av årstida, men stort sett er det sjans å få kjøpt banan.
I dag var det bananar å få, og og ikkje uventa kjem det frå henne eit spørjande ”Banan?”. Madame Banan snakkar ikkje fransk, så vi kommuniserer med kroppsspråket. Noko meir enn det trengs ikkje. Prisane kjenner eg til, og dersom det ligg bananar på brettet, er det ganske innlysande kva ho prøvar å selgje. Ein spør ikkje ein jarnvarehandlar etter ost. Med ei innøvd armrørsle, viser eg at eg vil kjøpe nokre bananar av henne når eg kjem attende. Ikkje no. Ho nølar litt, for det har begynt å bli mørkt, men smilar og viser eit teikn som truleg betyr at eg kan kjøpe bananar i morgon i staden. At ho kjem til å site der i morgon, veit eg. Kva anna skulle ho vel finne på? Kvar ellers skulle ho sitje?
Eg vrir på gassen på mopeden så turtalet aukar. Det er på tide å fortsette. Mørket sig ikkje på her. Det kjem nærmast som eit smell. Eg tek farvel med Luc og Madame Banan og køyrer avgårde.
Innslagsvis køyrer eg over flekkar med laus og finkorna sand. Mopeden blir litt vinglete, men eg har full kontroll. For å få litt spenning, vrir eg litt ekstra på gassen, så eg får litt betre flyt. I den vesle runde spegelen, ser eg at Madame Banan pakkar saman sakene sine, før ho blir skjult av støvskya bak meg.
Plutseleg er eg framme ved hovudvegen. Den ligg ikkje langt unna staden eg bur. Vegen er asfaltert og langs vegen er det til og med orange gatelys. Eg stoppar for eit esel. Eselet trekk ei enkel vogn med nokre menneske på. Ei kvinne viftar eit stykke tøy framføre andletet hennar. Eg veit ikkje om ho gjer det for å få bort myggen eller for å skape eit lite svalande vindpust for å dempe varmen som snart vil roe seg.
Vogna er ikkje opplyst, og så snart eselet forlet byen, vil det entre eit stummande mørke og bli ei trafikkfelle. På underfullt vis, går det som regel bra. Sjåførane av meir moderne køyretøy, iallfall etter afrikansk standard, er oppmerksame i minste detalj når dei køyrer i mørket. Dei veit at når dagen er omme, kryr det av slike eselkjerrer langs vegane. Folk skal heim etter ein dag i byen. Etter å ha fulgt vegen eit stykke, vil kanskje denne eselkjerra endre retning og ta inn på ein sideveg, gjerne beståande av to hjulspor som er slipt inn i det harde sanddekket. Korleis dei klarer å halde seg til dette sporet og etter litt kjem seg heim, er for meg ei gåte.
Eg køyrer inn på vegen og set opp farta. Å bruke fart på ein slik veg kan virke risikabelt, for gata kryr av esel, geiter og mennesker som kryssar gata. Bilar og bussar kjem køyrande i ei uansvarleg fart i begge retningar. Mange av køyretøya har berre eit lys som virkar, eller kanskje ikkje lys i det heile. Å køyre agressivt er farleg, men under eit slikt omstende som dette, kan det være like farleg å køyre passivt. Det gjeld å få ein god flyt.
På mi venstre side, dukkar det frekvent opp murhus med små butikkar i underetasja. Dei som driv desse butikkane, er gjerne av det meir velståande slaget, for i butikken har dei fått installert elektrisk belysning. Det er gjerne berre snakk om eit par lysrør, men dei avgir mykje betre lys enn eit par oljelampar. Butikklokala er gjerne ikkje større enn ti kvadratmeter, men ein har likevel fått stua inn eit stort utval av varer. Varene det er snakk om, kjem oftast frå kina eller andre land som kan produsere varer til mystisk låge prisar. Ein kan kansje klare å finne like låg kvalitet på varene i ei norsk lågpriskjede, men eg trur likevel at elendig kvalitet i norske auger overgår den gjennomsnittlege kvaliteten på daglegvarene vi finn i Mali. Merkevarer kan dukke opp innslagsvis, men stort sett må ein reise til hovudstaden for å finne slikt. Hovudstaden Bamako ligg 600 kilometer frå Sévaré.
På andre sida av vegen ligg det eit par bensinstasjonar. Forrige veke hadde ingen av desse nok bensin å avsjå til mopeden min. Eg skulle ha knappe fem liter. Ein finn ytterlegare to bensinstasjonar til i byen, men heller ikkje der kan ein være sikker på å få bensin. Skulle ein hamne i ein slik situasjon, er ein langvegafarande dømt til å opphalde seg i byen til det kjem ein tankbil. Heldigvis skjer dette svært sjeldant. For meg som køyrer moped, kan eg ty til ein av dei mange selgjarane langs vegane som sel bensin på flasker. Nokre har funne ut at ein kan gjere seg forretning av å fylle drivstoff på tomme glasflasker og selgje dei til omtrent samme pris som på bensinstasjonane.
Eg har god flyt på mopeden min. Lufta er varm, og det blafrar i t-skjorta og håret mitt. Augeloka mine trekk seg saman som eit stempel i ein bilmotor for å beskytte seg mot alt støvet og alle insekta som kjem flygande mot ansiktet mitt. Å bevege seg inn på ei trafikkert og folkerik afrikansk gate, kjennst ut som i gå inn på eit kaotisk og opprørsk minefelt, men i tillegg skal ein kjempe mot dette regnet av små partiklar som kjem flygande gjennom lufta som eit kometregn.
No passerer eg apoteket. Eit av dei mange. Å drive apotek kan virke å være god bedrift i denne delen av verden. I Afrika kan ein heller ikkje på medisinfronten kjenne seg heilt trygg på kva som er god vare. Store farmasiselskap med patentar set opp prisane på produkta sine, noko som mellom anna fører til at mindre aktørar prøvar seg på å kome seg inn på billegmarknaden. Dei fleste veit nok kva dei driv med, men ikkje alle. Legane i området skriv ut reseptar som kan likne på ei handleliste for ei frognerfrue med kjøpemani. Stadig vekk får eg besøk frå ein eller annan som vil ha pengar til medisinar. Svaret vedkomande får av meg, er avhengig av kva relasjon eg har til dette mennesket, eller omfanget til sjukdomen, eller lengda på resepten. Eg har alltid råd til medisin, men kva tid er det riktig å gi?
Demba, ein av dei mange teppeseljarane, vinkar til meg. Han vinkar ikkje for å berre helse. Han vil meg noko og gjer teikn om at eg må stoppe. Eg svingar av vegen, og stoppar. Ikkje uventa, lurer han på om eg vil kjøpe noko av han, for no har han ikkje fått selt noko på lenge, og er derfor pengelens. Demba er ein mann som etter forholda står seg fint, men sjølv han får vanskar med økonomien i perioder. Han viser fram nokre av dei fargerike teppa, brevopnarane og oppbevaringsøskjene med skinnomslag, smykker og diverse andre ting. Prisen kan vi sjølvsagt diskutere. Eg er ikkje så interessert i å kjøpe denne gongen, for eg får ei kjensle av at nøda ikkje er så reell som han gir uttrykk for, og foreslår at vi heller kan spise kveldsmat saman om han ikkje får nok til kveldsmaten sin. Han smiler og seier at eg er litt av ein type.
Etter å ha snakka litt saman, tek vi farvel, og eg fører mopeden igjen ut på gata som mest kan minne om ei angrepa maurtue. Ei drosje tutar. Den tutar ikkje som ein reaksjon på hinsides køyring frå mi side, men som eit høfleg varsku om at den kjem smygande bak meg og ønskjer å kome forbi. Eg likar det best på denne måten, og kjenner det er litt synd vi ikkje tutar meir i Noreg. Men vårt overorganiserte trafikkbilete i Noreg, med få moglegheiter for improvisasjon, gjer tutinga overflødig.
Så er eg framme ved rundkøyringa. Det vil seie at alt tyder på at dette er ei rundkøyring, men akkurat her gjeld reglane for eit vanleg vegkryss. Like ved dette vegkrysset står to totalvrak av nokre firhjulstrekkarar. Kanskje gjekk det gale på grunn av at ein av sjåførane ikkje kjente til kva som var vanleg praksis for det trafikale mønsteret i dette vegkrysset. Men bilvraka vitnar også om at dei har brukt høg fart. Det er vanleg for store køyretøy.
Politiet er godt synleg i byen. Ved nokre av vegkryssa, står det politipostar, ofte bemanna av uniformerte politimenn. Som regel ser det ut til at dei tek deg med ro, og er meir opptekne av å prate, men med ein gong noko skil seg ut frå det normale biletet, er konsentrasjonen skjerpa og dei skuar vegkrysset med falkeblikk. Eg som ein kvit og smålubben mann på ein liten moped, er noko av det som får dei til å sperre opp augene. I deira auge, er eg ein pengebinge, ei skyteskive for korrupsjonens piler. Dei overvakar meg i minste detalj, for å finne ein feil dei kan gi meg bot for. Eg brukar ikkje hjelm, sjølv om det er påbode i Mali. Det finns mange lover ein skal halde seg til her, men svært få som blir handheva. Berre ei lita promille av dagens mopedistar i Mali brukar hjelm, for ingen har råd til slik luksus. Derfor brukar heller ikkje politiet å handheve dene lova. Dessutan er hjelmane ein brukar her til lands av så dårleg kvalitet, at når uhellet er ute, kan hjelmane gjere vondt verre. Heller ikkje denne gongen fekk dei teke meg på noko.
Mørket har slått til for fullt. Alle menneska som har samla seg i byen for å prøve å tjene seg nokre kroner til livets opphald, er i rørsle. Mange av dei har, etter ein lang og slitsam dag, gitt opp håpet om å vende heim med ein liten økonomisk profitt. Andre er nøgde med dagens resultat av slitet.
Uansett kva utfall dagen på marknaden har hatt, er no restane av folket på veg heim. Esel med kjerrer, menn på mopear, slarkete bilar, fullstappa bilar og kvinner med barn på ryggen og krukker og fat på hovudet, kjem på kryss og tvers frå alle mulige vinklar. Lufta er full av lydar frå alle desse menneska som forflyttar seg med eller utan ein eller annan falleferdig farkost. Eg oppheld meg i ei kokande gryte av menneske.
Frå mopeden min, legg eg spesielt merke til ei kvinne i vegkanten. Ho står nærmast i ein stilling som liknar ein skihoppar på veg ned unnarennet. Eit lite barn ligg på ryggen hennar, i ei stilling som får det til å sjå ut som ungen har kome deisande frå himmelen og truffe henne. Kvinna sleng eit tøyklede rundt barnet, og strammar litt til, før ho ristar litt på kroppen til barnet ligg godt på plass. Ho knyt så kledet saman framme og rettar seg opp. Eg tenkjer at eg håpar knuten held, men korrigerar tanken med at dette har ho gjort mange gongar før. Rundt om i heile byen finn vi kvinner med barn som er festa på ryggen på denne måten. Det blir sagt at det er godt for barnet å bli festa denne måten, og meir praktisk for kvinna. Plutseleg begynner eg å lure på kvifor i alle dagar vi gidd å bruke bæremeis i Noreg.
Plutseleg slår det meg. No er te’en snart klar. Eg tek inn på gata som leier tilbake til leiligheita. Framom meg ser eg nokre lysstrålar i rørsle. Det er mopedlys som leikar seg i den støvete lufta. Lyden av det ujamne turtalet til mopeden som korrigerer farta etter den dårlege vegstandarden er som ei behageleg summing. Når eg kjem tilbake, ser eg Luc stå klar i porten med fatet med den maliske te’en på. Eg tenkjer at livet verkeleg godt. Det som gledar meg meir, er at det ser ut som Luc tenkjer det samme.
André Sæter,
Fosnavåg, 18.05.2008.

Velkommen til André Sæter's Websider!
Håpar du finn noko interessant. 




