01.04.2007:
Ghana er grønt. Etter å ha budd ei stund litt sør for Sahara, har fargen grøn blitt ei fryd for auget. Å bevege seg inn i områder med tropeskog, var som å kome inn i eit lite paradis. Biologien vi har i ein norsk blandingsskog med furuer, eik, bjørk og andre treslag, oppfører seg disiplinert og ryddig i forhold til ein tropeskog. Ein tropeskog er ei ulmande masse av grønt, der biologien går løpsk. Det kan virke som berre slangar og maskinelle monster med store skarpe knivar av metall kan ta seg gjennom eit slikt landskap. Men der bur det altså folk. Etter fleire timar køyring med den kvite Hiluxen, nådde vi til slutt fram til ein liten fiskarlandsby som heiter Dixcove. Mellom dei små murhusa som var kledde i diverse pirrande pastellfargar, kunne vi skimte havet som låg megtig og yppa seg mot Ghana si kystlinje. Jubelen stod i biltaket. Men helande holdt seg på gasspedalen, for vi kunne knapt vente lengre med å leggje dei varme lekamane våre i det blaute havet. Den raude grusen knitra ivrig under dei varme og usympatiske bildekka, og Hiluxen jobba villeg for å få oss fram i det Afrikanske terrenget. Ein slik bil høyrer heime i Afrika. Så var vi framme med gjestehuset som heiter Green Turtle Lodge. Ivrige gjekk vi mellom palmene mot havet. Berre havet låg framføre oss. I horisonten prøvde lyseblått å blande seg med mørkeblått. Under beina våre var det berre finkorna og kvit sand. Denne sanden strekte seg i ein gylden, slakk boge mot høgre og mot venstre. Ein liten frisk bris pusta oss i ansiktet, som om den ville flykte ubemerka frå det mektige havet. Det einaste som skilte dette frå paradis, var mangelen på ein livsledsagar. Men den tid får kome når den skal. No var det viktigste å få bløyte lekamen i det salte vatnet. Etter å ha svala ned kroppen i havet, fekk eg ei flott oppleving. Palmeblada som rasla yndig av vindens forsiktige flukt mot land, minna meg om at det i dag var palmesøndag. For vél to tusen år sidan reid Jesus inn i Jerusalem, omkransa av menneske som vifta med palmeblad og ropte Hosianna. Han kom for å gi det fullkomne livet sitt for deg og meg. Denne kvelden kunne eg ikkje gjere anna enn å takke Gud for alt han har gjort for oss.



02.04.2007:
I dag rusla kollegiet på fem bortover den kvite stranda, mot ein liten landsby som heiter Akwidee. Det var ei heilt spesiell atmosfære i den landsbyen. Blandt folket kunne eg ense mange ulike stemningar, men ikkje anna enn godleik strøymde ut frå dette folket. Landsbyen var som dei fleste andre landsbyar fattig og falleferdig, men strålte likevel av ein rikdom som ikkje kan målast på ein materiell skala. Landsbyen vart delt av i elv og bunden saman av ei smal trebru. Dei solsvidde barneansikta med store kvite auge stirra på oss. Dei minste var forsiktige, men rette fram hendene sine for å helse. Dei litt eldre barna sa litt gebrokkent “My friend” og “What’s your name?”. Eg kunne ikkje anna enn å ofre ein tanke til evigheita, der vi forhåpentleg skal møte desse barna igjen – utan snev av materiell skilnad. Etter ein liten visitt innom denne landsbyen, trekte vi oss tilbake til vår beskytta og uproblematiske atmosfære på ved gjestehuset, nokre få hundre meter unna landsbyen. Vi bada, spelte kubbespel, kasta frisbee, las bok og slappa av, utan snev av stress. Slik gjekk denne dagen.



03.04.2007:
Klokka seks måtte vi bryte med søvnen og gå ut frå hammocken vi budde i, til fordel for ei utflukt med ein kano som var laga av ei uthola trestamme. Med denne kanoen tok vi oss fram gjennom ein kanal som slynga seg mellom utallege tre som tilhøyrer mangotrefamilien. Desse trea stig opp frå vatnet, men røtene kjem ovanfrå og strekkjer seg tørste ned mot vatnet. Lufta var sval og fuktig. Stillheita vart berre brutt av summinga frå oss i kanoen og ein og annan fugl som hasta forbi. Av og til kunne vi sjå små sommarfuglar som med stumme vingeslag tok seg ubestemt fram mellom trea. Dei såg ikkje ut til å ha noko ærend. Små krabbar i svart, gul eller raud uniform, klartra stillferdig på dei tynne trestammene. Ein times tid seinare, var turen over, og vi laffa sakte tilbake til gjestehuset vi budde på. Den kvite sanden frå stranda vi spaserte på, rasla forsiktig under dei tynne slippersane våre. Då vi kom tilbake, låg resten av den lange dagen framføre oss utan noko krav. Resten av dagen tilbrakte vi på stranda. Der fordreiv vi tida med kubbespel, frisbee, bading eller ei god bok.


04.04.2007:
Nok ein dag stod vi tidleg opp. I dag var det ein lang spasertur som stod for tur. Fottøyet mitt bestod av dei blå slitte slippersane til pappa, som eg har lagt beslag på og snart slitt ut etter åtte månadar i varmare strøk. Målet med turen var å ta seg fram til Ghanas sørlegaste punkt, som heiter Three Point View. Det ligg mellom 12 og 14 kilometer frå staden vi bur på. Undervegs, møtte vi på mange smilande mennesker, og nokre av desse spanderte mango og andre frukter, utan hint frå dei solsteikte skandinaviarane om at dette var heilt på sin plass. Vi kom etterkvart fram til den siste landsbyen før utsiktspunktet vi skulle til. Der fekk vi ei ung kvinne til å føre oss fram til fem flasker med kald drikke, noko som må seiast å være påtrengt for min del sidan eg berre hadde teke med ein liter vatn, i tru på at turen ikkje var lengre enn ei lita utflukt. Etter å ha “fylt” magane, gjekk vi målretta mot målet for turen. Vi kom omsider fram, og på det vesle bølgjeherja neset, stod det eit fyrtårn som stolt strakte seg mot himmelen. Ein ung mann med anleggshjelm kom oss i møte, og konstaterte stolt at det var han som var sjef på plassen, sidan dei to andre som jobba der var på ferie. Av han fekk vi litt informasjon om kvar som var nord og sør, noko som må seiast å vere informasjon som ein molbu for lengst ville vore innforstått med. Sigurd og eg nytta så sjansen til å klatre litt på dei nakne berga som stakk opp frå havet. Etter litt klatring, sette eg meg ned og slo av ein kjapp prat med ei lokal jente som sat og såg på nokre bilete. Ho viste meg desse bileta, som stille fortalte ein liten del om livet ho levde. Så sa ho litt gebrokkent “You’re nice – will you marry me?”, og dei raude lampane i hovudet mitt blinka sterkare enn aldri før. Eg prøvde å ro meg ut av situasjonen ved å svare tilbake: “Do I look like a chinese? My friends tell me so”. Så gjekk eg opp i fyrtårnet. Fin utsikt, sjølv om vi stort sett berre såg himmel og hav. På vegen tilbake, stakk vi igjen innom den nærliggjande landsbyen, og vi fekk (gjennom den samme unge kvinna som i stad) bestilt ei ny ladning med kald brus. Då det igjen vart spørsmål om giftarmål og utveklsing av adresser, begynte dei raude lampane å blinke igjen. Dette er tredje gong på samme dag, så om eg ein gong blir femti år og desperat, veit eg kvar eg skal reise. Nei, eg får klamre meg til håpet om ei søt og gladkristen kvinne som syng i kor! Elles må eg erkjenne ei lita synd. Sidan eg gjekk tom for vatn halvvegs på denne fotturen i den varme solsteiken, måtte eg ty til litt mango-slang saman med Sigurd. Vi leitte desperat etter mango, men måtte dessverre ta til takke med nokre syrlege og umodne mangoar. Mot slutten av turen var eg så tørst at eg nesten såg mørkt på det heile, men så kom vi til ein stad der dei laga kokos-vin. Mennene som laga vinen spurte om vi ville prøve ein liten slurk, og eg kunne ikkje takke nei. Og vinen var absolutt av det bedre slaget. I den siste landsbyen kjøpte eg to brus og slukte dei raskare enn lynet. Eit kvarter seinare kom vi tilbake til gjestehuset, og med ei pause på eit minutt, styrta eg 1,5 liter vatn. Resten av dagen gjekk med å fylle opp den halvt dehydrerte kroppen min med vatn, bade, lese bok og slappe av.

05.04.2007:
Sidan gjestehuset vi budde på var fullt frå i dag av, måtte vi i dag setje kursen vidare. Først stakk vi innom den vesle fiskarlandsbyen ved havet som heiter Dixcove. Der gjekk vi opp til ei festning som stammar frå kolonitida og studerte den litt. Frå den hadde vi også god utsikt ut over den spesielle og vakre landsbyen. Vi køyrte så mot ein by som heiter Cape Coast. Eit lite stykke før vi nådde fram dit, tok vi inn på eit tysk-eigd gjestehuskonsept som likna ein smule på den forrige staden vi budde på. Vi slappa av og kosa oss. Litt seinare på kvelden fekk vi nyss på at det hadde vore eit innbrot på naboromet. Vi sjekka kjappt vårt eige, men fann alt i sin skjønnaste orden. Så kom tida det var på tide å leggje seg, og eg begynte å leite etter iPoden min for å få ei fin avslutning på dagen med musikk på øret. Men den var borte. Tjuvane som hadde vore innom naboromet, hadde visst også funne det greit å ta vårt rom i samme slengen. Så no er eg ein iPod fattigare. Men vi var i grunnen heldige, for meir kunne ha forsvunne om dei hadde teke seg betre tid, men det var sikkert noko som hadde stressa dei. Dessverre fekk dei med seg kameraet til Sigurd også, og det var det verste, for der var det ein del gode bilder som er knytta gode minner til. Sidan Sigurd står bak mange av bileta på bildesidene mine, vil derfor bildesidene for mars og april bli litt spinklare enn vanleg. Hadde dei berre teke mitt elendige FujiFilm-kamera i staden!



06.04.2007:
Langs den afrikanske kysten finn vi mykje historie. I dag var det Cape Coast som stod på vår besøksliste. Der finn vi eit godt bevart slavefort. Det var eit sterkt inntrykk å være inne i dei samme roma som så mange tappre sjeler med triste skjebner har blitt stappa inn i og behandla som dyr. Den vestlege verda har mange historiske flekkar som er svarte som natta. Eg har tidlegare vore å sett konsentrasjonsleirane som var i bruk under andre verdenskrig. Besøket i dag gjorde eit like sterkt inntrykk på meg. Eg kan ikkje forstå at menneske kan fornedre vår eiga mennesklege rase på denne måten, og behandle kvarandre som dyr. Kvifor har slikt blitt gjort, og kvifor skjer liknande vondskap i andre former til og med i dag? Eg trur eg har svaret, men eg trur ikkje alle er mottakeleg for det. Besøket i dag har iallfall vitna om ei lidingshistorie som er så vond at eg ikkje forstår den. Likevel så finns det ingen som har trakka på dette fortet som har opplevd den samme lidinga som Jesus tok på seg for 2000 år sidan – for våre synder. Det er i dag langfredag. Etter besøket på slavefortet, for Sigurd og eg avstad for å kjøpe nokre slippersar. Eg hadde lagt att mine på hotellet, og gjekk derfor rundt berrføtt på glovarm asfalt, noko eg aldri kjem til å gjere igjen. For å seie det slik, ville termometeret mitt som tåler 50 grader, sprukke eller smelta for lenge sidan om eg hadde lagt det på asfalten. Slippersar fann vi. Så køyrte vi til ei av kyrkjene i byen, der det skulle kome eit tog av mennesker for å feire at Jesus gav sitt liv for alle menneske på denne dagen for to ganger tusen år sidan. Menneskemassa kom. Syngande, spelande, sprudlande, fulle av liv og fylte av glede kom dei oppover plassen. Det vart nok eit sterkt øyeblikk for meg. Det slo meg at alle desse menneska og mange fleire skal ein dag samlast til ein enda større fest i himmelen. Tårene mine var i augekroken, men eg turte ikkje å sleppe dei lengre enn dit. Vi stakk så tilbake til plassen vi bur på, via nok eit slavefort som ligg på ein plass som heiter Elmina. Resten av dagen nytte vi på samme måten som ein ekte turist ville gjort.


07.04.2007:
I dag sette Sigurd og eg kursen mot politistasjonen i området for å melde frå om innbrotet på romet vårt. Der venta vi ei god stund. Medan vi venta, såg vi på ein gjeng med gutar som prøvde å plukke mango frå treet utanfor politi-stasjonen, noko som ikkje gjekk heilt uproblematisk føre seg. Politiattesten vart etterkvart ferdig, og vi køyrte avgårde for å få i oss litt mat. Så bar det tilbake til plassen vi bur på for å bade og kaste frisbee. Elles brente vi tida på å lese og slappa av som vi elles har gjort ein del av i det siste. På kvelden var det bålbrenning på stranda, for å feire at det var påskeafta i dag. Eg slo så av ein prat med nokre nederlenderar som jobbar for ein eller annan snål organisasjon i området, før eg tok kvelden etter nok ein dag med mange inntrykk.
08.04.2007:
Påskedagen i dag disponerte vi stort sett i bilen, på veg til ein by som heiter Tamale. Heimreisa har med andre ord begynt i dag. Vi stakk innom ein restaurant på vegen. Der fekk vi servert god kylling som – i motsetning til mange andre stadar – ikkje var proppa med bein og framandlegemer. Sjølve spisesalen vi sat i, var kjølt ned til circa 25 grader, så det var temmeleg kaldt. Lykke til på påskefjellet seier eg berre. Elles vil eg få gratulere min kjære bror med dagen i dag!
09.04.2007:
I dag køyrte vi vidare frå Tamale til “byen på to hjul” som heiter Ouagadougou. Her innlosjerte vi oss på nytt i gjestehuset til SIL. Vi for så avstad for å gjere meir eller mindre nødvendige innkjøp til siste rest av opphaldet i Mali. Det er ikkje alt som er like lett å få kjøpt i Sévaré og omegn, så derfor må vi handle inn litt ekstra når vi befinn oss i litt større byar som har innslag av vestlege butikkar. Etter denne handlerunda, tok vi turen innom den koselege restauranten som mellom anna kan by på pizza som er steikt i steinovn. Eg veit ikkje kor bra det er at då eg skulle bestille ei cola, så begynte kelnerer å le litt forsiktig. Han kjente igjen eittåringen som drakk tre cola sist han var innom. Eg enda opp med tre cola denne gongen også. Turen gjekk så tilbake til gjestehuset, der vi skulle kvile kroppane fram til neste reiseetappe står for tur. I morgon går turen til min midlertidige heimby – Sévaré.
10.04.2007:
Turen gjekk i dag til Sévaré. Eit stykke av denne vegen er grusveg med innslag av holer i vegen og vaskebrett. Eg har fått sansen for å segle avgårde på slike vegar med god flyt, med ei stod støvsky som virvlar opprørsk opp bak bilen. Då eg kom heim til leiligheita mi, pakka eg ut dei fuktige og salte kleda i bagasjen og slappa av eit øyeblikk med å lese litt. Til min store skrekk, oppdaga eg at alt godteriet eg hadde sett fram til å spise, hadde smelta på vegen. Sidan tok eg turen til “Emils” for å fylle på bruskassa mi. Med ein smule skam og litt stoltheit kan eg konstatere at dette er kasse nummer 29 i løpet av opphaldet i Mali. På kvelden var det duka for filmkveld hjå ekteparet Ryen. Eg fekk også den glede å helse på den nye halvtåringen i byen som heiter Emma, ei hyggeleg jente frå England.



11.04.2007:
Sjølv om det er onsdag, så var det i dag duka for barnehage. Ei av misjonærfamiliene skal snart reise heim, så då var det ønskjeleg å få til litt ekstra barnehage denne veka for å få frigjort litt tid til nødvendige gjeremål. Eg har ikkje akkurat slite meg ut dei siste dagane, så dette vart sjølvsagt motteke med glede frå mi side. Vi hadde ein fantastisk dag i barnehagen i dag, der vi mellom anna laga gelé. Etter barnehagen, tok eg nok ein gong turen til ekteparet Ryen. Der åt vi i kjent stil middag saman, slo av ein aldri så liten teologisk prat, etterfulgt av trommekurs med vår gode venn Seydou. På kvelden var det bønnemøte hjå familien Bøe. Då bønnemøtet var over, var også dagen over for min del, så eg vendte nasa heim, og la meg til å sove på taket til det nye studiobygget som vanleg.
12.04.2007:
Nok ein dag med ein fin dag i barnehagen! Denne veka har eg som mål å gjere ekstra mykje gøy i barnehagen, sidan det ikkje er lenge att før to av barna skal reise heim til Noreg. Så vi satsar altså på litt ekrsta frisk barnehage for tida. Etter barnehagen sette eg meg til å lese bok. Igjen. Eg har verkeleg blitt bitt av basillen, så no håpar eg berre at eg klarer å halde koken. Då klokka nærma seg fem, var tida inne for å gå bort til skulen for å stelle i stand litt aktivitet for barna. I dag var det tarzantikken og kanonball som stod for tur, noko som stort sett blir motteke med opne armar. Etter klubben, brukte eg resten av kvelden på å sende inn søknad på studium for det komande skuleåret, sjekke mailen og sjekke nyheitene. Det gjorde meg ikkje godt synet av førsteoppslaget på den lokale nettavisa. Eit offshorefarty med femten personar ombord hadde kantra utanfor Shetland. Dei reknar med at opptil åtte personar kan være omkomne, og fleire av dei er truleg frå mi kjære heimbygd. Mine tankar går derfor i kveld til dei pårørande.
13.04.2007:
Også i dag hadde vi ekstra barnehage i Sévaré, og også i dag hadde vi ein triveleg dag saman. I dag teikna vi mellom anna Noregs-kart og blåste opp x-antall ballongar som eg hadde skrive bokstavar på. Dette gjorde eg i håp om å lære bort nokre bokstavar på ein lystbetont måte. Eg trur faktisk det virka. Litt seinare på dagen var eg med nokre av misjonærbarne på eit flott taekwondo-show. Kvelden leid på, og resten av kvelden brukte eg til å slå av ein god prat med familia igjen på Skype. For min del, vart ikkje fredag den 13. så verst denne gongen heller.

14.04.2007:
Klokka 10:00 i dag våkna eg i solsteiken på taket av radiostudioet. Det er der eg søv for tida, inne i eit myggtelt. Då eg våkna, var det 36 varmegrader i skyggen, så det var litt varmare i solsteiken for å seie det slik. Etter å ha teke morgondusjen, gjekk eg ut på gata og slo av ein lang og god prat med min venn Harouna og to av vennane hans under eit tre. Etter ein lang prat, var tida inne for å få seg ein god frukost. Det vart så ei lita lesestund, ein godprat med Gindou som er vakt her på senteret før ein kjekk kar eg har blitt kjent med den siste tida dukka opp. Han ville gi meg et bilete frå den dagen vi var på dans på den lokale skulen sin årlege fest. Seinare på kvelden vart det nok ein filmkveld, der vi samla saman fleire venner, store og små. Det vart også litt tid til å leike med den vesle foreldrelause guten som familia til den nye vennen min har adoptert. Så returnerte vi tilbake der vi kom i frå. Nok ein innhaldsrik og flott dag.
15.04.2007:
Søndagen i dag starta med fulanigudsteneste i radiostudioet. Det var som alltid triveleg å være tilstades. Elles fekk eg også dag melding om eit nytt dødsfall. Denne gongen var det ein av vaktmennene til MELM. Døden er ein del av livet, men her i Afrika er det også ein del av kvardagen. Ettermiddagen på denne kviledagen nytta eg til å avslutte ei bok (Steingrunnen) og begynne på ei ny (Ibenholt). Elles vart det nok eit skippertak med skriving av internettdagboka mi.
16.04.2007:
Dagen i dag var den siste der alle barna i barnehagen var samla. I morgon reiser nemleg ei av misjonærfamiliene heim. Barnehagen i Sévaré har derfor krympa frå fem til tre barn denne dagen. Om vél ei veke krympar den ytterlegare, så eg endar då opp med to barn. Det begynner å gå opp for meg at det ikkje er så alt for lenge att før eg skal heim til kalde Noreg. No når eg verkeleg begynner å bli varm i trøya og greier. Som ein del av omstillingsprosessen, laga eg i dag ein god porsjon fiskesuppe til middag, men likevel kunne eg ikkje unnvære ein mango til dessert. Ettermiddagen brukte eg til å jobbe med heimesidene mine, ta farvel med misjonærfamilia som skal reise i morgon, og prate med min gode venn Luc.
17.04.2007:
Barnehagen i Sévaré har no blitt to sprudlande barn fattigare, så dagen i dag vart litt utanom det vanlege. Barna som i dag reiste heim til Noreg, stakk innom skulen for å seie farvel til resten av gjengen før dei reiste, noko som vart eit rørande øyeblikk. Likevel hadde vi ein fin dag i barnehagen. Mellom anna leika vi blindebukk, spelte bildelotto, bygde lego og las bøker. Etter barnehagen, vart det tradisjonen tru middagsbesøk av Jostein og Randi. Hushjelpa mi diska i dag opp med grillspyd og pommes frites, noko ein berre ikkje takkar nei til. Då besøkstida var over, var tida for min del inne for å fortsetje dagens gjeremål. Dette arbeidet bestod av bokregistrering. Eg har nokre hundre bøker til som bør registrerast før eg reiser. På kvelden vart det igjen framsyning av kortfilm heim hjå Ryen.
18.04.2007:
Dagen i dag tok til med biblioteksarbeid. Heile misjonsbiblioteket skal setjast i system, slik at det blir lettare for misjonærane og dei andre ansatte å finne fram nødvendig litteratur til arbeidet. Til slikt arbeid er det fint å ha ein eittåring. Etter nokre timar med sortering, stabling og systematisering, var tida inne for å avslutte. Min gode venn Seydou og eg heiv oss på mopeden og køyrte avgårde til Ryen. Der låg forholda til rette for middag og trommekurs. Ein kan ikkje kome heim etter eit år i Afrika utan å ha lært å spele litt på djembe. Eller Afrikatromme om du vil. Kurset gjekk iallfall livleg føre seg, og vi hadde ei triveleg stund saman. Kvelden tilbrakte eg i “Buret” med ei god bok. Ein fin dag.
19.04.2007:
Etter ein aktiv og triveleg dag i barnehagen, var kroppen meir interessert i kvile enn å fortsetje arbeidet i den varme lufta. Temperaturen ligg rundt førti grader på dagtid for tida, så aktivitetsnivået bør justerast deretter. Det vart difor ein aldri så liten middagslur på meg i dag. Kroppen trengte i og for seg nok energi til å fordøye den gode maten som hushjelpa mi hadde laga til. Seinare på dagen vart det klubb, altså ein times aktivitet for barna. Dette var truleg den siste av sitt slag dette året, sidan nok ei familie reiser heim den komande veka. På programmet i dag stod det stiv-heks, volleyball og kanonball, så det vart ei fin avslutning på årets klubb. På kvelden vart det litt arbeid på biblioteket igjen, før eg slo av ein prat med vakta som tradisjonen tru diska opp med te.
21.04.2007:
I dag slo eg frå meg planane om å reise på villelefantsafari, til fordel for ein tur på elva saman med to lokale venner. Sjølv om den førstnemnte aktiviteten på mange måtar lokka mest, syntest eg det var greit å halde ein gamal avtale og pleie det sosiale nettverket med dei lokale. Det har også vore såpass mykje reising i det siste at det er greit å slå seg litt til ro. Vi hadde iallfall ein flott tur, der vi duppa på elva med den smale båten med overbygg. Vi gjekk på land ved eit båtbyggeri og såg litt på korleis dei dyktige afrikanarane sette båtane av breie treplankar. Alt blir gjort for hand, nesten slik vi kjenner det gjennom gamle norske båtbyggjetradisjonar. I tillegg gjekk vi på land ved ein nomadelandsby som ligg på ei lita øy ut på elva. Når regntida har fått herja litt, er det området denne landsbyen ligg på oversvømt med vatn. Vi tok oss god tid i landsbyen og slo av ein prat med nokre av dei som budde der. Etter båtturen returnerte vi til Sévaré. Der brukte eg fridagen til å slappe godt av, anten med ei bok, med ein prat over ein kopp te, eller i lett arbeid ved datamaskina.
22.04.2007:
I dag låg eg ei lita stund inne i myggteltet mitt og døste etter eg vakna. Eg vart liggjande å berre lytte til alle lydane frå livet i byen som sovidt begynte å skyte fart. På kvelden skreiv eg ein artikkel om dette som du kan lese. Etter å ha stått opp, tatt ein dusj og fått i meg litt mat, gjekk eg til gudsteneste. Det var ei triveles stund, der det vart sett ekstra fokus på kristent samhald. Nesten resten av dagen gjekk med til å sjå etter ulike hybelmoglegheiter til hausten, skrive litt på facebook, slå av pratar med lokale vennar, spise meg mett på fersk mango og så vidare. Søndagen gjekk med andre ord unna utan dei store eventyra.
24.04.2007:
Barnehagen “Siste Utveg” tok i dag avskjed med eit barn til, så frå og med neste veke blir vi berre to barn att. Det trur eg kan bli litt rart. Etter dagen i barnehagen, var det tradisjonen tru duka for middag for Jostein og Randi heime hjå meg. På ettermiddagen vart det litt lett rydding og organisering i leiligheita mi, for litt før mørket senka seg over byen, kom Sigurd på besøk. Han skal være her til fredag eller søndag, så det kan bli triveleg.
25.04.2007:
Onsdagane har det begynt å bli rutine over. Denne dagen startar med ein dusj, etterfulgt av bokregistrering så fillene fyker. Etter å ha registrert bøker ei god stund, vart det fellesmiddag med Ryen igjen. De som les denne dagboka, kan nok få eit inntrykk av at eg held mykje lag med Jostein og Randi, og det er riktig observert. Vi har hatt mange flotte stunder saman dette året!
26.04.2007:
Sidan Douentza-staben er i Sévaré, fusjonerte barnehagane “Siste Utveg” og “Absolutt Siste Utveg” for ein dag. Vi vart med andre ord fire barn til saman. Denne dagen skjedde det mykje spennande. Mellom anna spelte skulen inn ei plate i studio i dag. Då skuledagen var over og eg og Sigurd hadde samla litt krefter, fekk vi ein idé. Utanfor leiligheita mi står det for tida ei geit. Eg anar ikkje kven som eig den eller kvifor den har hamna der, men det slo oss at den kanskje var klar for ein aldri så liten luftetur. Vi tok den derfor med på ein rusletur rundt i Sévaré, der vi mellom anna var innom marknaden. Turen varte i nesten to timar, og det er ikkje til å stikke under ein stol at geita skapte seg litt vrang underveis. Mange forbipasserande, eller kanskje aller helst folk vi passerte, sende signal med indirektre spørsmål om den skulle slaktast. Vi smilte fint tilbake, og svarte at dette er vår venn som vi har kalla “Biff Stroganoff”.
29.04.2007:
Etter ein småbrå start på dagen, måtte Sigurd reise tilbake til Douentza. Etter at han hadde reist, gjekk eg til fulanigudstenesta som så smått hadde begynt. Sjølv om eg ikkje forstod så mykje denne gongen heller, var det fint å være tilstades. Etter gudstenesta skjedde det. Eg gjekk ut, og der huka ein kar tak i meg. Eg rekna med at dette var ein kar som ville ha litt pengar, og då han leitte fram ein resept som ein lege hadde skrive ut til han, var all tvil fjerna. Som om det ikkje var nok å vise meg resepten, ville han også vise meg sjukdomen sin, som dessverre var lokalisert på hans edle delar. Om han hadde HIV/AIDS eller berre ein vanleg kjønnssjukdom, veit eg ikkje, men eit fint skue var det ikkje. Det verste var at det virka som han aldri skulle bli ferdig med å vise meg elendigheita. Ei lita stund prøvde eg å nikke medlidande med, men då eg ikkje klarte meir av synet som stod i stor kontrast med gudstenesta eg akkurat kom frå, gjekk eg for å hente litt pengar så han kunne få kjøpe den nødvendige medisinen. Takk Gud for at eg kan hjelpe nokre av desse menneska her, sjølv om det berre er snakk om ein dråpe i vatnet.