mai 16

Denne oppgåva skreiv eg då eg studerte KRL ved Høgskulen i Volda. På nettsidene mine, har eg ikkje teke med bileta som var med i oppgåva.

INNLEIING

Natt til 2. juledag 1998 brann Herøy kyrkje ned til grunnen etter ein feil på det elektriske anlegget. Planleggjinga av ei ny kyrkje vart sett i sving kort tid etter brannen. I 2003 stod ei ny kyrkje ferdig, eit bygg herøyværingane er stolte over.
Den nye kyrkja er ei moderne kyrkje. Likevel rommar den nokre element som skriv seg langt tilbake i historia. Tidlegare skreiv eg ei oppgåve om kyrkjebygningar i mellomalderen, og eg har derfor spesiell interesse for denne tidsepoka. Med problemstillinga “Kva spor frå mellomalderen kan ein finne i den nye Herøy kyrkje?”, ønskjer eg å sjå kva element ein finn i denne moderne kyrkja som skriv seg tilbake til mellomalderen. Eg vil også prøve å setje lys på kva store skilnader ein finn mellom ei mellomalderkyrkje og den nye “Herøykatedralen” som mange kallar den.

HISTORIA TIL HERØY KYRKJE – I KORTE TREKK

I høgmellomalderen vart det røyst ei lita steinkyrkje på øya Herøy. Dette var ei langkyrkje i ein enkel romansk stil med ei grunnflate på omlag 100 kvadratmeter. Denne kyrkja fekk stå heilt til den store rivingskampanjen som herja i landet på slutten av 1800-talet. I 1851 kom ei ny lov som sa at kyrkjene skulle kunne ha sitjeplassar til 3/10 av innbyggjarane i soknet (Folk og Fortid, 1998:17), og dette gjorde at mange kyrkjer vart for små, og derfor jamna med jorda.
Då den gamle kyrkja vart riven, bygde dei ei ny kyrkje nokre få meter unna staden den gamle hadde stått. Denne stod ferdig i 1859. Denne kyrkja var bygd i tre, der grunnmuren vart bygd av restane frå den første kyrkja. Den nye kyrkja fekk ikkje stå lengre enn til 1916. Årsaka var kort fortalt at det etter ein lang og hard debatt, vart vedteke å flytte kyrkja til Skaret på Bergsøya.
I 1917 stod den nye kyrkja ferdig i Skaret. Dette var ei flott trekyrkje som heller ikkje rakk å bli hundre år gamal. Natt til 2. juledag 1998 brann kyrkja til grunnen. Mesteparten av kyrkjegodset gjekk tapt i brannen.
Byggjearbeidet på den nye kyrkja starta vinteren 2002. Den 16. februar 2003 vart den nye “Herøykatedralen” innvigd av biskop Odd Bondevik.

NYE KRAV TIL NYE KYRKJER

Sidan den vesle steinkyrkja vart bygd på Herøy, har aktiviteten i kyrkja endra seg både i form og omfang. Nye tider stiller nye krav til kyrkjebygga.
Høgmellomalderen var ei tid med store kontrastar, der komplementere verdiar gjorde seg gjeldande. (Muri, 1975:29) I dag er situasjonen ein annan. Likskap i menneskeverd gjer seg gjeldande på dei fleste område og dei sosiale skiljelinjene er ikkje på langt nær så krasse som før. Ei kyrkje i dag skal være tilpassa alle menneske, og det er ikkje lengre slik at nokon skal ha meir rett på ein spesiell plass enn nokon annan. Til dømes har ein som i dag sit i rullestol, høve til å ta seg fram til alterpartiet i rullestolen sin, medan han i mellomalderen i beste fall hadde fått plass heilt bak.
Den kyrkjelege aktiviteten har spesielt dei siste tiåra teke opp i seg meir “verdslege aktivitetar”. I Herøy kyrkje har ein derfor bygd ei underetasje med kyrkjekontor og ungdomslokaler. På samme plan som kyrkjeskipet, har ein ei kyrkjestove, kyrkjetorg, kjøkken, lagerrom, gravkapell med meir.

KYRKJEBYGNINGA

Kyrkjeskipet i Herøy kyrkje er eit langskip. I moderne kyrkjearkitektur har mange kyrkjer fått vifteform (Muri, 1975:26), men i Herøy stod ønsket sterkt om å halde på likskapen til kyrkja som brann. Langskip som grunnplan, kan ein skrive tilbake til mellomalderen.
Utvendig er kyrkja enkel i form. At tårnet står i austenden er litt spesielt. Kyrkja har eit bratt tak som strekkjer seg langt ned. Taksteinen gir kyrkja ein solid utsjånad, som kan minne om ei romansk steinkyrkje. Kanskje er det derfor mange kallar kyrkja “Herøykatedralen”?

DEN HORISONTALE DIMENSJONEN

I kyrkjearkitekturen opererer ein ofte med den horisontale- og den vertikale dimensjonen. Den horisontale dimensjonen gir i dei fleste tilfella uttrykk for mennesket sin livsakse, der reisa mot det endelege målet kjem til uttrykk. Dette finn vi i Herøy kyrkje.
I “Herøykatedralen” kan ein finne sju golvrelieff. Seks av dei sju relieffa ber symbol vi kjenner att frå det maritime livet.
Det første relieffet finn vi i inngangspartiet (våpenhuset). Motivet er ein stor båt, som vi kjenner igjen som Noahs ark. Dette er eit symbol på “dei kristne på veg mot Guds hamn”.
Dei seks andre symbola finn vi i midtgangen i kyrkjeskipet. Dei to første syner seglmerker som skal markere ei grunne. Det neste merket syner ein puller, eit feste for båtar som er forma som eit kross. Vidare ser vi ei livbøye, eit kompass og ei fyrlykt. Alle desse symbola vitnar om noko som skal sikre oss på ei sjøreise. Det siste merket før alteret er eit tre, symbolet for Kristus som vintreet.
Midtgangen fram mot alteret skal symbolisere leia til alteret – til Gud. (heroy-kyrkje.no) At ein har valt ei skipslei i staden for ein veg, er ikkje så rart når kyrkja ligg i landets største fiskeri- og offshorekommune, ei kommune med sterke maritime tradisjonar.
Som i mellomalderen, kjem lokal påverknad til uttrykk i kyrkjekunsten. Den horisontale dimensjonen fann ein også uttrykt i mellomalderkyrkjene, gjennom kunstuttrykk og utforminga av kyrkja.

DEN VERTIKALE DIMENSJONEN

Arkitektane bak Herøy kyrkje er Kine Tambs og Hans Petter Madsø. Under kyrkjekaffen den dagen kyrkja vart vigsla, sa Madsø at då dei skulle planleggje kyrkja, vart dei einige om at dei “ville byggje eit alter”. Dette kjem sterkt til uttrykk gjennom at alteret står plassert som det sentrale elementet i kyrkja, i skjeringspunktet mellom den horisontale og den vertikale aksen. Det opphøga alterpartiet er eit fenomen på mellomalderen.
Som i ein høgreist gotisk katedral, er det ein tendens til at ein som befinn seg i Herøy kyrkje, vert sitjande og kike opp. “Ved alteret opnar romet seg oppover og møter “himmelaksen” vist med den 18 meter høge alterutsmykkinga.” (heroy-kyrkje.no) God takhøgde, tårnet som glir inn som ein integrert del av kyrkjeskipet og alterutsmykkinga, gjer at kyrkja sin vertikale dimensjon blir dominerande. På denne måten gir kyrkja eit klart uttrykk for møtet mellom det jordiske og det himmelske. Dette gir assosiasjonar til dei gotiske katedralane frå mellomalderen.

UTSMYKKING

Når det gjeld utsmykking, ber Herøy kyrkje preg av å være bygd i ei tid minimalismen stod sterkt i arkitekturen. Eigentleg er berre austenden i kyrkja (ved alteret) interesant om ein skal snakke om utsmykkinga i kyrkja. Med to unntak, er både tak og veggar fram til alterpartiet kvitmåla utan noko form for utsmykking.
Dei to unntaka det er snakk om, er golvrelieffa eg har skrive om tidlegare, og ni små glasmåleri på sørveggen heilt bak i kyrkjeskipet. Dei ni glasmåleria har motiv frå dagleglivet og kristenlivet. (heroy-kyrkje.no)
Glasmåleria skriv seg tilbake til mellomalderen då ein fekk høgreiste katedralar med store vindauge. I mellomalderen framstod glasmåleria som “de fattiges Bibel” (Astås, 2002:122), for dei kunne seie mykje til dei mange som ikkje kunne lese og skrive på den tida. I dag står dei som reine kunstneriske uttrykk.
Ein finn også glasmåleri på sørveggen framme i koret. Der er seks små glasmåleri, der motiva er knytt til gudstenesta. (heroy-kyrkje.no) Motiva kan også knyttast til bibelforteljingar, som til dømes krukka i Sarepta.
I mellomalderen stod døypefonten plassert bak i kyrkja som eit symbol på at det er gjennom dåpen ein kjem inn i dei heilages samfunn. I Herøy kyrkje er den plassert framme i koret.          Døypefonten har ein sokkel av betong, og er dekorert med ein duevinge inngravert i rustfritt stål på framsida. Duevingen er eit symbol på Den heilage ande som ein får del i gjennom dåpen. På toppen er sjølve dåpsfatet, som er laga i mangefarga glas. Ein har også laga ein liten glasmonter, der ein ser resten av den gamle døypefatet frå 1572, som ein fann att etter kyrkjebrannen.
Preikestolen er også laga i betong, og har eit motiv i rustfritt stål i fronten. Motivet er eit kornaks, som symboliserer Guds ord (Markus 4).
Sjølve alteret er ein stor betongkloss, med ei plate i rustfritt stål som dekker store delar av alterflata og strekkjer seg nedover eit stykke langs fronten. Stålplata er ein stilisert alterduk, og nederst på plata i fronten, har ein ei bord av ulike kristne krossar. “Nederst på alteret er eit krossornament prega inn i betongen”. (heroy-kyrkje.no)
Høgdepunktet i utsmykkinga er den 18 meter høge alterutsmykkinga. Nederst over altaret er alterskapet. Dette er utført i utskore og måla tre, og kan lukkast att, så eit nytt motiv kjem til syne. Når alterskapet er ope, syner det Kristussymbola XP, krone og andre symbol som er knytta til Bibel og sakrament. Attlete syner alterskapet den lidande Kristus. (heroy-kyrkje.no)
Over alterskapet er ein fritthengande kross med laminert glas og speglar. Denne heng rett over alteret.
“Bak krossen og over alteret er der ei spalte glasmåleri med treeiningssymbol” (heroy-kyrkje.no) Desse symbola er omgitt av ein mjuk blåfarge. Blåfargen skal vitne om det himmelske. Ser ein denne “himmelstigen” ovanfrå og ned, gir den uttrykk for inkarnasjonen. Dette kjem også til utrykk ved at alterskapet er raudt med mange detaljar i gullfarge, som vitnar om at det guddommelege har kome inn i verda. Ser ein nedanfrå og opp, vitnar kunsten om at ein blir foreina med Gud gjennom Kristus.

AVSLUTTING

Historia til Herøy kyrkje skriv seg tilbake til mellomalderen. Endringar i den kyrkjelege aktiviteten, har gitt utslag i endringar i kyrkjebygningane.
“Herøykatedralen” er ei moderne kyrkje med minimalistisk preg. Likevel har nokre element frå mellomalderen overlevd. Til dømes finn vi att langskipet med opphøga alterparti. Ein midtgang som symboliserer ferda mot det endelege målet er også likt, og dette vart også i mellomalderen ofte uttrykt med ein lokal vri. At bygget er himmelstrebande og har glasmåleri, minner mykje om dei gotiske katedralane. Utvendig ser den robust nok ut til å tole samanlikning med ei romansk steinkyrkje. Trass likskapane, må ein nok likevel kalle kyrkja ei moderne kyrkje.

LITTERATUR

Bibelen

  1. GT 78/85 & NT 05
  2. Det Norske Bibelselskap, 2006.

Folk og Fortid – Tidsskrift for Herøy Sogelag

  1. Albert Håberg (redaktør)
  2. Herøy Sogelag, Fosnavåg 1998.

Gamle kyrkjer i ny tid

  1. Sigurd Muri
  2. Det Norske Samlaget, Oslo 1975

Kirke i vekst og virke – Allmenn og norsk kirkehistorie

  1. Reidar Astås
  2. Gyldendal Norsk Forlag, 2002.

Internett:
-         http://heroy-kyrkje.no/om/kyrkja/om-heroy-kyrkje.html

André Sæter,
Fosnavåg, 16.05.2008.

mai 07

Dette er ei oppgåve eg skreiv då eg studerte KRL ved Høgskulen i Volda. Bileta som var med i oppgåva, har eg ikkje teke med på nettsidene mine.

INNLEIING

Opphaveleg hadde den kristne kyrkja sine gudstenester vore haldne i private hus, som velståande kristne stilte til disposisjon for kyrkjelydane. Kyrkja sin vekst gjorde det imidlertid nødvendig å reise eigne bygningar for kontemplasjon. Dei storslagne kyrkjene frå mellomalderen har fanga interessa.
Med problemstillinga “Kva kan kyrkjebygningane seie oss om det kristne livet i den tida dei vart bygde?”, ønsker eg å halde fram nokre perspektiv som var medverkande i prosessen då dei nye og storslagne kyrkjebyggja reiste seg.
Til grunn for denne innhaldsrike og spennande historia, ligg det sjølvsagt ikkje ei eindimelsjonal utvikling, men ulike parallelle prosessar har påverka i ulik grad på ulike stader til ulike tider.
Først i oppgåva syner eg til nokre historiske trekk ved mellomalderen. Eg ser vidare på særtrekk ved kyrkjeleg kunst og arkitektur og omtalar dei særeigne stavkyrkjene i Noreg. Kva fortel kyrkjehuset og den teologien det avspeglar om det kristne livet i denne særeigne perioden i kyrkjehistoria?

MELLOMALDEREN

På 400-talet skjedde det så store omveltningar både politisk og kulturelt at det førte til ei ny tid for kyrkja. (Astås, 2002:83) I Europa si historie reknar ein mellomalderen frå Det vestromerske rike sin gradvise undergang utover på 400-talet til renessansen og humanismen opna veg for reformasjonen kring 1500.
Den ca. 1000-årige epoken mellom desse store omskifta var prega av spenninga og maktkampen mellom verdsleg og åndeleg styresmakt, og vekslinga mellom fornying og forfall i stor-kyrkja, ei kyrkje som prega folkelivet i stor grad både i kvardag og i fest.
Normalt deler ein mellomalderen inn i tre:

  1. Den eldre mellomalderen, frå ca. 500 fram til ca. 900.
  2. Høgmellomalderen, frå ca. 900 fram til ca. 1300.
  3. Seinmellomalderen, frå ca. 1300 fram til ca. 1500.

KYRKJE OG SAMFUNN I MELLOMALDEREN

Mykje endra seg då kyrkja vart rikskyrkje under keisar Konstantin den store. Frå tidleg på 300-talet blei kristendomen “en privilegert religion i riket” (Astås, 2002:59), og skulle vere bandet som skulle binde saman Romarriket. Riket fekk to maktsenter: Roma i vest og Konstantinopel, som før heitte Bysants, i aust.
Romarriket vart delt i to ved keisar Theodotius’ død i 395. Det vestromerske riket vart rive sund av dei store folkevandringane, men det austromerske/bysantinske riket bestod i over 1000 år til.
Dei to rika glei ifrå kvarandre. ”Splittelsen ble understreket ved at latin seiret som kirkespråk i vestkirken, mens østkirken holdt fast ved gresk språk.” (Astås, 2002:81)
Det bysantinske riket var prega av samarbeid og harmoni mellom kyrkja og keisarmakta. I vest var stoda ei anna. I dei germanske folkeslaga som invaderte Romarriket, var stammehovdingen eller kongen leiaren, også over kyrkja. Vestens katolske kyrkje vart såleis spalta opp i ei rad katolske landskyrkjer/folkekyrkjer. Kyrkja si store betydning for folket, frå vogge til grav, virka likevel som eit lim, og heldt den vesterlandske kristendomen og kulturen saman som ein einskap. “Til trods for at det kristne Vesteuropa i kraft af den latinske kristendom ejede en åndelig enhedsgrund, var det rent faktisk delt op i en række landskirker under kongemaktens direkte ledelse.” (Christensen, 1969:304).
Maktkamp mellom verdsleg og geistleg styresmakt prega mellomalderen. “To institusjoner med samme undersåtter og delvis samme maktinteresser kom slik til å stå ved siden av hverandre gjennom middelalderen, snart i konflikt, snart i samarbeid.” (Astås, 2002:99). Gjennom vekselvis alliansar og rivalisering mellom kongemakt og kyrkje vart grunnen lagd for den vesterlandske katolisismen.
Kring tusenårsskiftet vart pavedømmet for alvor kraftsenteret for den historiske utviklinga i Europa. Gjennom kyrkjelege reformar fekk pavedømmet herredømmet over dei vesteuropeiske kyrkjene “og ledede og kontrollerede det kirkelige liv gennem et effektivt centralstyre. Dette medførte….en overvindelse af den nationalt-kirkelige partikularisme, men bandt til gengæld de vesteuropæiske folkeslag sammen i en international religiøs enhedskultur.” (Christensen, 1969:322). Med basis i Augustins bok “Om Guds stat” tok den kyrkjelege reformrørsla mål av seg å legge heile verda under pavens åndelege og verdslege herredømme. Denne vidareføringa av kyrkjereformar i kyrkjepolitisk retning, vart utforma og praktisert med konsekvens og styrke av pave Gregor 7. på slutten av 1000-talet, og ber namnet gregorianisme etter han (Astås, 2002:101). Denne utviklinga heldt fram under pavane på 11- og 1200-talet. Pavedømmet blei ei europeisk stormakt, og “en økonomisk verdensmakt av rang. I det ytre stod derfor pavedømmet på toppen av sin innflytelse på 1200-tallet.” (Astås, 2002:104).
Også på det indre plan hadde kyrkja stor innverknad og makt. “Kirken med sine sakramenter var og ble det faste punkt i tilværet.” (Astås, 2002:120) “I kirken fikk folk vigsel og høytid over livet, og frammøtet til gudstjenesten var stort….Kirken ble sentrum i livet, der fant man trygghet og vern mot onde makter, og Gud viste stadig på ny sin miskunn mot syndere.” (Astås, 2002:122)
I seinmellomalderen begynte folk å “vende seg bort fra kirkens krav om verdslig makt,” (Astås, 2002:123) Gradvis misser pavedømmet noko av si makt. “Paven måtte ty til ytre maktmidler for å holde på maktkravet, og dette undergravde kirkens religiøse funksjoner.” (Astås, 2002:131) Kritiske røyster hevar seg med styrke over forfallet i kyrkja, og reformasjonen måtte kome.

KYRKJELEG ARKITEKTUR OG KUNST I MELLOMALDEREN

Då kyrkja vart rikskyrkje under keisar Konstantin, skaut kyrkjebygginga fart.
Nesten alle kyrkjer var bygde i basilika-stil, ein bygningstype frå antikken som romarane overtok etter dei store forsamlingssalane i det gamle Hellas. Det var eit rektangulært rom som ved søylerader var delt opp i eit hovudskip og sideskip. I aust avsluttast midtskipet av ein apsis, eit halvsirkelforma utbygg på basilikaen, der altaret står. Apsis med altarpartiet var heva over golvnivået i hovudskipet, og var avgrensa av eit rekkverk. Slik markerte ein ikkje berre alteret som det sentrale elementet i gudstenesteromet, men også skiljet mellom lekfolket og presteskapet. I føydalsamfunnet i mellomalderen var ein elles ikkje ukjend med at det var skil på folk!
Den førkonstantinske kyrkja hadde avvist all slags biletleg framstilling av det guddommelege, både utifrå bildeforbodet i GT, og utifrå kampen mot den heidenske biletkulten. Men under påverknad av den hellenistiske diasporajødedomen, som hadde gått bort frå det strenge jødiske bildeforbodet, “oppstod imidlertid i begyndelsen af det 3.årh. en kristen ikonografi.” (Christensen, 1969:150). Utover i det 4.århundret utfalda den kristne biletkunsten seg for alvor. Det skuldast både at bildeforbodet miste sin aktualitet etter kvart som heidenskapen vart trengd tilbake, og at dei nye, flotte kyrkjebygga kravde ei tilsvarande rik dekorativ utsmykning.
I det bysantinske riket blomstra kyrkjekunst og arkitektur. Her vart det også skapt ei ny kyrkjetype, ei korskyrkje med ei rund sentralbygning med kvelv og kuppel. Den nye kyrkjetypen vart einerådande i det austlege imperiet, og danna også grunnlaget for den islamske moskéarkitekturen.
Arkitekturen svara til liturgien i aust, der nattverdfeiringa, leia av presteskapet, hadde blitt det dominerande og avgjerande i gudstenesta, “mens lægfolket var blevet reduceret til tilskuerens passive rolle.” (Christensen, 1969:178).
Innvendig var kyrkjene utsmykka med den største prakt, med mosaikkar og fresker. Karakteristiske trekk var framstillinga av Krtistus som den tronande verdshærskaren, og skildringa av viktige personar i frelseshistoria og englane. Alt dette “skulle understrege, at man i gudstjenesten delaktiggjordes i Kristi frelse og tog del i de himmelske hærskarers tilbedelse af Gud.” (Christensen, 1969:253)
Også i vest såg ein noko tilsvarande. “Det var romernes dristige eksperimenter som la grunnen til den strålende byggeteknikk vi finner i middelalderkirkene. Romerne lærte seg kunsten å bygge kupler med store dimensjoner. De oppfant sementen og skapte flyt og sammenheng i store steinkupler og innviklede former.” (Emnebiblioteket, 1970:6).
Det er altså den romanske stilen som fekk prege den første delen av høgmellomalderen. Ikkje berre er det kuplane som er typisk for den romanske stilen, men rundbogane er eit av dei mest utprega trekka. Kvelvingar og pilarar var av stein, bogane var lave og runde og med tjukke bereveggar til å halde dei oppe. På murane vart det måla freskomåleri, etter mønster frå den byzantinske stilen. “Koret ble større og ble skilt fra langhuset ved et tverrskip, så kirken fikk korsform.” (Astås, 2002:117)
Dei romanske kyrkjene var likevel noko tunge og mørke. Ikkje berre på grunn av dei tjukke murane som skulle halde oppe takkonstruksjonen, men også fordi det var lite lys som slapp inn gjennom dei små gluggane oppe på sidene. “Gjennom historien har religiøs arkitektur ofte søkt å skape en stemning av ærefrykt og tilbedelse ved å slippe lyset sparsomt inn.” (Emnebiblioteket, 1970:5). “Det siver et sparsomt lys inn gjennom de små rundgluggene oppe på langsidene” (Billedspor, 1996:139).
Det mørke romet gav næring til oppfatninga og kjensla av at det var noko mystisk og løyndomsfullt som føregjekk “der framme”.
“Messen blev det guddommelige drama, som menigheden skulle anskue – den ophørte med at være en menighedsgudstjeneste med lægfolkets aktive deltagelse. Denne ændrede forståelse indvirkede på selve messens liturgi, idet nye riter og bønner indføjedes for at understrege dens hemmelighedsfulde karakter, og samtidig banede den vejen for de private messer…Dette indvirkede atter på kirkebygningskunsten, hvor det førte til oprettelsen af talrige sidealtre ved siden af hovedaltret.” (Christensen, 1969:295)
Den gotiske stilen, som overtok etter den romanske, blomstra opp i Europa. Denne stilen vaks først fram i Nord-Frankrike frå midten av det 12.århundre, då byggjeprosessen med domkyrkjene Notre Dame i Paris, Bourges og Chartres vart oppstarta. “Disse kirkene har et rektangulært grunnplan med et vidt halvsirkelformet kor i motsetning til de engelske domkirkene som beholdt den latinske formen” (Emnebiblioteket, 1970:11).
Ein finn tre byggesteg;

  1. Tidleg engelsk gotikk
  2. Høggotikken
  3. Perpendikulærstilen

Tidleg engelsk gotikk finn ein hovudsakleg i det 13.århundre. “Stilen var enkel og streng med knippepilarar og ribbehvelv, høye spissbuer og lite utsmykking, skjønt vestfrontene var rikt dekorerte” (Emnebiblioteket, 1970:11).
I Høggotikken, som kom i det 14.århundre, fekk kyrkjene større vindauge. Vindauga vart delte opp i geometriske felt og ein nytta farga glass. Kvelvingane vart brotne opp med mange “ribber”. Kyrkjene fekk eit rikare, lysare og varmare preg.
I Perpendikulærstilen vart kyrkjene enda meir høgreiste og luftige. Dei kompliserte takkonstruksjonane gjorde at kyrkjene kunne strekkje seg opp mot himlen. Dei store vindauga vart delte opp med vertikale sprosser og stavar.
Bygningar i gotisk stil vart i veksande grad himmelstrebande byggverk.Rundbogane vart bytta ut med spissbogar og veggane vart tynnare. Vindauga vart høgre, og glasmåleria vart innført.
Glasmaleria var nok ein konsekvens av at ein hadde fått fleire vindauge, og veggane var ikkje lenger så godt eigna til veggmåleri. Men også i dei gotiske katedralane vart kvelvingane og veggane smykka med biletkunst. “Om man ikke alltid forstod så mye av ritualet og prekenen, hadde man de viktigste scener fra Bibelen framstilt som kalkmalerier på kirkeveggene eller som fargesprakende glassmalerier. Dette var “de fattiges bibel” (Astås, 2002:122). Mange kyrkjer fekk også kyrkjetårn.
I Vest-Europa vart det mot slutten av 900-talet bygd mange store pilegrimskyrkjer. Dette hadde samanheng med den stadig aukande relikviedyrkinga (relikvie = levningar frå ein heilag person). “Et helgenben kunne på samme måte som ikonen formidle den guddommelige kraft og nåde videre til andre.” (Billedspor 1, 1996:116). “Ambulatoriet ble for eksempel innført i pilegrimskirken som en byggteknisk løsning på pilegrimenes valfart rundt kirkens relikvier. I tilleg var pilegrimskirkene langt større enn de øvrige romanske kirkene, fordi de skulle romme mange flere mennesker.” (Billedspor 1, 1996:120).

STAVKYRKJER I NORGE

På 1800-talet vart svært mange kyrkjer i Noreg rivne. Mellom anna vart fleire stavkyrkjer jamna med jorda. “Alt som står igjen etter dei store rivingskamanjane på 1800-talet, er omkring tretti stavkyrkjer. Ein gong kan det ha vore så mykje som mellom 1000 og 1500 kyrkjer. I tillegg til dei få som er redda, kjem ein del som ikkje lenger er bevarte, men som ein fekk registrert og avteikna fagmessig før dei vart øydelagde.” (Nordhagen i Norsk Arkitekturhistorie, 2003:92-93).
Namnet stavkyrkje har sitt utspring i den spesielle byggemåten, der midtskipet består av lange, vertikale, berande stavar som er avstiva av horisontale bjelkar og andre nøye gjennomtenkte konstruksjonar. Stavkyrkjene strekkjer seg langt i høgda, og ofte kan midtskipa vere dobbelt så høge som dei er breie. “Utstrekninga i høgda av midtromet gjev i nokre av stavkyrkjene ein verknad som om dei skulle vere små katedralar.” (Nordhagen i Norsk Arkitekturhistorie, 2003:99).
Konstruksjonsmessig står stavkyrkjene som dei reinaste meisterverka. “Konstruksjonen er eit høgdepunkt av stabilitet, samstundes som ein sans for konstruksjonsdetaljane og deira geometri og visuelle verknad skin igjennom.” (Nordhagen i Norsk Arkitekturhistorie, 2003:108).  “Stavkyrkjetaka vart bygde ut med stadig fleire stabiliserande detaljar, i takt med storleiken på bygningane dei spente over. Bygningskroppande dei var festa til, var bygde opp av eit system av ledd – sviller, tile, stavar og stavlægje – som foreinte styrke med fleksibilitet. Bygningane med denne konstruksjonen, basert på djup innsikt i eigenskapane i trematerialet, stod imot presset frå både storm og snøfall, to av farane som truga byggverka i klimaet vårt. Løyndomen må ha vore kombinasjonen av stivleik og elastisitet, dvs. at heile bygningen gav etter utan å breste.” (Nordhagen i Norsk Arkitekturhistorie, 2003:95).
Det finns fleire teoriar om kvar påverknaden til stavkyrkjene kjem frå. Nokre hevdar at dei himmelstrebande kyrkjene er påverka av gotikken, men den perioda kom etter at storparten av stavkyrkjene vart bygde. I det store riket i Aust, Bysants, fann ein også ei sentralkyrkje med ein stor kuppel, så nokre meinar inspirasjonen kjem frå aust. Det finns også teoriar om at inspirasjonen kjem frå vest, gjennom dei romerske steinkyrkjene, og i mange av kyrkjene er dette dei mest truverdige teoriane. Om tradisjonen er frå aust eller vest er den gjerne vevd saman med lokale tradisjonar.
Dei norske stavkyrkjene er utsmykka med hovuda av
fabeldyr, menneske og monster. “I Borgundkirkens vestportal utkjempes det en voldsom kamp mellom vingedrager.” (Billedspor 1, 1996:142). Draken er eit uttrykk som kjem frå den romanske arkitekturen, men kva betyr den? “Drakekampane som er skildra med slik meisterskap på stavkyrkjeportalane, og som gjer dei til reine slagplassar for desse dyra, har ei uttrykkskraft som aldri er overgått i den romanske kunsten. Kan det vere kristningspatosen frå misjonstida som overlever i desse relieffa? Avmattinga som etter kvart skjer i drakeskjeringane, kan tyde på det. På 1200-talet er tida deira over.” (Nordhagen i Norsk Arkitekturhistorie, 2003:119).
“Mange har vore freista til å sjå “andletet til heidenskapen” i dette prydelementet. Forholdet er eit heilt anna. Desse hovuda er på sin måte eit utslag av påverknaden frå steinkyrkjene, for dei er nære slektningar av dei avskrekkande maskene av fabeldyr, menneske og monster som står i rekkje under takkanten på dei romanske steinkyrkjene i England og Frankrike. Tidleg på 1100-talet var slikt på veg inn i norsk arkitektur gjennom byggjehytta ved katerdralen i Trondheim.”(Nordhagen i Norsk Arkitektur-historie, 2003:111).
Det kan altså sjå ut som det er den religiøse gløden under kristningstida som kjem til uttrykk i portalane sine kampskildringar.
I steinkyrkjene sine portalar er ”Bibelens Dommedag” eit vanlig motiv.

AVSLUTNING

Kyrkja sin vekst gjorde det nødvendig å reise eigne kyrkjebygningar for kontemplasjon. Arkitekturen i kyrkjene har endra seg hovudsakleg på grunn av byggtekniske utfordringar ein møtte med kravet om større kyrkjer, maktspelet i kyrkja og formidling av den kristne bodskapen.
Skiljet mellom aust- og vestkyrkja, viser igjen på korleis bygningane er utforma. Føydalsamfunnet har gitt sitt utslag i kyrkjearkitekturen. Forholdet mellom heidenskapen og det heilage har sett eit tydeleg preg på kyrkjekunsten. Ein kan ramse opp mange dømer! At kyrkjebygningane kan seie oss noko om det kristne livet i den tida dei vart bygde, er det neppe tvil om.

LITTERATUR:

Billedspor – Kunst- og kulturhistorie, Bind 1.

  1. Tell Forlag, Vollen 1996.
  2. Gunnar Danbol og Mabel Kjerschow.

Emnebiblioteket – Om arkitektur og byggjekunst.

  1. Gyldendal Norsk Forlag, Oslo 1970.
  2. Thorbjørn Faarlund, Nils Sjøberg, Thorleif Øisang.

Kirke i vekst og virke. Allmenn og norsk kirkehistorie.

  1. Gyldendal Norsk Forlag, Oslo 1992
  2. 4. utgåve, 5. opplag 2002.
  3. Reidar Astås.

Kyrkohistoria – Bind 1.

  1. Svenska Bokförlaget, Stockholm 1969.
  2. Torben Christensen.

Norsk arkitekturhistorie.

  1. Det Norske Samlaget, Oslo 2003.
  2. Nils Georg Brekke, Per Jonas Nordhagen og Siri Skjold Lexau.

André Sæter,
Fosnavåg, 07.05.2008.

feb 18

Dette er ei oppgåve eg skreiv då eg studerte KRL ved Høgskulen i Volda:

INNLEIING

Markusevangeliet er det første av dei tre sokalla synoptiske evangelia (Matteus, Markus og Lukas). Ordet synoptisk kjem frå to greske ord som tyder ”å halde saman”. Desse tre evangelia er så like i disposisjon og innhald at dei kan samanliknast med tilsvarande tekster ved sidan av kvarandre.
Når vi legg til Johannesevangeliet, har vi det som tilsaman utgjer evangelielitteraturen. Denne litteraturen utgjer den største delen av NT. Hovudpersonen i dei evangeliske skriftene er Jesus frå Nasaret.
Denne oppgåva er i mikroeksegese av Markusevangeliet. Eg vil først seie litt om forfattaren. Vidare vil eg kort nemne kva tid, kvar og til kven det har blitt skrive. Så vil eg seie litt om forma på evangeliet og litt om kva som spesielt kjenneteiknar det, før eg til slutt greiar kort ut om innhaldet.
Eg er redd storleiken på oppgåva ikkje gjer det mogleg å gå heilt i detaljane på det eg tek opp, og eg det er ikkje rom til å gå innom alt som kunne vore spennande og nyttig å seie litt om, men eg trur likevel mikroeksegesa mi kan være interessant og lærerik.

Forfattaren
Markusevangeliet ber preg av ein forfattar som var godt kjend med jødiske skikkar og tilhøve, og som kjente godt til apostlane og forkynninga deira. Evangeliet er anonymt, men tradisjonelt reknar ein Johannes Markus (heretter omtala som Markus) som forfattaren av evangeliet.
Barndomsheimen til Markus var sentral i den første kyrkje-lyden i Jerusalem. I denne kyrkjelyden var apostlane sentrale aktørar. Det er mogleg at Jesus spiste påskelammet med læresveinane sine her, og at det var her læresveinane var samla bak stengde dører mellom oppstoda og pinse. Då har isåfall Markus kjent godt til leiarane i meinigheita (Uglem, 1969:16).
Markus reiste med Paulus og Barnabas på den første misjons-reisa, der han var hypærétæs (tjenar, hjelpar eller assistent). Personar som omtalast med denne tittlen er ofte rekna for å være evangelieforteljarar, og ein kan rekne med at Markus har hatt ein funksjon som kateket. Sjølv om han har hatt ein underordna funksjon i forhold til dei misjonerande apostlane, han han likevel vore høgt verdsett (Modalsli, 1981:32-33).
Paulus omtalar Maruks som ein nær medarbeidar i eit av fangebreva sine, og han skreiv at Markus var ein av dei Paulus ynskte å ha i nærleiken den siste tida han levde.
Markus var ikkje sjølv augevitne til Jesus, men han kjende godt til andre augevitne, då særleg Peter. Markus var tolk for Peter.

Tid, stad og adressat.
Markusevangeliet er truleg det eldste av evangelia. Dette grunngjev ein med at det ser ut til at både Matteus og Lukas byggjer på stoff frå evangeliet etter Markus.
Markusevangeliet er tidfesta til åra mellom 65-70 e.Kr. Dateringa er særleg knytta til Jesu apokalyptiske tale, der han forutseier at tempelet skal rivast ned (Hvalvik, 2006:201).
”Det finnes få holdepunkter for en sikker lokalisering, men ifølge den oldkirkelige tradisjon var det altså skrevet i Italia/Roma. Hvis dette er korrekt, er det nok i hovedsak skrevet for hedning-kristne. Dette korresponderer med det forhold at Markus gjennomgående forklarer jødiske skikker (…) og oversetter arameiske ord” (Hvalvik, 2006:202).

Form
”Med sin framstilling av Jesu liv hadde Markus skapt en ny litterær sjanger: evangelium.” (Hvalvik, 2006:202). Evangeliet har elles mykje til felles med antikke biografiar, der meininga til dømes kan være å lovprise ein person, setje fram eit døme til etterfylgjing eller å ta vare på ein persons minne.
Det finns ulike disposisjonsforslag til korleis Markusevangeliet er bygd opp. Hvalvik har valt fylgjande disposisjonsforslag:

Prolog (1 – 1,13)
I. hovuddel: Jesu offentlege verksemd i Galilea (1,14 – 8,26).
(i)   Jesu opptreden med makt og mynde (1,16 – 3,12).
(ii)  Jesu verksemd set skiljer (3,13 – 6,6).
(iii) Jesu vender seg til jødar og heidningar (6,7 – 8,26).
II. hovuddel: Jesus på veg til Jerusalem; liding og død. (8,27 – 16,8).
(iv) Jesu veg mot lidinga og kallet til etterfygjing (8,27 – 10,52).
(v)  Jesu møte med Jerusalem og leiarane for folket (11,1 – 13,37).
(vi) Jesu liding, død og oppståde (14,1 – 16,8).
Sekundær avslutting (16,9 – 16-20).

Saklege og pedagogiske omsyn, og ikkje den historiske rekkefygja, synest altså å ha vore bestemmande for korleis forteljingane vart ordna. (Modalsli, 1981:27). I hovudsak kan ein sortere avsnitta (perikopane) under likningar og underforteljingar.
Det er vanskeleg å seie om den sekundære avsluttinga verkeleg er Markus sine ord eller om den opprinnelege avslutninga har gått tapt. Sakleg sett er den sekundære avsluttinga på linje med evangeliet som heilheit, men dei er ikkje skrivne ned av Markus sjølv. (Hvalvik, 2006:203).

Særtrekk
Markus er kjent for å være ein framifrå forteljar. Han har ikkje vore opptatt av å framstille Jesu livshistorie, men å forkynne evangeliet hans. Han forutset ikkje mykje teologi eller stor kjennskap til GT hjå lesaren. Episodene talar for seg sjølve, så Markus gir ikkje mange kommentarar.
Det er Jesu person som dominerer heile forteljinga. Det er spesielt fokus på hans gjerningar, meir enn talane hans, og Jesu død og oppståde er klimaks i beretninga. Ein kan kalle Markusevangeliet for ”handlingens evangelium”. Sett i forhold til omfanget, har ingen av evangelistane fått med så mange av undergjereningane til Jesus.

Innhald
Hvalvik deler evangeliet inn i seks hovudavsnitt (sjå sisposisjonsforslag på forrige side). I første hovudavsnitt (kapittel 1,16-3,12) teiknar Markus eit typisk bilete av Jesus, og fortel om dei reaksjonane som Jesus si verksemd skapte. Her er den eskjatologiske frelsestida komen. Det er tid for oppfylling av løfta og at Gudsriket sine krefter gjer seg gjeldande i denne verda. Markus fortel også om då Jesus kalla læresveinane.
Det er sentralt hjå Markus å få fram den mynde som Jesus opptrådde med. Markus framhevar at Jesus var lærar. Det er imidlertid lite om innhaldet i sjølve undervisninga hans, men meir om reaksjonen på læra hans (1,22).
Markus fortel også om undergjerningane Jesus gjorde, om utdriving av vonde ånder og helbredingar. Jesus sine undergjerningar gjorde Jesus populær og han vart oppsøkt av store folkemengder. Denne populariteten gjorde at Jesus stundom måtte trekkje seg unna til øde stader. Jesus var populær mellom folket, men han var i stadig konflikt med farisearane og dei skriftlærde.
I andre hovudavsnitt (kapittel 3,13-6,6) fortel Markus om då Jesus samla læresveinane. Dei skulle forkynne og ha makt til å drive ut vonde ånder. Her vert det også fortalt om Jesus si makt over naturkreftene, vonde ånder, sjukdom og død.
I tredje hovudavsnitt (kapittel 6,7–8,26) møter vi Jesus som hyrde. På slutten får vi høyre at heller ikkje læresveinane fullt ut forstod Jesus sin handlingsmåte og forkynninga hans.
I fjerde hovudavsnitt (kapittel 8,27–10,52) høyrer vi om Peter si vedkjenning. Jesus talar vidare om at han skal lide og døy, og vi møter tema om etterfølging og disippelskap. Her møter ein og litt av innhaldet i Jesus si undervisning. Han lærte om det å drive ut vonde ånder.
I femte hovudavsnitt (kapittel 11,1–13,37) les ein om Jesus sitt møte med folket i Jerusalem. Jesus si lære vekte oppsikt også her, og folket samla seg og lytta til det han lærte og forkynte. Men Jesus kom i konfrontasjon med folket sine lærarar.
Vi møter vidare Jesus eskjatologiske tale til læresveinane. Jesus si liding og død er heilt sentralt hos Markus. Så er det nettopp i lidingsforteljinga at Jesus sin identitet som Guds son vert kjend for motstandarane hans. Hvalvik seier at Markusevangeliet er prega av korsteologi (s.209).

Avslutting
Markusevangeliet er skrive av Johannes Markus som var tolk for Peter og medarbeidar til Paulus og Barnabas. Markus må ha kjent godt til Jesu augevitner, men var ikkje sjølv eit augevitne.
Evangeliet er tidfesta til åra mellom 65-70 e.Kr. og er truleg det eldste av dei fire evangelia. Både Lukas og Matteus byggjer på stoff frå Markus. Tradisjonen seier det har blitt skrive i Italia, og Markus har nok først og fremst skrive evangeliet til heidningkristne.
Sjølv om verket til Markus har mykje til felles med antikke biografiar, blir det likevel sagt at han skapte ein ny litterær sjanger (evangelium).
Ein kan i hovudsak kan ein sortere perikopane under likningar og underforteljingar. Markus er kjent for å være ein framifrå forteljar. Han har ikkje vore opptatt av å framstille Jesu livshistorie, men å forkynne evangeliet hans. Det er spesielt fokus på Jesu gjerningar, meir enn talane hans, og Jesu død og oppståde er klimaks i beretninga. Ein kan kalle Markusevangeliet for ”handlingens evangelium”.

LITTERATUR

Bibelen.

  1. Det Norske Bibelselskap, 2006 (GT 78/85 og NT05).

Den Store Fortellingen.

  1. Reidar Hvalvik og Terje Stordalen.
  2. Det Norske Bibelselskap, 2006 (3. opplag).

Fortolkning Til Markusevangeliet (Bibelverket).

  1. Ole Modalsli.
  2. Luther Forlag og Lunde Forlag, 1989 (4. opplag).

Innledning  Til Det Nye Testamentet.

  1. Olav Uglem.
  2. Lunde Forlag, 1969.


André Sæter,
Volda
, 18.02.2008.

feb 10

Dette er ei oppgåve eg skreiv då eg studerte KRL ved Høgskulen i Volda:

INNLEIING

Læra om den heilage treeining har ofte vore tema for debatt heilt sidan Jesu tid og fram til i dag. Islam og jødedomen ser på den som ei forureining av den reine Gudstru. Mange kriste, har sjølv problem med å forklare kva som ligg i begrepet treeininga, og denne læra har nok ofte vore ein gjenstand for misforståing og usemje. Nokon vil kanskje til og med kalle den for ei oppdikta løgn.
I denne oppgåva, vil eg prøve å gi eit svar på kva treeinings-læra er, og korleis den vart til. Eg meinar det er ein god innfalls-vinkel å sjå på treeiningslæra frå eit historisk perspektiv. Korleis vart den til? Kvifor vart den til? Kva ligg i treeiningslæra?
På grunn av oppgåva sitt omfang, kan eg ikkje gå heilt i dei små detaljane. Det kunne vore nyttig å brukt fleire sitat frå Bibelen som skildrar Guds vesen, og det kunne vore nyttig og sagt meir om kristologien og pneumatologien, men oppgåva – slik eg har forma den – gir ikkje rom for det. Eg trur likevel denne teksta kan gi ei god grunnleggjande forståing av kva den heilage treeining er og kvifor den er så viktig.

Monoteisme
På samme måte som jødedomen og islam, gjer kristendomen krav på å stå fram som og bli oppfatta som ein monoteistisk religion. ”Bibelen er frå begynnelse til slutt en protest mot polytheismen.” (Wisløff, 1976:39).
Då ein farisear spurte Jesus om kva som var det største bodet, svara Jesus: ”Dette er det første bodet: ’Høyr, Israel! Herren vår Gud, Herren er éin.” (Markus 12,29). Jesus seier her med eigne ord at Herren er éin. Jesus refererte her til 5 Mosebok 6,4f., som også kan seiast å være jødedomen si tru i eit nøtteskal.

Spørsmål om korleis Gud er
At Jesus er ein historisk person, ein person vi veit har levd, vil det nærmast vere meiningslaust å stille spørsmål om. Men når det blir spørsmål om kven Jesus var, står vi til slutt att med trus-spørsmål. Var Jesus Gud? Korleis kan kristne både understreke monoteismen så kraftig og samtidig seie at Jesus er Gud? Er ikkje Gud transcendent?
I tillegg til spørsmåla om kven Jesus var, kom spørsmåla om Den Heilage Ande (DHA). Kva eller kven er DHA? Er DHA ei kraft? Kjem den frå Gud? Er den Gud?
Slike spørsmål var uunngåelege. Det var også svara på dei. Svara var mange og ulike.

Vranglærene
Ein kan i Det Nye Testamentet (NT) lese om at det kom vranglærarar til meinigheitene og forkynte ei falsk tru (t.d. Tit 3,10 og 2.Pet 2,1). Paulus og dei andre apostlande kjempa sterkt imot all vranglære, og i Galatarbrevet 1,8 skriv Paulus: ”Men om vi sjølve, ja, om ein engel frå himmelen skulle forkynna dykk eit anna evangelium enn det vi forkynte dykk, forbanna vere han!”.
Problemet med vranglærarane vart ikkje mindre då apostlane døde. Nye vranglærarar kom til og vranglæra tok gjerne nye vegar. I oldkyrkja opplevde ein dette problemet. Då dreia denne vranglæra seg i stor grad om korleis det guddommelege vesenet var. Det oppstod fleire ulike trusrørsler (-ismer) om kven Jesus var og kven Gud var.
Mellom dei ulike trusrørslene, var nok arianismen, triteismen, modalismen og dynamismen dei mest vanlege vranglærene.
Arianismen hevda at Jesus var eit anna vesen enn Faderen. Dei nekta på at Jesus kunne være sann Gud og uskapt frå evigheit av slik som Faderen.
Triteisme er ei oppfatning av at Faderen, Sonen og Ånden er tre ulike guddomsvesen. Ein snakkar altså om treguderi.
”Den andre oppfatningen, at den ene Gud vekselvis opptrer i rollene som Fader, Sønn og Ånd, kalles modalisme. (…) Tanke-gangen er altså at Gud vekselvis opptrer på tre ”måter” eller i tre roller, Faderens, Sønnens og Den Hellige Ånds.” (Prenter, 1973:44).
Oppfatninga i dynamismen var at ”Kristus er ikke en person i Guddommen. Han er ikke Gud. Men Gud virket i mennesket Jesus med en særskilt kraft, Gud bodde i ham med sin guddommelige nåde.” (Wisløff, 1976:40). Dei trudde også at ”Den Hellige Ånd er heller ikke en person, men en guddommelig kraft, som virket i profetene, i Jesus – og som i dag virker i de troende.” (Wisløff, 1976:40).
Ein kunne også finne andre oppfatningar som mellom anna sabellianismen, som blanda saman dei tre personane, Faderen, Sonen og Ånden. (Redse, 1999:65).

Truvedkjenningane vart til
Mot desse oppfatningane, svarte kyrkja at ”den tror på ett, og bare ett guddommelig vesen. Det finnes bare én guddom, den ene Gud. Men i enheten i denne guddom finner vi en trefoldighet som gjør at vi snakker om tre personer, altså tre kommuniserende subjekter eller bevisstheter”. (Redse, 1999: 220).
Oldkyrkja formulerte det dei meinte var ”rett tru”i sokalla vedkjenningsskrifter eller symbol. Dette var viktig, først og fremst for å avvise dei ulike vranglærene og presisere kva som var den kristne kyrkja si rette tru.
Det fanns fleire oldkyrkjelege sybol, kvar med sine særpreg og vektleggingar. Dei mest sentrale oldkyrkjelege symbola er Nikea-vedkjenninga (N), Nicænum (NC), Textus receptus (T), Symbolum ApostolicumSymbolum Romanum (R) og Symbolum Quicunque eller Athanasianum (Q) som ein gjerne kallar den. Oppgåva slik eg har disponert den, gir ikkje rom til å gå i detaljane i dei ulike vedkjenningsskriftene og samanlikne dei, sjølv om dette kunne både vore interessant og formålsmessig nyttig. Likevel vil eg svært kort seie litt om korleis Nicænum vart til. Eg vil under delen om treeiningslæra, også seie litt meir om Athanasianum.
På kyrkjemøtet i Nikæa i 325 skulle kyrkjefedrene avvise Arius’ lære om at Kristus var eit anna vesen enn Faderen. Dei tok då eit symbol som allereie var i bruk, truleg i Jerusalem, og la avvisninga av Arius’ lære inn i dette symbolet. Dette vart då deteigentlege Symbolum Nicænum (N). (Brunvoll, 2006:20). ”Siktemålet var å avvise vranglærere som benektet at Kristus kunne være sann Gud og uskapt fra evighet av på samme måte som Gud Fader. (Redse, 1999:64). Dette var altså den første Nikea-vedkjenninga.
Denne første Nikea-vedkjenninga vart under kyrkjemøtet i Konstantinopel justert. ”Det ble nødvendig med en tydelig presisering av troen på Den Hellige Ånd som selvstendig gud-dommelig person. (Redse, 1999:64). Ein enda då opp med ”Symbolum Nicæno-Constantinopolitanum” (NC). Denne endelege Nikea-vedkjenninga er ”det eneste av de ”økumeniske symbolene” som egentlig er økumenisk, idet det blir benyttet av kirken både i øst og i vest.” (Brunvoll, 2006:22).

Treeiningslæra
Læra eller dogmet om forholdet mellom dei tre personane i den eine Gud, er det vi kallar ”treeiningslæra”.
Treeiningslæra har møtt mykje motstand, og må nok seiast å være eit av dei kristne ”mysteriuma”, altså noko vi truleg ikkje vil klare å forstå fullt ut. ”Den ene guddom i tre ”personer” er særmerkt for kristen gudstro, og for utenforstående virker dette poenget meningsløst. Tre-en-ighet er et begrep som klinger motsigelsesfylt. Av de nærmeste ”naboer”, jødedom og islam, blir det heftig motsagt som en forurensning av den rene gudstro.” (Lønning, 1989: 88).
Sjølve begrepet ”treeining” kom med den Athanasianske truvedkjenninga. ”Når det gjelder treenighetstroen, kommer den i begge bekjennelser til uttryk ved at de tre artiklene står der jevnsides, men selve temaet ”treenighet” blir ikke fremhevet som egen sak. Dette skjer først i det siste av de tre ”oldkirkelige symboler”, den athanasianske trosbekjennelse, som i stil og bredde skiller seg betydelig fra de to førstnevnte i sine poengterte oppgjør med teologiske avvik.” (Lønning, 1989: 88).
”Historisk sett kan vi si at treenighetslæren ble utfoldet på bakgrunn av kirkens forståelse av Kristus og Ånden, og sammen-fatter den kristne forståelse av Gud som ”treenig” – tre personer og ett vesen. (Redse, 1999: 94). Den kyrkjelege forståinga av Guds vesen, byggjer ikkje på filosofi og rein tankeverksemd, men på den kunnskapen vi har om Gud som han har openberra for oss gjennom Bibelen. ”At Gud er treenig, har den kristne kirke lært og lest i Bibelen. Den har ikke tenkt og filosofert seg fram til denne lære.” (Wisløff, 1976:39). ”Tanken om Guds transcenden må imidlertid ikke tolkes som at Gud ikke er tilgjengelig og derfor umulig å begripe. Han lar seg, som sagt, begripe i den grad han selv har gitt seg til kjenne gjennom åpenbaringen og i den grad det bibelske vitnesbydet om åpenbaringen er tilgjengelig.” (Redse, 1999:95).
I NT er ”Faderen, Sonen og Den Heilage Ande” samanstilt berre nokre få gongar. To viktige døme er desse: ”Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. Gå difor og gjer alle folkeslag til disiplar! Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande og lær dei å halda alt det som eg har bode dykk.” (Matteus 28,28-20). Dette var Jesus sine eigne ord. I Paulus sitt andre brev til korintarane (2.Kor 13,13) helsar Paulus kyrkjelyden i Korint med desse orda: ”Herren Jesu Kristi nåde, Guds kjærleik og Den heilage andens samfunn vere med dykk alle!”.
”Treenighetslæren bygger mindre på triadiske formler enn på det Skriften sier om hver av det tre ”personer” – hver for seg og i forhold til hverandre -, spørsmål det er naturlig å komme tilbake til under gjennomgåelsen av kristologien (læren om Kristus) og pneumatologien (læren om Ånden). (Lønning, 1989: 88). Ein ser altså at det er ved å studere dei guddommelege personane kvar for seg, ein har kome fram til at dei må tilhøyre det samme guddomelege vesenet.
”Gud møter oss som tre forskjellige talende ”jeg” eller subjekter: Gud Fader, Jesus Kristus og Den Hellige Ånd (Faderen, Sønnen og Ånden). Disse kan altså tiltale hverandre og oss som mennesker som tre forskjellige talende ”jeg”. (Redse, 1999:94). Når vi snakkar om tre peronar, er det viktig å understreke at det ikkje er snakk om tre ulike personlegdomar. Nei, dei tre er eit vesen. Guddomen er éin. ”Guds enhet gjelder altså hans vesen og egenskaper.” (Redse, 1999:94).

AVSLUTNING

Kristendomen gjer krav på å stå fram som og bli oppfatta som ein monoteistisk religion. Når kristendomen då seier at Jesus og DHA er Gud, oppfattar mange det som at kristendomen motseier seg sjølv og vender seg frå monoteismen.
Mot dette svarar dei kristne at dei trur på éin Gud. Den kristne Gud er éit vesen som består av tre personar. Desse tre personane i guddomen er Gud Fader, Jesus Kristus og Den Heilage Ande. Den eine guddom har tre talande ”eg-bevistheiter”. Den eine Gud gir seg ikkje til kjenne ved å veksle mellom dei tre personane, men gir seg til kjenne gjennom alle tre samtidig.
Gud blir ikkje omtala som treeinig i Bibelen, men denne læra har ein kome fram til ved å studere det Bibelen seier om dei tre personane i guddomen kvar for seg og i forhold til kvarandre. Denne heilage treeininga er eit sokalla mysterium, noko vi ikkje kan forstå fullt ut, men som ein som kristen må tru på.

LITTERATURLISTE

Mennesket i Guds verden – Kristen tro og livstolkning.

  • Arne Redse.
  • Fagbokforlaget, Bergen 1999.

Bibelen (GT 78/85 & NT 05).

  • Det Norske Bibelselskap, 2006.

Den norske kirkes bekjennelsesskrifter.

  • Arve Brunvoll.
  • Lunde Forlag, Oslo 2006.

Kristen tro.

  • Regin Prenter.
  • Nomi Forlag, Stavanger 1973.

Jeg vet på hvem jeg tror.

  • Carl Fr. Wisløff.
  • Lunde Forlag, Oslo 1976 (15. opplag).

Kristen tro.

  • Per Lønning.
  • Universitetsforlaget, Oslo 1989.


André Sæter,
Volda
, 10.02.2008.

nov 27

Dette er eit seminarinnlegg eg skreiv då eg studerte KRL ved Høgskulen i Volda. Dette var eit hastverkarbeid utan sidestykke, men kvalifiserte til karakteren C.

INNLEIING

Sidan tida ikring 1970-talet har andelen av muslimar i den norske befolkninga stege markant. Dette heng saman med at den norske arbeidsmarknaden på denne tida var så stram at det var nødvendig å få inn utanlandske arbeidarar. Denne tendensen fann stad også i andre vestlege land, så det vart derfor nødvendig å hente arbeidskraft utanfor den vestlege verda. Ein storpart av desse menneska, var i hovudsak unge, muslimske menn.
1. februar 1975 innførte norske myndigheiter innvandringsstopp. Denne skulle i utgongspunktet berre vare i eit år. Tanken var å leggje forholda betre til rette for fleire innvandrarar, men på grunn av endringar i arbeidsmarknaden, vart denne ordninga permanent. Fylgjene av denne innvandringsstoppen vart at mange av innvandrarane ikkje ville reise frå Noreg i frykt for å ikkje få sleppe inn att i landet på eit seinare tidspunkt og det resulterte i familiegjenforening og ekteskapsinngåingar.
På grunn av mykje uro og nød i fleire muslimske land frå 1980-talet og utover, måtte også Noreg ta til seg store grupper med muslimske flyktningar og asylsøkjarar. I motsetning til majoriteten av arbeidsinnvandrarane, vart flesteparten av desse spredt ut over ulike delar av landet.
Med problemstillinga ”Kva utfordringar møter muslimar i møtet med det norske samfunnet?”, ønskjer eg å setje lys på dei endringane som vil være problematiske for ein muslim når han flyttar frå ein typisk islamsk kultur til det norske samfunnet. I denne oppgåva ønskjer eg å være generell, og dermed ikkje gå for mykje inn i heilt konkrete situasjonar, men heller seie litt om bakgrunnen for kvifor nokre ting blir spesielt kompliserte i Noreg. Eg vil berre gi totalt fire døme på muslimske ritual, reglar og skikkar som er problematiske i ein norsk setting. Oppgåva gir dessverre ikkje rom til å ta med alt som ville vore interessant. Døme på det som fell bort er korleis ein muslim bør kle seg, kva som skjer om ein muslim har fleire koner (polygami), kjønnsroller, kalendersystemet, høgtidsfeiringar osv.
Først vil eg seie litt om islam sine autoritære og heilage skrifter, forholdet mellom religion, politikk og kultur, innvandrargruppa og religionsformene, familiegjenforening og organisering. Vidare vil eg gå seie litt om møtet med den norske kulturen, gi dei fire konkrete døma på utfordringar, og så seie noko om tendensar på grunnlag av bakgrunnen til den muslimske innvandrargruppa.
Det kunne også vore freistande å greia ut om kva utfordringar det norske samfunnet har i møtet med den aukande muslimske befolkninga i landet, men på grunn av omfanget på oppgåva, let eg det være.

HOVUDDEL

”Islam er en lovreligion som inneholder regler for alle livets områder, fra matlaging og hygiene til politikk. Enhver mennesklig handling, selv den mest trivielle, får dermed et relgiøst aspekt.” (Eidhamar, 1999:176). Ut i frå denne teksta kan ein lese at islam er mykje meir omfattande enn berre ei personleg gudstru. Religionen handlar om heile livet og alt som inngår i det. ”For den vanlige nordmann er religionen muligens en del av livet. For en muslim er livet en del av religionen.” (Eidhamar, 1999:177). Lat oss sjå på nokre av grunnane for at det er slik.

Heilage skrifter

I islam er Koranen den viktigaste heilage skrifta. Koranen spelar ei sentral rolle i livet til dei aller fleste muslimar. Denne heilage skrifta består av openberringane som Muhammad – den viktigaste profeten i islam – mottok mellom år 610 til 632. Muslimar trur denne skrifta er ufeilbarleg. ”Muslimene tror at Koranen er en nøyaktig gjegivelse – bokstav for bokstav – fra en evig bok i himmelen.” (Eidhamar, 1999:147).
I tillegg til Koranen, held muslimar seg også til dei sokalla hadith-samlingane. Ei hadith-samling inneheld skrifter om og frå Muhammads liv, virke og utsegner, og berre Koranen har større autoritet av dei islamske skriftene. Sidan Muhammed står som eit førebilete for det muslimske levesettet, blir desse samlingane ei viktig rettesnor for korleis ein muslim skal leve livet sitt. Det er rett nok berre eit fåtal av muslimane som sjølv har lest hadih-litteraturen, men innhaldet blir vidareformidla gjennom ein imams preiker og forteljingar som lev vidare gjennom forteljingstradisjonar i familiene.
Desse heilage skriftene legg grunnlaget for islam si lære og praksis. ”Menneskets forhold til Gud skal være preget av absolutt lydighet (sure 4,62-20). Dette er et grunnleggende prinsipp og en nøkkel til å forstå religionen islam.” (Eidhamar, 1999:146). Ein ser altså her at sura Eidhamar her viser til, uttalar seg tydeleg om at mennesket skal være absolutt lydig overfor Gud. Heile grunn-tanken i islam er at den eine Gud (Allah) er allmektig, og menneska er pliktige til å underkaste seg han. Gud er i islam tenkt absolutt transcendent og sidan Muhammad var den siste profeten i den islamske profetrekkja, må muslimane forholde seg til dei heilage skriftene.
Ein kan i lys av dette sjå at i muslimsk kontekst er den relgiøse praksisen meir vektlagt enn den intelektuelle forståinga av trua. Gjerningar er viktig.

Forholdet mellom religion, politikk og kultur

”Gjennom hele sin historie har islam øvd en gjennomgripende innflytelse i store deler av verden. Dette gjelder ikkje bare på det rent relgiøse området, men også innenfor dagligliv, samfunnsliv og politikk.” (Eidhamar, 1999:126). Det er ein sentral tanke i dei fleste islamske retningar at politikken er underlagt religionen. I dei fleste nasjonane der islam er dominerande, er lovverket bygd opp med utgongspunkt i dei heilage skriftene. Nokre islamske land har også innført sharia-lover, men det emnet skal eg ikkje ta føre meg i denne oppgåva.
Det at religionen og politikken går saman på denne måten, gjer at islam blir ein heilt sentral del av kulturen i dei muslimske landa. Denne kunnskapen er heilt nødvendig å ha med oss når vi i denne oppgåva skal sjå på kva utfordringar ein muslim møter i møtet med det norske samfunnet, for den politiske praksisen i eit land er med å setje rammene for kva slags kultur ein utviklar i landet det gjeld. Med andre ord kan vi seie at når eit land er grunnfesta på islamske lover, vil islam eller iallfall islamske element kome sterkt til uttrykk i kulturen.

Innvandrargruppa og religionsformene.

”De fleste muslimer i Norge har sin bakgrunn fra Pakistan, Iran, Tyrkia, Balkan, Somalia og Nord-Afrika”. (Eidhamar, 1999:221). Det er skilnad på grada av den islamske rolla i politikken i desse landa, men likevel kan ein seie at sannsynet for at islam står som eit sentralt element i liva til innvandrarane frå desse landa er stort. Påstanden min får dekning i lys av det eg alt har skrive om og fylgjande påstand av Opsal: ”De fleste muslimene i Vesten har sin opprinnelse i land hvor storparten av befolkningen hører til islam.” (Opsal, 2005:296).
I alle religionar finns det ulike måtar å forholde seg til religionen sin på. Ofte er det samfunnet ein lev i som er avgjerande. Om nokon til dømes veks opp i eit land som har fastsett strenge retningslinjer for korleis ein skal utøve religionen sin på, er sannsynet for at vedkomandes haldningar er prega av streng disiplin og fundamentalistiske trekk større enn om samme personen hadde vakse opp i eit land med milde retningslinjer. Dette dømet kan vi også krympe ned til å omfatte relgionspraksisen i heimen ein kjem frå. Det som gjer seg gjeldande her er synet samfunet eller individet har på korleis ein skal tolke skriftene.
I islam deler ein gjerne muslimane inn i tre grupper. Vi snakkar då om normativ-, tradisjonell og moderne islam. Den muslimske innvandrargruppa i Noreg har innslag av alle desse tre inndelingane. Dette må ikkje blandast med sunni- og shiamuslimske retningar. Ei god samanlikning for å klargjere kva dette er, kan være skilnaden på ein konservativ og liberal kristen, ikkje om ein er pinsevenn eller katolikk.

Familiegjenforening og organisering

”Historien viser at i den perioden de fleste muslimene i Europa var enslige menn, var religionen for dem knyttet til familien i hjemlandet. Når de fikk sin familie med seg til Europa, førte dette til at en rekke relgiøse behov måtte dekkes i en fremmed kultur, og disse spørsmålene måtte også løses innen rammen av ett fremmed lovverk.” (Jan Opsal, 2005: 296.) Med dette forstår vi at det var då innvandrarane fekk samla familiene i Noreg at det religiøse behovet melde seg for alvor. Levi Geir Eidhamar støttar denne påstanden når han skriv ”De første årene hadde de muslimske mennene lite organisert religiøs aktivitet. Dette endret seg etter at familiene kom til Norge. Da organiserte man seg og fikk opprettet moskeer” (Jødedommen og islam, 1999).
Familiegjenforeninga var nok ein naturleg konsekvens av innvandringa. ”Familie og ekteskap er hjørnesteinen i det muslimske samfunnet. Islam vektlegger nære og sterke familiebånd. Den enkeltes identitet er gjerne nært knyttet til familien.” (Eidhamar, 1999:185.)

Møtet med den norske kulturen

Den norske kulturen er på mange område svært ulik dei ulike islamske samfunna. I Noreg er kristendomen statsreligion. I tillegg opplever ein i Noreg ei aukande sekularisering. Noreg er ein del av den vestlege verda, der ein moderne livsstil gjer seg gjeldane. Ein er i mykje mindre grad enn under islam underlagt relgiøse lover og reglar. Det norske lovsystemet er i stor grad bygd opp på grunnlag kristne verdiar, men vi har også mange lover som ikkje kan knytast til kristendomen. Store delar av verdigrunnlaget i Noreg er altså ulikt det som er gjeldande i land der islam er dominerande.
Noko av det som kanskje overraskar ein muslim som kjem til Noreg mest, er at relgionen har så liten plass i samfunnet. ”I Norge har religionen blitt så privatisert at den langt på vei er tabubelagt som samtaleemne. På grunn av religionens selvfølgelige plass i dagliglivet, viser mange muslimer langt mindre religiøs sjenanse”. (Eidhamar, 1999:177).
For ein muslim som kjem til Noreg vil ikkje kulturmøtet berre være snakk om eit kultursjokk, men store delar av dagleglivet kjem i konflikt med det dagleglivet ein kjenner frå sin eigen kultur. For å konkretisere det eg skriv om, vil eg no ta føre meg nokre få av dei elementa som ofte blir tekne fram som problematiske for ein muslim i møtet med den norske kulturen.

Islams andre søyle: Bøn (Salah)

”Ifølge Hadith er en muslim pliktig til å be fem ganger daglig.” (Eidhamar, 1999:161.) Bøn er ei av dei mest sentrale gjerningane innanfor islam. Bønene skal helst gjerast på faste tidspunkt, den første før soloppgong og den siste ei stund etter solnedgong.
I ein Norsk setting kan dette være problematisk. Nettene i Noreg på sommartid er korte, eller sagt på ein anna  måte så er tida det er mørkt kort. Nord for polarsirkelen går ikkje sola ned. Ein må derfor prøve å fylgje bønnetidene ein brukar ein annan stad, som til dømes Oslo eller Mekka.
”Kun et fåtall har mulighet til å overholde samtlige bønnetider. Det er da vanlig å samle opp bønner fra tidspunkter som er belagt med arbeid o.l. Noen muslimer ber bare på fredag eller enda sjeldnere.” (Eidhamar, 1999:163.)
I Noreg er heilagdagen/kviledagen på søndag etter den kristne tradisjonen. Den islamske heilagdagen er fredag, og det er då vanleg i gå i Moskeen for å be. Muslimane sin heilagdag er derfor plassert på ein kvardag etter det norske systemet, noko som fort blir problematisk i forhold til arbeidslivet.

Spisereglar (halal/haram)

Koranen gir forbod mot å spise visse typar mat. Dette gjeld mellom anna blod og svinekjøt, og i tillegg kjøt skal være slakta etter spesielle forskrifter. Det er ikkje plass til å seie meir om dette i oppgåva. Poenget er at ein stor del av matvareutvalget ein finn i norske butikkar, ikkje kan spisast av ein muslim. Det er mogleg å kjøpe halal-mat i Noreg, men det er ofte vanskeleg å skaffe, kanskje spesielt i usentrale strøk.

Barneoppseding

”Når det gjelder barneoppdragelse, står muslimene overfor en av de vanskeligste sidene ved tilpasningen til livet i Vesten. Mange av dem har sin opprinnelse i kulturer med autoritære familiemønstre og reagerer på den mangel på respekt for foreldrene, lærere og andre voksne som de observerer hos barn og unge i Vesten.” (Opsal, 2005:298). Normalt har muslimske barn stor fridom, og ansvaret aukar paralellt med alderen, men i ein vestleg setting har denne skikken endra seg litt. ”I vestlige kulturer er denne prosessen på mange måter motsatt, med mange restriksjoner for små barn og voksende frihet etter hvert.” (Opsal, 2005:298).

Islams fjerde søyle: Fasta (Ramadan)

Den mest heilage månaden i året i islam er ramadan. Denne månaden skal muslimane faste, og dette er nok den av dei fem søylene som praktiserast mest av det muslimske fleirtalet. ”Hele måneden ramadan skal man ikke spise, drikke, røyke eller ha seksuell omgang. Dette gjelder fra det tidspunkt det er mulig å skille en hvit tråd fra en sort om morgenen, til sola har gått ned om kvelden.” (Eidhamar, 1999:167.)
Fasta blir også komplisert i ein norsk setting. Vi møter mellom anna den samme problematikken som med salah. Dei norske nettene er rett og slett problematisk lyse! ”I de periodene da ramadan faller på sommeren, er det så lyst i Norge at man bare kan innta ett måltid midt på natten.” (Eidhamar, 1999:168.)
I tillegg vil ein kanskje merke lite forståing for fasta frå norske arbeidsgivarar og lærarar. Fasta er ein ganske hard skikk, og mange blir trøytte og uopplagte i denne perioda.

Tendensar og praksis
Flesteparten av muslimane i Noreg bur i dei store byane. Mange av flyktningane og asylsøkjarane som vart plasserte rundt om i landet har også trekt seg mot meir sentrale strøk. Dette heng truleg saman med betre moglegheit for å leve eit mest mogleg ”muslimsk” liv der, samtidig som dei får fellesskap med andre som har samme kulturbakgrunn. ”Ofte bor de nær andre fra samme kultur, slik at de kan danne etnisk og kulturelt homogene muslimske fellesskap.” (Jan Opsal, 2005: 293). Kort sagt ligg forholda betre til rette for eit muslimsk liv og fellesskap der. Moskeane finn du i hovudsak i byane, der er det også lettare å få kjøpt halal-kjøt osv.
”Samfunnet legger ikke til rette for å følge islamske skikker som høytider, bønnetider og faste, betale velferdsbidrag, praktisere spiseforskrifter eller holde kjønnene adskilt fra hverandre.” På neste side skriv Opsal vidare: ”Mange muslimer oppdager på denne måten at de må anstrenge seg mer for å praktisere islam i Vesten enn det som er nødvendig i landet de selv eller deres foreldre kom fra.” (Jan Opsal, 2005:296-297.)
Konsekvensen av kulturmøtet kan bikke begge vegar. På den eine sida kan ein bli meir beviste på religionen sin, og på den andre sida kan det muslimske livet bli så tungvint at det fører til fråfall, men det er ikkje eit mål å greie ut om det i denne oppgåva.

AVSLUTNING

Sidan tida ikring 1970-talet har den muslimske befolkninga i Noreg auka kraftig. Det som låg til grunn for dette var i hovudsak behovet for arbeidskraft, familie-gjenforening, ekteskapsinngåing og tilstrøyming av flyktningar og asylsøkjarar.

Ulikskapane mellom den islamske- og den norske kulturen kan være store. I hovudsak er det skilnaden på religionen si rolle i samfunnet som ligg til grunn. Medan religionen for ein nordmann er ein del av livet, er livet for ein muslim ein del av religionen. I islam skal mennesket si rolle overfor Gud være prega av absolutt lydigheit. Menneska skal underkaste seg han. Islam er altomfattande, så politikken i islamske land spring derfor ut av islam sine heilage skrifter. Dette er ikkje så lett å kople mot eit moderne, sekulært samfunn med kristne verdiar til grunn. Eit kulturmøte mellom islam og den vestlege verda inneheld store kontrastar. Tankesettet er grunnleggjande ulikt, og i Noreg er det mange reint praktiske forhold som ikkje ligg til rette for ein muslimsk livsstil.


André Sæter,
Volda, 27.11.2007.

okt 27

Dette er eit seminarinnlegg eg skreiv då eg studerte KRL ved Høgskulen i Volda:

INNLEIING

Etter Statistisk Sentralbyrå sine tal, konfirmerte Den norske kyrkja 42.587 ungdomar i alderen 14-15 år i 2006. Denne gruppa utgjer 66,7% av alle på samme alder på landsbasis. I tillegg tilbyr fleire kristne organisasjonar konfirmasjon. Konfirmasjonstida er derfor ein viktig del av ungdomstida for mange ungdomar, og ein viktig arena for kristne trussamfunn til å skape god kontakt med dei.
Konfirmasjonstida er ein del av dåpsopplæringa i Den norske kyrkja, og vanlegvis varer den i åtte manader. I løpet av denne perioda skal konfirmanten bli betre kjent med Gud, Bibelen, meinigheita og sin eigen plass i skaparverket. Det finns lite dokumentasjon på kva arbeidsmetodar ein nyttar i dette arbeidet, men truleg er ”klasseromsundervisning” med ein del praktiske oppgåver attåt mest nytta.
Det finns ikkje nokon fasit på kva slags undervisningsopplegg som er det beste for å drive opplæring av konfirmantar, men det er ikkje tvil om at nokre undervisningsformer er betre enn andre. I denne oppgåva vil eg setje lys på friluftsliv som undervisningsmetode. Eg ønskjer altså å skrive om kvifor ein bør nytte friluftsliv i konfirmasjonsundervisninga. Aller først vil eg i grove trekk utdjupe litt kva som kjenneteiknar ungdomen og ungdomstida.

HOVUDDEL

Ungdomen og ungdomstida.
Det er vanskeleg å heilt definere kva det vil seie å være ungdom, men ein tenkjer ofte at ungdomar er menneske som befinn seg i kryssningsfasa mellom barndomen og vaksenlivet. I sin artikkel i halvtårsskriftet for praktisk teologi, snakkar Svein Bjarte Mangersnes om at ungdomstida kan samanliknast med å være på flyttefot. Den gamle boligen (barndomen) kan ein ikkje flytte tilbake til, og det vil ta tid å finne ein bolig som passar ein godt (vaksenlivet). Ein går på mange visningar, men har ingen fast plass å bu. Ei slik fase kan være slitsam og frustrerande.
Ein ungdom skal danne sin eigen identitet, lære seg å ta eigne valg og førebu seg til det vaksne livet. Opp i det heile kjem puberteten, tida då ungdomen også reint fysisk skal bli eit vakse menneske. Ei slik endring kan ofte være ein tung prosess. Ungdomstida kan derfor opplevast som ei ustabil tid med mange spenningar og frustrasjonar.
For ungdomen er sosialt felleskap viktig, og oftast oppsøkjer ungdomen folk på eigen alder, for det er ungdomen sjølv som veit best korleis ungdomen har det. Likevel er kontakta med vaksne viktig. Ungdom har behov for litt god rettleiing frå vaksne, men den vaksne må då ikkje gå inn med ei dømmande haldning. Ei forutsetning for at kontakta mellom ein ungdom og ein vaksen skal fungere godt, er at den vaksne må vise interesse for ungdomen og livet han eller
ho lev. Eg vil gjerne sitere Mangersnes der han seier: ”Er du ikke interessert, er du ikke interessant!”.

Kvifor friluftsliv?
I Miljødepartementet si stortingsmelding om friluftsliv (St.meld.nr.39, 2000-2001) blir friluftsliv definert som ”opphold og fysisk aktivitet i friluft i fritiden med sikte på miljøforandring og naturopplevelse”.
Jamfør ein rapport frå Friluftslivets Fellesfurbund er den største grunnen til at folk oppsøkjer friluftslivet det ein kallarkontemplative verdiar. Det vil seie at folk ønskjer å oppleve stillheita og freden som naturen gir. Vidare seier rapporten at sosialt samvær, det å oppleve det store i Guds skaparverk og at friluftsliv gir helsegevinst er viktige faktorar for å kome seg ut.
Mennesket er ein del av naturen, men etter industrialiseringa og det moderne samfunnets inntog, har avstanden mellom menneska og naturen blitt større. Nordmenn disponerer mesteparten av tida innandørs, og vi er i alt for stor grad stillesitjande. Den norske folkehelsa blir dårlegare, og det blir stadig understreka frå mange hald kor viktig det er å kome seg ut i frisk luft og halde seg i god form. Friluftsliv er for mange ei kjelde til livskvalitet.

Kvifor friluftsliv i konfirmasjonsundervisninga?
Ein som fylgjer eit normalt konfirmasjonsopplegg, er i regelen elev i 9. klasse i grunnskulen. Store delar av dagen blir derfor disponert innandørs, og i skulen er det i stor grad vanleg tavleundervisning som blir nytta. Sidan konfirmasjonsundervisninga blir eit tillegg til vanleg skulegong, bør den være lagt opp på ein måte som gir rom for rørsle, kreativitet, spenning og gode opplevingar i fellesskap med andre. Det vil truleg hjelpe konfirmantane å halde oppe motivasjonen og konsentrasjonsevna, og samtidig gi dei eit positiv oppleving av ”det kristelege”. Slike aktivitetsformer er ungdom stort sett glade i.
Å lage til eit alternativt undervisningsopplegg krev ofte litt ekstra, men dersom det er lagt til rette for eit godt opplegg, vil resultatet som regel bli mykje betre. Eg trur at eit litt skikkeleg opplegg også vil gi konfirmantane ei oppleving av at kyrkja er engasjert i ungdomen og at den ønskjer å stille opp for dei. Eg vil gjerne repetere sitatet ”er du ikkje interessert, er du ikkje interessant!”.
Stort sett alle forteljingane i Bibelen går føre seg i naturen eller tek utgongspunkt i den. Jesus brukte ofte element i naturen for å forklare ting. Er ein ute, kan ein bruke elementa i naturen til å gjere mange bibelske forteljingar mykje meir visuelle, konkrete og forståelege. Om ein til dømes ser ein regnboge, er det ei ypperleg anledning til å fortelje om pakta mellom Gud og Noah. Skulle ein sjå ein klunger, kan ein knytte det til då Gud synte seg for Moses. Ein kan bruke eit tre for å forklare kva Jesus meinte med ”Eg er vintreet, de er greinene”. Går ein forbi ein åker, kan ein snakke om likninga om ugraset i kveiten og så vidare. Skulle ein være så uheldig at ein konfirmant går seg vill, kan ein trekkje fram historia om den bortkomne son eller den eine sauen og dei nitti.
Naturen er Guds skaparverk. Den vitnar om Guds stordom. Og Gud kan tale til oss gjennom ting han har skapt. Å kome nærare naturen, kan være eit steg på vegen til å kome nærare Gud.
Eg har vore i kontakt med kapellan Knut Bjune frå Spjelkavik kyrkjelyd. Han har vore med å drive gruppe for friluftskonfirmantar i omtrent ti år. Omfanget på oppgåva gjer det ikkje mogleg å trekke fram alt vi fekk snakka om, men eg ønskjer likevel å lage ei forenkla oppsummering av samtalen. Meinigheita i Spjelkavik kan tilby kvar konfirmant tilbod om å være med i eit av totalt fem gruppeopplegg, der friluftsgruppe er eit av alternativa. Circa halvparten vel å være med i ei friluftsgruppe. Bjune fortalte at friluftsundervisninga får ein god aktivitets- og symbolverdi og at det er overraskande lett å få konfirmantane med på leikar og andre oppgåver. Dei har mellom anna løfta steinar for å fortelje om synd og syndsforlating. Dei tenner bål og har ei koseleg stund rundt bålet, der dei mellom anna les litt frå Bibelen og snakkar om aktuelt stoff. Friluftsturane gjer at den teoretiske læringsbiten blir redusert litt i tid. På desse turane har ein med ein vaksen i tillegg til konfirmantleiaren, noko som er med på å stabilisere gruppa. I tillegg til opplegget utandørs, har dei fellessamlingar med heile konfirmantkullet i kyrkja. På spørsmål om han kunne tenkt seg å gått over til eit ”ordinært” undervisningsopplegg, var svaret eit kontant ”nei”.

AVSLUTTING

Å drive konfirmantundervisnng i friluftsliv, er i teorien ein svært god idé. Så vidt eg veit, fungerer det også godt i praksis. Naturen har mange element som er gode hjepemiddel for å forklare bibeltekstar på ein god og engasjerande måte. Å kome nærare naturen, kan være eit steg
For ungdomar er sosialt fellesskap viktig, og friluftsturar er en fin måte å samlast på, der det er rom for både aktivitet, arbeid med oppgåver og gode samtalar. Det er også ein god måte å synleggjere engasjement for ungdomen på. I tillegg vil det være ein å la konfirmantundervisninga være noko anna enn skuleundervisning, slik at konfirmasjonsundervisninga ikkje opplevast som ei forlenging av skuletilbodet.

LITTERATURLISTE:

  • Prismet 5/6 03, side 258-262.
  • Halvtårsskrift for praktisk teologi 1/02, side 16-26.
  • Ungdom i rørsle 1, Aktørar og arbeidsformer, Jan Ove Ulstein (red.),   Tapir Akademisk Forlag 2004, side 147-157, 211-223.
  • Friluftsliv grunnbok, Ivar Mytting og Annette Bischoff, Gyldendal 1999.
  • St.meld.nr.39 (2000-2001), Friluftsliv, Miljøverndepartementet.
  • Den norske turkulturen. Rapport skrive for FRIFO av Jan Vaagbø, 1993.
  • NOU 2000-26.


André Sæter,
Volda, 27.10.2007.

sept 27

Dette er eit seminarinnlegg eg skreiv då eg studerte KRL ved Høgskulen i Volda:

INNLEIING

Islam og kristendomen er dei to største verdsrelgionane. Begge støttar seg til monoteismen og ein kan finne mange likheitstrekk mellom dei. Dei to relgionane byggjer mykje på samme stoff, men det kan være store skilnadar i innhaldet i forteljingane.

Koranen seier ein del om Jesus. Han er omtala i 14 surer i Koranen, og om lag 90 vers handlar om eller viser til han.

Eg vil i denne oppgåva skrive om kva rolle Jesus har i islam. Eg tek då i hovudsak utgongspunkt i kva rolle han får ut i frå korantekstane, men eg vil også trekkje inn andre element som eg meinar er sentrale. For å leggje til rette for ei god forståing av denne oppgåva, vil eg først seie litt om gudsbiletet og det vi kallar profettypologien. Heilt til slutt vil eg leggje til ein liten kommentar på kva som er den store skilnaden på Jesus si rolle i islam og kristendomen – sett frå eit kristent perspektiv.

HOVUDDEL

Gudsbiletet
“Troen på at Gud er én, er felles for både kristendom og islam. Sammen bevitner muslimer og kristne at Gud er usynlig tilstede i hele sitt skaperverk i en dimensjon som ikke kan gripes med våre sanser. Livets dypeste mål og sammenheng for mennesket ligger i hengivelse og tro på ham” (Nordhaug). Det er monoteismen som er gjeldande i begge relgionane. Gud er i begge relgionane verdsens skapar, verdsens oppretthaldar og det er han som skal kome med domen for kvart menneske på den siste dag. Trua på det evige livet etter døden er også lik.

Vi finn altså mykje likt med gudsbiletet, men det vil likevel være problematisk å seie at muslimar og kristne trur på den samme Gud. I islam er Allah tenkt absolutt transcendent. Allah er den fjerne Gud som ikkje utleverer seg sjølv og sitt vesen til menneske, og han kan ikkje ha eit personleg fellesskap med menneske. Det er berre Allahs vilje som blir formidla til menneske, og dette skjer gjennom openberringar som blir gitt profetane.

Profetar og den islamske profettypologien
Profetane har ei særstilling i forholdet til Allah. Som nemnt i utgreiinga om gudsbiletet, blir Allahs vilje formidla gjennom openberringar til profetane. Det har som ei sentral linje opp gjennom historia foregått ei profetsending. Ei profetsending finn stad dersom Allahs vilje blir gløymt eller ikkje blir etterlevd. Ein slik tilstand av uvitskap kallast jahiliyya. Når eit folk er i ein slik tilstand, sender Allah ein ny profet til dei. På denne måten har Allahs vilje alltid vore kjent for folket. Denne linja av profetsendingar peikar fram i mot og endar med sendinga av Muhammad. Bodskapen han kom med, blir rekna for å være gyldig til verdas ende.

Ein reknar med at det har blitt sendt om lag 124.000 profetar opp gjennom historia. Dei fleste er namnlause. Av desse er om lag 20 bibelske personar, og av dei berre tre frå Det nye testmentet. (Dette kan ein lese meir om i Opsals artikkel i Strandenæs, 2006:207). Ein av desse tre er Jesus.

I fleire av sine tekstar viser Jan Opsal til at profetforteljingane nærmast er bygde opp etter eit skjematisk system der det finns nokre grunnleggjande element som går att. Dette kallar vi ein islamsk profettypologi, som er ein hermeneutisk nøkkel til å forstå dei bibelske personane som blir rekna som profetar i islam.

Etter mønsteret i profettypologien, forkynner profetane trua på den eine Gud og domen han skal sende over menneska. Profetane blir forfylgde, men på på mirakulaust redda frå forfylgjinga. Dette kallast ein migrasjon (hijra). Etter migrasjonen etablerer profeten eit samfunn med lojale tilhengarar. I eit slikt samfunn blir det skapt ein kult, som kan bestå av bøn eller andre ritual. Det er ikkje alle profetforteljingane som går etter heilt samme mønsteret, men alle inneheld dei sentrale elementa (forkynning, forfylgjing, migrasjon og utvikling av eit samfunn).

Jesu fødsel og barndom
Fødselen til Jesus har fått stor plass i Koranen. Av dei 90 versa som omtalar Jesus, handlar 60 av dei om Jesu fødsel. Av omsyn til omfanget på oppgåva, vil eg berre trekkje ut det eg ser på som det viktigste rundt Jesu fødsel. Jomfrufødselen er understreka i Koranen. Ein engel (truleg Gabriel) syner seg for Maria, og seier ho skal føde ein son. Maria tvilar, men engelen seier at dette er ei avgjort sak og eit enkelt trekk for Allah. Jesus vart unnfanga ved ånden.

Vi skal merke oss at det ikkje er rom for inkarnasjonstanken i islam. Det som ligg til grunn for det, er tanken om at Allah er absolutt transcendent. Allah har ikkje avla nokon og ingen får sjå ansiktet hans før himmelriket. Sjølv om Jesus vart unnfanga ved ånden, er ikkje Jesus meir enn eit menneske. Skapinga av Jesus blir sidestilt med skapinga av Adam, og blir eit vitne på Allahs skaparkraft.

I Koranen høyrer vi om at Jesus som nyfødd barn trøystar mor si (Maria) då ho ropar ut sine fødselssmerter (S 19,24). Dette var Jesus sitt første under – eit taleunder.

Då jomfru Maria kom tilbake til folket sitt etter å ha fødd Jesus, anklaga folk henne for å ha drive hor. Jesusbarnet sa då til dei:

“Jeg er Allahs tjener (abdallah). Han har gitt meg Skriften (al-Kitab), og gjort meg til profet (nabi)! Han har velsignet meg hvor jeg enn ferdes, og Han har pålagt meg bønn (salah) og godtgjørenhet (zakah) så lenge jeg lever. – og godhet mot min mor! Han har ikke gjort meg arrogant eller ussel. Måtte fred være over meg den dag jeg ble født, den dag jeg dør og den dag jeg gjenreises levende!” (Sure 19,31-34/30-33)

Jesus som profet
Allereie som nyfødt barn openberra Jesus sitt profetoppdrag. Dette går fram av teksta eg siterte i Sure 19. Som Jan Opsal seier, kjem dei tekniske termane for den islamske profetrolla tett i dette koranutdraget. Jesus er Guds tjenar, han har motteke Skrifta, han seier han er profet (nabi), han er pålagt den rituelle bøna, han er pålagt godtgjersle (velferdsbidrag/almisse) og han uttrykkjer ønsket om fred (salam). Dette sklir rett inn i det islamske profetmønsteret.

Jesus er den siste profeten før Muhammed. Ein av dei viktigaste funksjonane til Jesus var å være Muhammed sin føregangar. I Sure 61,6 står det: “Israels barn, jeg er Allahs sendebud til dere, for å stadfeste Loven som foreligger før meg, og bebude et sendebud som kommer efter meg, hvis navn er Ahmed”. Denne teksta set føre seg at Jesus har profetert at Muhammed skal kome.

“På en rekke områder paralellfører Koranen Jesus og Muhammed. I likhet med Muhammed er Jesus en profet (nabi), et sendebud (rasul) og en tjener (abd). Begge er sendt som en ‘nåde’ til menneskene, og begge fikk ‘nedsendt’ en bokåpenbaring fra himmelen, henholdsvis Injil og Koranen” (Opsal, 1998:125-126). Ut av dette kan vi lese at Jesus er ein viktig person i islam.

Det er ikkje retta kritikk mot Jesu person ein einaste gong i Koranen, og det er liten tvil om at Muhammed hadde stor respekt for Jesus. Jesus blir rekna for å være syndfri.

Jesus som undergjerar
I Koranen er det omtala fleire under som Jesus gjorde utanom taleunderet som nyfødt barn. Mellom anna blåste han på nokre leirduer så dei vart levande, gav blinde synet attende, lekte spedalske og vekkte folk opp frå døden. Dette gjorde han ikkje av eiga kraft, men med tillating frå Allah, for å vitne om Allahs skaparkraft. Jesus stod på denne måten fram som ein ærendsgut for Allah.

Jesu død
Jesu død er berre omtala i eit koranvers (sure 4,156). Mot ein påstand (truleg frå jødane) om at dei har drept Messias, blir det sagt at Jesus ikkje vart drept, men at det berre fortona seg slik for folket. Det står vidare at Allah tok Jesus til seg.

Korleis ein skal tolke dette koranverset, er omdiskutert. Ein teori er at Jesus vart forveksla med ein annan person. Denne stadfortredartanken får mest støtte av dei klassiske koranfortolkarane. Ein annan teori går ut på at det skjedde eit synsbedrag, altså at det vart sjåandes ut for dei at det vart Jesus som vart krossfesta. Denne teorien opnar opp for tanken om at krossfestinga berre er ein illusjon. Det er ikkje rom for å greie ut meir om dei ulike teoriane om Jesu død i denne oppgåva, men eg vil understreke at i fylgje Opsal vil ein profets krossdød rokke ved Allahs ære. Derfor blir Jesus i tradisjonell fortolking redda frå korsdøden på mystisk vis. Ein migrasjon – som er eit sentralt element i profettypologien – har altså funne stad.

I skuggen av andre
“Både Moses og Abraham var viktigere identifikasjonsfigurer for Muhammed enn det Jesus var” (Opsal, 1998:126). Sjølv om Jesus må reknast for å være ein viktig profet, blir han likevel ikkje plassert heilt i toppen av det eg vil kalle det islamske profethierarkiet. Ikkje minst blir Jesus overskygga av Muhammad.

AVSLUTTING

Jesus har altså ei viktig rolle i islam. Han blir rekna som ein profet, som er den høgste posisjonen eit menneske kan ha i forhold til Allah. Jesus skal ha forkynt Allah som den eine allmektige Gud, vore ein føregangar for Muhammed, gjort undergjerningar som har vitna om Allah si makt, stadfesta Lova, levert ei bokopenberring frå himmelen og levd eit fullkome liv etter islamk lære. Likevel blir Jesus overskygga av andre profetar som til dømes Abraham, Moses og ikkje minst Muhammed. Han er berre eit menneske i si profetrolle.

Sett frå eit kristent perspektiv, blir Jesus tilpassa eit muslimsk tankesett. Jesus er i Koranen tilpassa ein muslimsk profettypologi. Jesus får heller ikkje plass som Herre og Frelsar. Sidan det ikkje er rom for inkarnasjonstanken, soningsdøden og oppstoda frå døden, er det stor skilnad på synet på Jesus i islam og kristendomen.

André Sæter,
Volda, 27.09.2007.

aug 27

Dette er ei oppgåve eg skreiv då eg studerte KRL ved Høgskulen i Volda:

1 INNLEIING

Problemstillinga “Kva meinar vi med omgrepet likningar og korleis brukte Jesus denne sjangeren i forkynninga si?”, utfordrar til først å gjere greie for sjølve omgrepet likningar og kva som kjenneteiknar dei. Her ser vi på ulike sjangrar i evangelie-litteraturen, held fram likningane sitt særpreg og viser til ulike tolkingar og grunnforståing av likningane. Ved å peike på noko av likningane sitt innhald, prøvar eg å syne kva siktemål Jesus kunne ha hatt ved å nytte likning som metode i undervisning og forkynning.

2 OMGREPET LIKNINGAR OG FORSTÅINGA AV DEI

I dette første hovudkapitlet, vil eg først sjå på den reint formelle sida ved likningane. Deretter vil eg sjå på korleis vi skal forstå denne typen litteratur.

2.1 ULIKE SJANGRAR I EVANGELIELITTERATUREN

”Når det gjelder undersjangre eller formtyper i evangeliene, er det ingen enhetlig terminologi i forskningen.” (Hvalvik, 1999:198). Bruken av terminologiar, har nærmast endra seg i takt med endringane i bibelforskningshistoria.
I pensumboka Den Store Fortellingen opererer Reidar Hvalvik med fire undersjangrar i evangelielitteraturen. Desse eraforismeutsagnsberetningarlikningar og underberetningar. Likningane blir altså rekna for å være ein undersjanger i evangelielitteraturen.
Det er interessant at Joachim Jeremias hevdar at Jesus med sine likningar har utforma ein ny litterær sjanger. “Jesu liknelser innbär dessutom nogot helt nytt. Ingen enda liknelse, med undatag för två bilder hos rabbi Hillel (omkr.20 f.Kr), är känd från den rabinska litteraturen före Jesu tid.” (Jeremias, 1971:10)
Willian Barclay viser til at Jesus nyttar likningar som var ei vanleg metode i jødisk tradisjon. Barclay vil ikkje hevde at han var likningane sin far, men omtalar han heller som likningane sin meister. (Barclay i Markusevangeliet Bind I, 1991:96-97)

2.2 LIKNINGANE SITT SÆRPREG

”Lignelsene hører inn under begrepet billedtale som har to grunnelementer: sammenligningen og metaforen: (i) I ensammenligning står bilde og sak side om side (stikkord: som, liksom). … (ii) I en metafor står bildet i stedet for saken, bildet brukes med andre ord i overført betydning.” (Hvalvik, 1999:198).          Eit døme på ei samanlikning finn vi i Matteus 10,16: ”Sjå, eg sender dykk ut som sauer mellom ulvar. Ver listige som ormar og uskuldige som duer!”. Jesus nyttar ein situasjon frå naturen for å samanlikne ein situasjon som ikkje er identisk, men som gir ein treffande lik bodskap. Ein ser at ordet som står sentralt i samanlikninga.
Eit døme på ein metafor finn vi i Matteus 5,13-14: ”De er saltet på jorda! … De er lyset i verda!”. Jesus seier her at vi ersaltet, og at vi er lyset. Som eit kjenneteikn for ein metafor, står her saltet og lyset som bilete i staden for noko anna, som i denne samanhengen skal bety at kristne skal være virksame i trua.
”En lignelse kan best karakteriseres som en utvidet sammenligning: Billeddelen i sammenligningen bygges ut og blir til en liten fortelling.” (Hvalvik, 1999:198). Eit kjent døme på ei likning, finn vi i Matteus 13,31-32 der Jesus fortel at Guds rike kan liknast med eit sennepsfrø som veks opp til å bli ei stor plante som fuglane byggjer reir i.
”I noen tilfeller utvides lignelsen til en mer omfattende fortelling. Det er tale om en enkelthendelse, fortalt i fortid, gjennomgående med overraskende poenger.” (Hvalvik, 1999:198). Når ein snakkar om slike utvida likningar, har ein medlikningsforteljingar å gjere. Nokre døme på slike likningsforteljingar kan være bryllaupet for kongesonen (Matteus 22,1-14), den hardhjarta tenaren (Matteus 18,23-35), arbeidarane i vingarden (Matteus 20,1-16), den bortkomne sonen (Lukas 15,11-32) og forvaltaren som handla klokt (Lukas 16,1-13).
Likningane om den miskunnsame samaritanen (Lukas 10,30-37), den rike bonden (Lukas 12,16-21), den rike mannen og Lasarus (Lukas 16,19-31) og farisearen og tollaren (Lukas 18,9-14), kan ein kalle eksempelforteljingar. Desse fire likningane står klart fram som døme til etterfylgjing, men kan etter Hvalvik å døme ikkje reknast som ein eigen sjanger (Hvalvik, 1999:198).

2.3 ULIKE TOLKINGAR

Eit viktig spørsmål i forståinga av likningane, er om dei skal tolkast allegorisk eller ikkje.
Allegori blir definert som tale, skrift eller biletførestillingar som ikkje skal tolkast bokstaveleg, men symbolsk. Allegori kjem av det greske ordet allegoreo som tyder ”å seie noko anna”. Dette er altså utsegn der tydinga ikkje ligg i den bokstavlege meininga, men utsegna skal tyde noko anna, og har gjerne ei djupare meining. ”Det klareste eksempelet på dette i NT finnes i Gal 4,22-27 der Paulus finner ”en dypere mening” i fortellingen om Sara og Hagar.” (Hvalvik, 1999:199).
Spørsmålet om ein kan tolke likningane allegorisk og i kor stor grad ein skal tolke dei allegorisk, har vore mykje omdiskutert. ”I lignelsesforskningen har man vært svært opptatt av forholdet mellom lignelse og allegori.” (Hvalvik, 1999:199).
Det var vanleg at kyrkjefedre brukte den allegoriske bibeltolkinga. Ved den allegoriske tolkninga, ser ein nesten heilt bort frå orda si bokstavlege betydning. Med fantasien si hjelp, kan ein nesten lese inn i tekstane kva som helst. Bo Gierts seier om den allegoriske tolkinga at “den betraktes nå jevnt over som utilatelig” (Gierts, 1974:84). Likevel viser han til at Jesus sjølv opna opp for ei djupare meining i tekstane frå GT.
Også Joachim Jeremias må vedgå at Jesus sine likningar stiller lesarane overfor eit vanskeleg problem. “Dette gäller utforskande av deras ursprungliga innebörd.” (Jeremia 1971:11). Han seier vidare: “Redan tidigt, under de första årtiondena efter Jesu död skedde vissa omtolkningar av liknelserna. Mycket tidigt började man tolka dem allegoriskt, d.v.s. ge åt liknelsens enskildheter en djupare mening. Denna allegoriska tolkningsmetod fördunklade sedan under århundraden framåt liknelsernas egentliga mening.” (Jeremia 1971:11)
Øivind Andersen seier at ei likning er ein “parabel”. Ordet kjem av det greske ordet ”parabole” som spring ut av eit ord som tyder å legge ved siden av hverandre eller sammenligne. ”Helt annerledes er det med billedtalen. Den heter på gresk allegori, som betyr: tale annerledes”(Andersen, 1983:15)

2.4 GRUNNFORSTÅING AV LIKNINGAR

Det er noko dobbelt ved Jesu likningar. På den eine sida er dei enkle å forstå. Joachim Jeremias understrekar at stoffet i likningane er henta frå det palestinske kvardagslivet. “Alt er så klart ock enkelt att ett barn kan förstå, allt så uppenbart att lyssnaren ständig måste säga sig att det förhåller sig så.” (Jeremia 1971:11).
Også Jesu motstandarar forstod kva han meinte. “Då overprestane og farisearane høyrde likningane hans, skjøna dei at det var dei han sikta til.” (Matteus 21,45)
Sett frå ei anna side, framstår dei som dunkel og tilslørt tale. Dette understrekar Øivind Andersen. Han seier: “Det blir ofte hevdet i dag at Jesus talte ut fra sin samtids forestillinger. Ja, det blir sagt at Jesus brukte et billedspråk som samtiden forstod. Intet er mer usant enn å hevde slike ting. Jesus var en gåte for sin samtid. Han ble nettopp ikke forstått av folket. Og var det noe Jesus nettopp ikke gjorde, så var det å bruke samtidens forestillinger. En mann som taler samtidens språk blir ikke upopulær … Om vi må si at Jesus er en gåte for vår tid, er han det enda mer for sin samtid. Er det noe Jesus ikke har gjort, så er det å forkynne samtidens forestillinger eller bruke samtidens språk” (Andersen, 1983:17-18).
“Difor talar eg til dei i likningar, fordi dei ser, men ser ikkje; dei høyrer, men høyrer ikkje og skjønar ikkje.” (Matteus 13,13)
Det geniale ved bruken av likningar, er at kreativ bruk av språk og bilete gir dei rette assosiasjonane som opnar opp for bodskapen i forteljinga.
Bo Giertz fortel at slik diktning spela ei stor rolle i Austen.  Han syner til forteljinga profeten Natan brukte då han skulle møte kong David med anklage om mord og ekteskapsbrot. Natan fortalde David om den rike kvegeigaren som tok den fattige sitt einaste lam og serverte gjesten sin. Dette gjorde han fordi han var gjerrig og ikkje kunne ofre eit einaste av sine eigne dyr (2.Sam.12,1-2).
Ved bruk av denne metoda, opna Natan opp for David. Gjennon den oppdikta forteljinga, hadde David fått dei rette assosiasjonane. David felte straks dødsdommen over mannen som gjorde urett. Då Natan konfronterte David og sa; DU er mannen!, kunne David  opne seg for sanninga i sitt eige liv. Også det som er oppdikta kan vere sant (Bo Giertz, 1974:65-66).
Sanninga i likninga kjem også fram når det som blir fortalt går langt utover det rasjonelle. Døme på dette finn vi i Markus 10,25 om kamelen og nålauget som er samanlikna med å kome inn i Guds rike for ein rik, og Matteus 20,1-16 om den usannsynlege løna.

3 JESU BRUK AV LIKNINGANE

I andre hovudavsnitt viser eg først til likningane sitt innhald. Eg gir nokre døme på sentrale tema i Jesus si forkynning og undervisning. Til slutt held eg fram kva siktemål Jesus kunne ha hatt med å bruke likningar i så stor grad som han gjorde.

3.1 LIKNINGANE SITT INNHALD

Jesus sine likningar er ein sentral del av stoffet hjå dei tre synoptikarane. Mange av likningane blir gjengitt av alle tre. Berre ei likning er særstoff hjå Markus (4,26-29), Matteus har nokre fleire som særstoff, og Lukas flest.
Også Johannesevangeliet har likningar. Til dømes 10,1ff, 12,24 og fleire. Typisk for dei er kristosentrisiteten. Jesus syner kven han verkeleg er. Her finn ein at Jesus uttalar dei karakteristiske ”Eg er”: Livsens brød (6,35), lyset i verda (8,12), døra (10,12), hyrdingen (10,11) og vintreet (15,1).
Det er vanskeleg å dele likningane inn i klare hovudgrupper, men ein kan samle dei under tema som innbyding til Guds rike (forkynning av gledesbodskapen), etisk undervisning, omvendingsforkynning og eskatalogiske forteljingar.
Først og fremst brukte Jesus likningane til å forkynne gledesbodskapen og invitere folk til Guds rike. Likningane som inngår i denne kategorien, tilhøyrer den største gruppa, og det er særleg Lukas som set fokus på dette. Ikkje minst kjem dette til uttrykk gjennom likningsstoffet som er særstoff hjå han.
Lukas fortel i kapittel 15 likningane om sauen som villa seg bort, sølvpengen som vart attfunnen og den bortkomne sonen. I vers 1-2 ser vi at “tollarane og syndarane” heldt seg nær til Jesus, medan farisearane murra og reagerte på at Jesus holdt seg saman med “slike”. Ein kan førestille seg reaksjonane til farisearane som lytta til likningane som alle handlar om gleda i himlen over ein omvendt syndar. Ein kan også tenkje seg at farisearane identifiserte seg med sonen som heldt seg saman med faren (jfr. vers 28-30). Innbydinga til Guds rike hadde og ein brodd i seg mot farisearane.
Vi ser såleis at når Jesus innbyr mennesket til Guds rike, så tek han samstundes eit kraftig oppgjer med farisearane og dei skriftlærde. Dette doble siktet finn vi i fleire av likningane, til dømes likningane om arbeidarane i vingarden (Matteus 20,1-16) og likninga om dei to sønene (Matteus 21,28-32).
Fleire døme på likningar der Jesus byd inn til Guds rike er likninga om surdeigen (Matteus 13,33), skatten i åkeren (Matteus 13,44), kjøpmannen og perla (Matteus 13,45-46), dei to skuldige (Lukas 7,41-43), den miskunnsame samaritanen (Lukas 10,30-37), venen som blir spurd om hjelp (Lukas 11,5-8), enkja og domaren (Lukas 18,1-8) og farisearen og tollaren (Lukas 18,9-14).
Ein finn etisk undervisning i dei fleste av likningane til Jesus, men særleg desse har etikk som hovudinnhald: likninga om forholdet til motparten (Matteus 5,25-26), den hardhjarta medtenaren (Matteus 18,23-35), den kloke hushaldaren (Lukas 16,1-13), den rike mannen og Lasarus (Lukas 16,19-31) og tenarens løn (Lukas 17,7-10). Eit godt døme på ei likning med etisk innhald, er likninga om den hardhjarta medtenaren. Konteksten her er tilgjeving (jfr. vers 21f).
Jesus brukte også likningar når han skulle få folk til å vende om. Likninga om såmannen er eit døme på ei slik likning. Når den endar med formaninga “Den som har øyre, høyr!”, så er det ei oppmoding til omvending.
Til omvendingslikningane høyrer også desse med: Paktarane og arvingen (Markus 12,1-12), borna på torget (Matteus 11,16-19), den ureine ånda (Matteus 12,43-45), bryllaupet (Matteus 22,1-14), den rike bonden (Lukas 12,16-21), fikentreet (Lukas 13,6-9) og tårnbyggaren og krigaren (Lukas 14,28-32).
Dei eskatalogiske likningane handlar om å være budde på den siste tida meir enn å forklare korleis endetida vert. Nokre døme på slike likningar er likningane om fikentreet (Markus 13,28-29), dørvaktaren (Markus 13,33-37), ugraset (Matteus 13,24-30), fiskenota (Matteus 13,47-50), innbrotstjuven (Matteus 24,43-44), dei ti brudejentene (Matteus 25,1-13), den betrudde tenaren (Matteus 24,45-51), talentane (Matteus 25,14-30) og domen (Matteus 25,31-46).
Likninga om fiskenota er eit døme på ei eskatalogisk likning. Denne handlar om ei fiskenot som vert sett i havet og fangar fisk av alle slag. Når nota vert full, kjem fiskarane og hentar nota, dreg den opp på stranda og samlar saman den gode fisken i kar, medan dei kastar ut den ubrukelege fisken. På samme måte skal englane skilje dei vonde frå dei rettferdige når enden på verda kjem.

3.2 SIKTEMÅL

Barclay understrekar at ein bør legge merke til kor open Jesus var for å nytte seg av nye metodar i undervisninga si. (Barclay i Markusevangeliet Bind I, 1991:95) I Markus 4, 1-2 står det: “Jesus tok igjen til å undervisa folket nede ved sjøen. Då samla det seg så mykje folk omkring han at han gjekk ut i ein båt og sat i den utpå sjøen, medan heile folkemengda stod inne på stranda. Han underviste dei om mange ting og la fram læra si i likningar.”
Jesus hadde frå før undervist på tradisjonell måte i synagogene. No flytta han undervisninga ut av synagoga og ut under open himmel og midt inn i folkemassane av vanlege kvinner og menn. Barclay seier vidare at det må ha vore mange av dei strenge jødane som såg på dette utspelet frå Jesus som “triks og sensasjonsmakeri”, men han understrekar at Jesus var klok nok til å vite når det var tid for å nytte nye metoder, og han var modig nok til å ta dei i bruk. (Barclay i Markusevangeliet Bind I, 1991:95)
Barclay meiner at eit viktig siktemål for Jesus, då han nytta likningane, var å fange folk si interesse og å få dei til å tenkje sjølve. Jesus brukte ei vanleg metode som jødane var kjende med frå før. Han gjorde abstrakte tankar konkrete. Han brukte kvardagslege historier og gav dei himmelsk meining. Folket, både kvinner og menn vart oppmuntra til å tenkje sjølve. (Barclay i Markusevangeliet Bind I, 1991:98)
Jeremias seier at eit viktig siktemål for Jesus då han brukte likningane, var  å nytte dei som våpen i kampen mot motstandarane sine. (Jeremias, 1971:13) Denne tanken støttar Andersen: “Visstnok samlet store folkemengder seg omkring ham fremdeles. Men diskusjonen om ham går høyt. Motsetningen mellom Jesus og de religiøse ledere i Israel blir åpenbar. … Og det er klart at dette fiendskap også forplanter seg til en stor del av folket. Det er altså ein nøye sammenheng mellom lignelsesforkynnelsen og den motstanden Jesus møter i folket” (Andersen, 1983:17).
I Matteus 13,10 vert Jesus direkte utfordra til å svare på kva som var siktemålet hans med å tale i likningar. “Då kom disiplane til han og spurde: “Kvifor talar du til dei i likningar?” Han svara: “Dykk er det gjeve å kjenna løyndomane om himmelriket, men ikkje dei andre”.
Andersen viser også til Jesus sitt eige svar om kvifor han tala i likningar. “Det er for så visst ikke for å gjøre sannheten om Guds rike tydelig og enkel for menneskene. Tvert om, Han taler i lignelser for at mange ikke skal se, ikke skal forstå, ikke skal skjønne hva Jesus sier eller hva Guds rike er. En hovedhensikt med Jesu tale i lignelser er altså å skjule Guds rike for mennesket. … Lignelsene skal på en og samme tid både skjule og åpenbare sannheten i evangeliet” (Andersen, 1971:21).
Barcklay understrekar at dette vidare er eit vanskeleg avsnitt, men konkluderar med at “løyndommane om himmelriket” er eit meiningslaust mysterium for utanforståande, men ytterst dyrebart for den initierte. (Barclay i Matteusevangeliet Bind II, 1991:201-202)
Barclay hevdar at likninga om “Mannen som gjekk ut for å så” også har det siktemålet å vere til trøyst for læresveinane og såmenn generelt. Såmenn ynskjer seg raske resultat, men eit såkorn treng tid for å spire. Ein må følge naturen sin gang.  Likninga om såmannen gav dobbel virkning. Ord til ettertanke for folkemengda og ord til trøyst for læresveinane.
Det vert peika på ulike siktemål Jesus kunne ha for å nytte likningar i så stor grad. Dei ulike argumenta kan kvar for seg peike på noke vesentleg.

4 AVSLUTTING

Likningar blir rekna for å være ein  undersjanger i evangelie-litteraturen. Omgrepet likningar høyrer med under billedtale, og er samansett av grunnelementa samanlikning og metafor. Om eg ikkje finn grunnlag for å hevde at Jesus skapte denne sjangeren sjølv, er det grunnlag for å hevde at han var ein meister i å bruke dei.
Det har vore mykje drøfta i kva grad ein skal tolke likningane allegorisk, og det vanskeleg å gi eit eintydig svar. På tross av ulike tolkingar, kan likningane ha sanning i seg. Likningane er enkle og kvardagslege, samstundes som dei skjuler dei evige løyndomane.
Innhaldsmessig er det vanskeleg å dele likningane inn i klare hovudgrupper, men ein kan samle dei under tema som innbyding til Guds rike (forkynning av gledesbodskapen), etisk undervisning, omvendingsforkynning og eskatalogiske forteljingar.
Jesus kan ha hatt fleire siktemål med bruken av likningar. Det er interessant å sjå kor treffande forteljingane hans er, både for dei han vernar, og dei han utfordrar.

5 LITTERATURLISTE

-         BIBELEN
-         GT 1978/85 og NT 2005.
-         Det Norske Bibelselskap, 2006.

-         DEN STORE FORTELLINGEN
-         Reidar Hvalvik og Terje Stordalen.
-         Det Norske Bibelselskap, 1999.

-         DIN DAGLIGE STUDIEBIBEL – MARKUSEVANGELIET, BIND 1
-         William Barclay.
-         Ansgar Forlag, 1991.

-         DIN DAGLIGE STUDIEBIBEL – MATTEUSEVANGELIET, BIND 2
-         William Barclay.
-         Ansgar Forlag, 1991.

-         JESU LIKNELSER
-         Joachim Jeremias.
-         Verbum Forlag, 1971.

-         NOE FALT I GOD JORD – Om Jesu Lignelser
-         Øivind Andersen.
-         Lunde Forlag, 1983.

-         SLIK LESER VI BIBELEN
-         Bo Giertz.
-         Luther Forlag, 1974.

preload preload preload