aug 20

Då er eg tilbake på skulebenken igjen, saman med resten av klassa på VGII Byggteknikk. Vi er ikkje fullt så mange elevar i år som i fjor, men det ligg likevel an til å kunne bli eit triveleg år. Det er iallfall ei triveleg klasse! Så no skal det snart leggjast brede på skulebøkene. Iallfall gråpapir. Det er kulast.

Trass i at eg har fleire timar i veka det komande året, ser det lyst ut for dei andre aktivitetane eg driv med. Det kan sjå ut til at eg framleis får jobbe to dagar i veka med Bygg & System, samt at eg får litt kontortid på tysdagane til ungdomsarbeidarjobben. Kjekt å få gjort mykje på kort tid! ;)

jun 12

Onsdag denne veka reiste klassa mi til Flatøya (ved Sandshamn) for å spele paintball. Dette var den første gongen eg prøvde paintball, men det vert absolutt ikkje den siste! På Flatøya er det fleire baner ein kan spele på og ein har ulike oppdrag ein skal gjennomføre. Oftast spelar ein med to lag. Nokre gongar er det snakk om presisjonsskyting, medan andre gongar er det berre å pepre laust.

På Flatøy Holidays har dei eit breitt aktivitetstilbod, mellom anna paintball, måling, dykking, fisking, fuglekiking, holetur, cricket og okseriding. Eg anbefalar på det varmaste å ta turen ut dit! Sjekk gjerne ut nettsidene deira ved å trykkje her.

mai 20

I dag har begge bygg- og anleggsklassene vore på ekskursjon til H-Produkter AS i Tennfjorden. Der fekk vi først ei flott innføring i korleis dei lagar vindauge og korleis eit vindauge fungerer. Dette var veldig lærerikt. Vi fekk seinare ei omvisning i fabrikken, der vi fekk sjå korleis dei produserer vindauga.

Vi fekk også lære om eit nytt konsept dei kallar Isolaft. Dette er isolerte tømmer-imitasjonar. Det ser ut som ekte tømmer, men Isolaften har betre isolerande eigenskapar, i tillegg til at den er lett å montere og mykje meir stabil.

Ein flott skuledag med andre ord. Gårsdagen var heller ikkje så verst, for i mangel på klasserom, inviterte eg klassa heim på grilling.. Herligt!

feb 12

Som de kanskje veit, held eg på å ta fagbrev i tømrarfaget. På skulen held vi for tida på med eit nybygg til skulen. Bygget begynner for alvor å ta form, og i går kom dragaren på plass. Her kjem nokre bilete frå arbeidet med å få bjelken på plass for den som måtte være interessert.

jan 21

I dag var eg med på ekskursjon til Grøvik Verk i Liabygda utanfor Ørsta. Dette er norges leiande produsent av komplette takrennesystem og den einaste produsenten av takrenner i aluminium i Noreg. Veit eigentleg ikkje kvifor eg skriv dette her, men eg er litt oppglødd etter dette besøket. Det var veldig fascinerande å sjå kor effektiv og gjennomført heile produksjonen av dei ulike takrennedelane gjekk føre seg. Storparten av produksjonen var det maskiner og robotar som tok seg av, så noko av det som slo meg først, var at det ikkje var så mange menneske der. I tillegg var det svært ryddig og reint, og alt var organisert og systematisert. Det var knapt nok støv på golvet, og i løpet av heile besøket, såg eg ikkje ein ting som ikkje låg der det skulle. For systemfrikar som meg, må eit besøk som dette være det næraste ein kjem kjensla Onkel Skrue må ha når han stuper ut i pengebingen sin. Som ein spiss på det heile, lagar bedrifta det meste dei har av maskiner og vertøy sjølve. Til slutt: Hugsa eg å fortelje at denne bedrifta produserer årleg 700 kilometer med takrenner kvart år? Det tilsvarer ein biltur frå Fosnavåg til Fredrikstad, via Dombås og Oslo.

nov 05

Som eg nemnde tidlegare, var målet å få ein jobb i eit byggfirma, i tillegg til skulegong. Dette er no i boks! Eg har fått jobb på butikken på trelastlageret til Bygg & System på Mjølstadneset. Så langt har dette vore veldig kjekt! Arbeidsmiljøet er fenomenalt og arbeidet er veldig lærerikt! Målet er sjølvsagt å kome seg ut i feltet og snikre, men dette er verkeleg ein god plass å begynne.

nov 01

Så var eg der igjen – på skulebenken. Det vil seie, det ser ikkje ut til at eg kjem til å slite ut så mykje stolar, skrivebord og albogar dette året, for det meste av undervisninga eg er med på, går føre seg utandørs. Eg har nemleg teke til å ta fagbrev som tømrar ved Herøy vidaregåande skule. Allmennfaga har eg frå før, så eg skal berre ha tre fag dette året. Faga heiter Produksjon, Teikning- og Bransjelære og Praktisk Fordjupningsprosjekt. Eg fekk hoppe på undervisninga no i slutten på oktober, og eg hoppa rett inn i det som ser ut til å være eit kjekk klasse, så dette ser lovandes ut! Planen framover vert med andre ord å gå to år på Herøy vidaregåande skule, før eg tek til på den to-årige lærlingtida. Om alt går etter planen, får eg jobb i eit byggfirma i området. Skulen er greie og ha med å gjere, så det er opning for at eg kan få godkjent ein slik jobb som ein del av undervisninga. Og så ville det vore veldig fint å få ein fot innanfor systemet og skaffe seg relevant yrkeserfaring så tidleg som råd. Vi får sjå kva som skjer. Eg trur iallfall at dette er eit steg i rett retning.

mai 16

Denne oppgåva skreiv eg då eg studerte KRL ved Høgskulen i Volda. På nettsidene mine, har eg ikkje teke med bileta som var med i oppgåva.

INNLEIING

Natt til 2. juledag 1998 brann Herøy kyrkje ned til grunnen etter ein feil på det elektriske anlegget. Planleggjinga av ei ny kyrkje vart sett i sving kort tid etter brannen. I 2003 stod ei ny kyrkje ferdig, eit bygg herøyværingane er stolte over.
Den nye kyrkja er ei moderne kyrkje. Likevel rommar den nokre element som skriv seg langt tilbake i historia. Tidlegare skreiv eg ei oppgåve om kyrkjebygningar i mellomalderen, og eg har derfor spesiell interesse for denne tidsepoka. Med problemstillinga “Kva spor frå mellomalderen kan ein finne i den nye Herøy kyrkje?”, ønskjer eg å sjå kva element ein finn i denne moderne kyrkja som skriv seg tilbake til mellomalderen. Eg vil også prøve å setje lys på kva store skilnader ein finn mellom ei mellomalderkyrkje og den nye “Herøykatedralen” som mange kallar den.

HISTORIA TIL HERØY KYRKJE – I KORTE TREKK

I høgmellomalderen vart det røyst ei lita steinkyrkje på øya Herøy. Dette var ei langkyrkje i ein enkel romansk stil med ei grunnflate på omlag 100 kvadratmeter. Denne kyrkja fekk stå heilt til den store rivingskampanjen som herja i landet på slutten av 1800-talet. I 1851 kom ei ny lov som sa at kyrkjene skulle kunne ha sitjeplassar til 3/10 av innbyggjarane i soknet (Folk og Fortid, 1998:17), og dette gjorde at mange kyrkjer vart for små, og derfor jamna med jorda.
Då den gamle kyrkja vart riven, bygde dei ei ny kyrkje nokre få meter unna staden den gamle hadde stått. Denne stod ferdig i 1859. Denne kyrkja var bygd i tre, der grunnmuren vart bygd av restane frå den første kyrkja. Den nye kyrkja fekk ikkje stå lengre enn til 1916. Årsaka var kort fortalt at det etter ein lang og hard debatt, vart vedteke å flytte kyrkja til Skaret på Bergsøya.
I 1917 stod den nye kyrkja ferdig i Skaret. Dette var ei flott trekyrkje som heller ikkje rakk å bli hundre år gamal. Natt til 2. juledag 1998 brann kyrkja til grunnen. Mesteparten av kyrkjegodset gjekk tapt i brannen.
Byggjearbeidet på den nye kyrkja starta vinteren 2002. Den 16. februar 2003 vart den nye “Herøykatedralen” innvigd av biskop Odd Bondevik.

NYE KRAV TIL NYE KYRKJER

Sidan den vesle steinkyrkja vart bygd på Herøy, har aktiviteten i kyrkja endra seg både i form og omfang. Nye tider stiller nye krav til kyrkjebygga.
Høgmellomalderen var ei tid med store kontrastar, der komplementere verdiar gjorde seg gjeldande. (Muri, 1975:29) I dag er situasjonen ein annan. Likskap i menneskeverd gjer seg gjeldande på dei fleste område og dei sosiale skiljelinjene er ikkje på langt nær så krasse som før. Ei kyrkje i dag skal være tilpassa alle menneske, og det er ikkje lengre slik at nokon skal ha meir rett på ein spesiell plass enn nokon annan. Til dømes har ein som i dag sit i rullestol, høve til å ta seg fram til alterpartiet i rullestolen sin, medan han i mellomalderen i beste fall hadde fått plass heilt bak.
Den kyrkjelege aktiviteten har spesielt dei siste tiåra teke opp i seg meir “verdslege aktivitetar”. I Herøy kyrkje har ein derfor bygd ei underetasje med kyrkjekontor og ungdomslokaler. På samme plan som kyrkjeskipet, har ein ei kyrkjestove, kyrkjetorg, kjøkken, lagerrom, gravkapell med meir.

KYRKJEBYGNINGA

Kyrkjeskipet i Herøy kyrkje er eit langskip. I moderne kyrkjearkitektur har mange kyrkjer fått vifteform (Muri, 1975:26), men i Herøy stod ønsket sterkt om å halde på likskapen til kyrkja som brann. Langskip som grunnplan, kan ein skrive tilbake til mellomalderen.
Utvendig er kyrkja enkel i form. At tårnet står i austenden er litt spesielt. Kyrkja har eit bratt tak som strekkjer seg langt ned. Taksteinen gir kyrkja ein solid utsjånad, som kan minne om ei romansk steinkyrkje. Kanskje er det derfor mange kallar kyrkja “Herøykatedralen”?

DEN HORISONTALE DIMENSJONEN

I kyrkjearkitekturen opererer ein ofte med den horisontale- og den vertikale dimensjonen. Den horisontale dimensjonen gir i dei fleste tilfella uttrykk for mennesket sin livsakse, der reisa mot det endelege målet kjem til uttrykk. Dette finn vi i Herøy kyrkje.
I “Herøykatedralen” kan ein finne sju golvrelieff. Seks av dei sju relieffa ber symbol vi kjenner att frå det maritime livet.
Det første relieffet finn vi i inngangspartiet (våpenhuset). Motivet er ein stor båt, som vi kjenner igjen som Noahs ark. Dette er eit symbol på “dei kristne på veg mot Guds hamn”.
Dei seks andre symbola finn vi i midtgangen i kyrkjeskipet. Dei to første syner seglmerker som skal markere ei grunne. Det neste merket syner ein puller, eit feste for båtar som er forma som eit kross. Vidare ser vi ei livbøye, eit kompass og ei fyrlykt. Alle desse symbola vitnar om noko som skal sikre oss på ei sjøreise. Det siste merket før alteret er eit tre, symbolet for Kristus som vintreet.
Midtgangen fram mot alteret skal symbolisere leia til alteret – til Gud. (heroy-kyrkje.no) At ein har valt ei skipslei i staden for ein veg, er ikkje så rart når kyrkja ligg i landets største fiskeri- og offshorekommune, ei kommune med sterke maritime tradisjonar.
Som i mellomalderen, kjem lokal påverknad til uttrykk i kyrkjekunsten. Den horisontale dimensjonen fann ein også uttrykt i mellomalderkyrkjene, gjennom kunstuttrykk og utforminga av kyrkja.

DEN VERTIKALE DIMENSJONEN

Arkitektane bak Herøy kyrkje er Kine Tambs og Hans Petter Madsø. Under kyrkjekaffen den dagen kyrkja vart vigsla, sa Madsø at då dei skulle planleggje kyrkja, vart dei einige om at dei “ville byggje eit alter”. Dette kjem sterkt til uttrykk gjennom at alteret står plassert som det sentrale elementet i kyrkja, i skjeringspunktet mellom den horisontale og den vertikale aksen. Det opphøga alterpartiet er eit fenomen på mellomalderen.
Som i ein høgreist gotisk katedral, er det ein tendens til at ein som befinn seg i Herøy kyrkje, vert sitjande og kike opp. “Ved alteret opnar romet seg oppover og møter “himmelaksen” vist med den 18 meter høge alterutsmykkinga.” (heroy-kyrkje.no) God takhøgde, tårnet som glir inn som ein integrert del av kyrkjeskipet og alterutsmykkinga, gjer at kyrkja sin vertikale dimensjon blir dominerande. På denne måten gir kyrkja eit klart uttrykk for møtet mellom det jordiske og det himmelske. Dette gir assosiasjonar til dei gotiske katedralane frå mellomalderen.

UTSMYKKING

Når det gjeld utsmykking, ber Herøy kyrkje preg av å være bygd i ei tid minimalismen stod sterkt i arkitekturen. Eigentleg er berre austenden i kyrkja (ved alteret) interesant om ein skal snakke om utsmykkinga i kyrkja. Med to unntak, er både tak og veggar fram til alterpartiet kvitmåla utan noko form for utsmykking.
Dei to unntaka det er snakk om, er golvrelieffa eg har skrive om tidlegare, og ni små glasmåleri på sørveggen heilt bak i kyrkjeskipet. Dei ni glasmåleria har motiv frå dagleglivet og kristenlivet. (heroy-kyrkje.no)
Glasmåleria skriv seg tilbake til mellomalderen då ein fekk høgreiste katedralar med store vindauge. I mellomalderen framstod glasmåleria som “de fattiges Bibel” (Astås, 2002:122), for dei kunne seie mykje til dei mange som ikkje kunne lese og skrive på den tida. I dag står dei som reine kunstneriske uttrykk.
Ein finn også glasmåleri på sørveggen framme i koret. Der er seks små glasmåleri, der motiva er knytt til gudstenesta. (heroy-kyrkje.no) Motiva kan også knyttast til bibelforteljingar, som til dømes krukka i Sarepta.
I mellomalderen stod døypefonten plassert bak i kyrkja som eit symbol på at det er gjennom dåpen ein kjem inn i dei heilages samfunn. I Herøy kyrkje er den plassert framme i koret.          Døypefonten har ein sokkel av betong, og er dekorert med ein duevinge inngravert i rustfritt stål på framsida. Duevingen er eit symbol på Den heilage ande som ein får del i gjennom dåpen. På toppen er sjølve dåpsfatet, som er laga i mangefarga glas. Ein har også laga ein liten glasmonter, der ein ser resten av den gamle døypefatet frå 1572, som ein fann att etter kyrkjebrannen.
Preikestolen er også laga i betong, og har eit motiv i rustfritt stål i fronten. Motivet er eit kornaks, som symboliserer Guds ord (Markus 4).
Sjølve alteret er ein stor betongkloss, med ei plate i rustfritt stål som dekker store delar av alterflata og strekkjer seg nedover eit stykke langs fronten. Stålplata er ein stilisert alterduk, og nederst på plata i fronten, har ein ei bord av ulike kristne krossar. “Nederst på alteret er eit krossornament prega inn i betongen”. (heroy-kyrkje.no)
Høgdepunktet i utsmykkinga er den 18 meter høge alterutsmykkinga. Nederst over altaret er alterskapet. Dette er utført i utskore og måla tre, og kan lukkast att, så eit nytt motiv kjem til syne. Når alterskapet er ope, syner det Kristussymbola XP, krone og andre symbol som er knytta til Bibel og sakrament. Attlete syner alterskapet den lidande Kristus. (heroy-kyrkje.no)
Over alterskapet er ein fritthengande kross med laminert glas og speglar. Denne heng rett over alteret.
“Bak krossen og over alteret er der ei spalte glasmåleri med treeiningssymbol” (heroy-kyrkje.no) Desse symbola er omgitt av ein mjuk blåfarge. Blåfargen skal vitne om det himmelske. Ser ein denne “himmelstigen” ovanfrå og ned, gir den uttrykk for inkarnasjonen. Dette kjem også til utrykk ved at alterskapet er raudt med mange detaljar i gullfarge, som vitnar om at det guddommelege har kome inn i verda. Ser ein nedanfrå og opp, vitnar kunsten om at ein blir foreina med Gud gjennom Kristus.

AVSLUTTING

Historia til Herøy kyrkje skriv seg tilbake til mellomalderen. Endringar i den kyrkjelege aktiviteten, har gitt utslag i endringar i kyrkjebygningane.
“Herøykatedralen” er ei moderne kyrkje med minimalistisk preg. Likevel har nokre element frå mellomalderen overlevd. Til dømes finn vi att langskipet med opphøga alterparti. Ein midtgang som symboliserer ferda mot det endelege målet er også likt, og dette vart også i mellomalderen ofte uttrykt med ein lokal vri. At bygget er himmelstrebande og har glasmåleri, minner mykje om dei gotiske katedralane. Utvendig ser den robust nok ut til å tole samanlikning med ei romansk steinkyrkje. Trass likskapane, må ein nok likevel kalle kyrkja ei moderne kyrkje.

LITTERATUR

Bibelen

  1. GT 78/85 & NT 05
  2. Det Norske Bibelselskap, 2006.

Folk og Fortid – Tidsskrift for Herøy Sogelag

  1. Albert Håberg (redaktør)
  2. Herøy Sogelag, Fosnavåg 1998.

Gamle kyrkjer i ny tid

  1. Sigurd Muri
  2. Det Norske Samlaget, Oslo 1975

Kirke i vekst og virke – Allmenn og norsk kirkehistorie

  1. Reidar Astås
  2. Gyldendal Norsk Forlag, 2002.

Internett:
-         http://heroy-kyrkje.no/om/kyrkja/om-heroy-kyrkje.html

André Sæter,
Fosnavåg, 16.05.2008.

mai 07

Dette er ei oppgåve eg skreiv då eg studerte KRL ved Høgskulen i Volda. Bileta som var med i oppgåva, har eg ikkje teke med på nettsidene mine.

INNLEIING

Opphaveleg hadde den kristne kyrkja sine gudstenester vore haldne i private hus, som velståande kristne stilte til disposisjon for kyrkjelydane. Kyrkja sin vekst gjorde det imidlertid nødvendig å reise eigne bygningar for kontemplasjon. Dei storslagne kyrkjene frå mellomalderen har fanga interessa.
Med problemstillinga “Kva kan kyrkjebygningane seie oss om det kristne livet i den tida dei vart bygde?”, ønsker eg å halde fram nokre perspektiv som var medverkande i prosessen då dei nye og storslagne kyrkjebyggja reiste seg.
Til grunn for denne innhaldsrike og spennande historia, ligg det sjølvsagt ikkje ei eindimelsjonal utvikling, men ulike parallelle prosessar har påverka i ulik grad på ulike stader til ulike tider.
Først i oppgåva syner eg til nokre historiske trekk ved mellomalderen. Eg ser vidare på særtrekk ved kyrkjeleg kunst og arkitektur og omtalar dei særeigne stavkyrkjene i Noreg. Kva fortel kyrkjehuset og den teologien det avspeglar om det kristne livet i denne særeigne perioden i kyrkjehistoria?

MELLOMALDEREN

På 400-talet skjedde det så store omveltningar både politisk og kulturelt at det førte til ei ny tid for kyrkja. (Astås, 2002:83) I Europa si historie reknar ein mellomalderen frå Det vestromerske rike sin gradvise undergang utover på 400-talet til renessansen og humanismen opna veg for reformasjonen kring 1500.
Den ca. 1000-årige epoken mellom desse store omskifta var prega av spenninga og maktkampen mellom verdsleg og åndeleg styresmakt, og vekslinga mellom fornying og forfall i stor-kyrkja, ei kyrkje som prega folkelivet i stor grad både i kvardag og i fest.
Normalt deler ein mellomalderen inn i tre:

  1. Den eldre mellomalderen, frå ca. 500 fram til ca. 900.
  2. Høgmellomalderen, frå ca. 900 fram til ca. 1300.
  3. Seinmellomalderen, frå ca. 1300 fram til ca. 1500.

KYRKJE OG SAMFUNN I MELLOMALDEREN

Mykje endra seg då kyrkja vart rikskyrkje under keisar Konstantin den store. Frå tidleg på 300-talet blei kristendomen “en privilegert religion i riket” (Astås, 2002:59), og skulle vere bandet som skulle binde saman Romarriket. Riket fekk to maktsenter: Roma i vest og Konstantinopel, som før heitte Bysants, i aust.
Romarriket vart delt i to ved keisar Theodotius’ død i 395. Det vestromerske riket vart rive sund av dei store folkevandringane, men det austromerske/bysantinske riket bestod i over 1000 år til.
Dei to rika glei ifrå kvarandre. ”Splittelsen ble understreket ved at latin seiret som kirkespråk i vestkirken, mens østkirken holdt fast ved gresk språk.” (Astås, 2002:81)
Det bysantinske riket var prega av samarbeid og harmoni mellom kyrkja og keisarmakta. I vest var stoda ei anna. I dei germanske folkeslaga som invaderte Romarriket, var stammehovdingen eller kongen leiaren, også over kyrkja. Vestens katolske kyrkje vart såleis spalta opp i ei rad katolske landskyrkjer/folkekyrkjer. Kyrkja si store betydning for folket, frå vogge til grav, virka likevel som eit lim, og heldt den vesterlandske kristendomen og kulturen saman som ein einskap. “Til trods for at det kristne Vesteuropa i kraft af den latinske kristendom ejede en åndelig enhedsgrund, var det rent faktisk delt op i en række landskirker under kongemaktens direkte ledelse.” (Christensen, 1969:304).
Maktkamp mellom verdsleg og geistleg styresmakt prega mellomalderen. “To institusjoner med samme undersåtter og delvis samme maktinteresser kom slik til å stå ved siden av hverandre gjennom middelalderen, snart i konflikt, snart i samarbeid.” (Astås, 2002:99). Gjennom vekselvis alliansar og rivalisering mellom kongemakt og kyrkje vart grunnen lagd for den vesterlandske katolisismen.
Kring tusenårsskiftet vart pavedømmet for alvor kraftsenteret for den historiske utviklinga i Europa. Gjennom kyrkjelege reformar fekk pavedømmet herredømmet over dei vesteuropeiske kyrkjene “og ledede og kontrollerede det kirkelige liv gennem et effektivt centralstyre. Dette medførte….en overvindelse af den nationalt-kirkelige partikularisme, men bandt til gengæld de vesteuropæiske folkeslag sammen i en international religiøs enhedskultur.” (Christensen, 1969:322). Med basis i Augustins bok “Om Guds stat” tok den kyrkjelege reformrørsla mål av seg å legge heile verda under pavens åndelege og verdslege herredømme. Denne vidareføringa av kyrkjereformar i kyrkjepolitisk retning, vart utforma og praktisert med konsekvens og styrke av pave Gregor 7. på slutten av 1000-talet, og ber namnet gregorianisme etter han (Astås, 2002:101). Denne utviklinga heldt fram under pavane på 11- og 1200-talet. Pavedømmet blei ei europeisk stormakt, og “en økonomisk verdensmakt av rang. I det ytre stod derfor pavedømmet på toppen av sin innflytelse på 1200-tallet.” (Astås, 2002:104).
Også på det indre plan hadde kyrkja stor innverknad og makt. “Kirken med sine sakramenter var og ble det faste punkt i tilværet.” (Astås, 2002:120) “I kirken fikk folk vigsel og høytid over livet, og frammøtet til gudstjenesten var stort….Kirken ble sentrum i livet, der fant man trygghet og vern mot onde makter, og Gud viste stadig på ny sin miskunn mot syndere.” (Astås, 2002:122)
I seinmellomalderen begynte folk å “vende seg bort fra kirkens krav om verdslig makt,” (Astås, 2002:123) Gradvis misser pavedømmet noko av si makt. “Paven måtte ty til ytre maktmidler for å holde på maktkravet, og dette undergravde kirkens religiøse funksjoner.” (Astås, 2002:131) Kritiske røyster hevar seg med styrke over forfallet i kyrkja, og reformasjonen måtte kome.

KYRKJELEG ARKITEKTUR OG KUNST I MELLOMALDEREN

Då kyrkja vart rikskyrkje under keisar Konstantin, skaut kyrkjebygginga fart.
Nesten alle kyrkjer var bygde i basilika-stil, ein bygningstype frå antikken som romarane overtok etter dei store forsamlingssalane i det gamle Hellas. Det var eit rektangulært rom som ved søylerader var delt opp i eit hovudskip og sideskip. I aust avsluttast midtskipet av ein apsis, eit halvsirkelforma utbygg på basilikaen, der altaret står. Apsis med altarpartiet var heva over golvnivået i hovudskipet, og var avgrensa av eit rekkverk. Slik markerte ein ikkje berre alteret som det sentrale elementet i gudstenesteromet, men også skiljet mellom lekfolket og presteskapet. I føydalsamfunnet i mellomalderen var ein elles ikkje ukjend med at det var skil på folk!
Den førkonstantinske kyrkja hadde avvist all slags biletleg framstilling av det guddommelege, både utifrå bildeforbodet i GT, og utifrå kampen mot den heidenske biletkulten. Men under påverknad av den hellenistiske diasporajødedomen, som hadde gått bort frå det strenge jødiske bildeforbodet, “oppstod imidlertid i begyndelsen af det 3.årh. en kristen ikonografi.” (Christensen, 1969:150). Utover i det 4.århundret utfalda den kristne biletkunsten seg for alvor. Det skuldast både at bildeforbodet miste sin aktualitet etter kvart som heidenskapen vart trengd tilbake, og at dei nye, flotte kyrkjebygga kravde ei tilsvarande rik dekorativ utsmykning.
I det bysantinske riket blomstra kyrkjekunst og arkitektur. Her vart det også skapt ei ny kyrkjetype, ei korskyrkje med ei rund sentralbygning med kvelv og kuppel. Den nye kyrkjetypen vart einerådande i det austlege imperiet, og danna også grunnlaget for den islamske moskéarkitekturen.
Arkitekturen svara til liturgien i aust, der nattverdfeiringa, leia av presteskapet, hadde blitt det dominerande og avgjerande i gudstenesta, “mens lægfolket var blevet reduceret til tilskuerens passive rolle.” (Christensen, 1969:178).
Innvendig var kyrkjene utsmykka med den største prakt, med mosaikkar og fresker. Karakteristiske trekk var framstillinga av Krtistus som den tronande verdshærskaren, og skildringa av viktige personar i frelseshistoria og englane. Alt dette “skulle understrege, at man i gudstjenesten delaktiggjordes i Kristi frelse og tog del i de himmelske hærskarers tilbedelse af Gud.” (Christensen, 1969:253)
Også i vest såg ein noko tilsvarande. “Det var romernes dristige eksperimenter som la grunnen til den strålende byggeteknikk vi finner i middelalderkirkene. Romerne lærte seg kunsten å bygge kupler med store dimensjoner. De oppfant sementen og skapte flyt og sammenheng i store steinkupler og innviklede former.” (Emnebiblioteket, 1970:6).
Det er altså den romanske stilen som fekk prege den første delen av høgmellomalderen. Ikkje berre er det kuplane som er typisk for den romanske stilen, men rundbogane er eit av dei mest utprega trekka. Kvelvingar og pilarar var av stein, bogane var lave og runde og med tjukke bereveggar til å halde dei oppe. På murane vart det måla freskomåleri, etter mønster frå den byzantinske stilen. “Koret ble større og ble skilt fra langhuset ved et tverrskip, så kirken fikk korsform.” (Astås, 2002:117)
Dei romanske kyrkjene var likevel noko tunge og mørke. Ikkje berre på grunn av dei tjukke murane som skulle halde oppe takkonstruksjonen, men også fordi det var lite lys som slapp inn gjennom dei små gluggane oppe på sidene. “Gjennom historien har religiøs arkitektur ofte søkt å skape en stemning av ærefrykt og tilbedelse ved å slippe lyset sparsomt inn.” (Emnebiblioteket, 1970:5). “Det siver et sparsomt lys inn gjennom de små rundgluggene oppe på langsidene” (Billedspor, 1996:139).
Det mørke romet gav næring til oppfatninga og kjensla av at det var noko mystisk og løyndomsfullt som føregjekk “der framme”.
“Messen blev det guddommelige drama, som menigheden skulle anskue – den ophørte med at være en menighedsgudstjeneste med lægfolkets aktive deltagelse. Denne ændrede forståelse indvirkede på selve messens liturgi, idet nye riter og bønner indføjedes for at understrege dens hemmelighedsfulde karakter, og samtidig banede den vejen for de private messer…Dette indvirkede atter på kirkebygningskunsten, hvor det førte til oprettelsen af talrige sidealtre ved siden af hovedaltret.” (Christensen, 1969:295)
Den gotiske stilen, som overtok etter den romanske, blomstra opp i Europa. Denne stilen vaks først fram i Nord-Frankrike frå midten av det 12.århundre, då byggjeprosessen med domkyrkjene Notre Dame i Paris, Bourges og Chartres vart oppstarta. “Disse kirkene har et rektangulært grunnplan med et vidt halvsirkelformet kor i motsetning til de engelske domkirkene som beholdt den latinske formen” (Emnebiblioteket, 1970:11).
Ein finn tre byggesteg;

  1. Tidleg engelsk gotikk
  2. Høggotikken
  3. Perpendikulærstilen

Tidleg engelsk gotikk finn ein hovudsakleg i det 13.århundre. “Stilen var enkel og streng med knippepilarar og ribbehvelv, høye spissbuer og lite utsmykking, skjønt vestfrontene var rikt dekorerte” (Emnebiblioteket, 1970:11).
I Høggotikken, som kom i det 14.århundre, fekk kyrkjene større vindauge. Vindauga vart delte opp i geometriske felt og ein nytta farga glass. Kvelvingane vart brotne opp med mange “ribber”. Kyrkjene fekk eit rikare, lysare og varmare preg.
I Perpendikulærstilen vart kyrkjene enda meir høgreiste og luftige. Dei kompliserte takkonstruksjonane gjorde at kyrkjene kunne strekkje seg opp mot himlen. Dei store vindauga vart delte opp med vertikale sprosser og stavar.
Bygningar i gotisk stil vart i veksande grad himmelstrebande byggverk.Rundbogane vart bytta ut med spissbogar og veggane vart tynnare. Vindauga vart høgre, og glasmåleria vart innført.
Glasmaleria var nok ein konsekvens av at ein hadde fått fleire vindauge, og veggane var ikkje lenger så godt eigna til veggmåleri. Men også i dei gotiske katedralane vart kvelvingane og veggane smykka med biletkunst. “Om man ikke alltid forstod så mye av ritualet og prekenen, hadde man de viktigste scener fra Bibelen framstilt som kalkmalerier på kirkeveggene eller som fargesprakende glassmalerier. Dette var “de fattiges bibel” (Astås, 2002:122). Mange kyrkjer fekk også kyrkjetårn.
I Vest-Europa vart det mot slutten av 900-talet bygd mange store pilegrimskyrkjer. Dette hadde samanheng med den stadig aukande relikviedyrkinga (relikvie = levningar frå ein heilag person). “Et helgenben kunne på samme måte som ikonen formidle den guddommelige kraft og nåde videre til andre.” (Billedspor 1, 1996:116). “Ambulatoriet ble for eksempel innført i pilegrimskirken som en byggteknisk løsning på pilegrimenes valfart rundt kirkens relikvier. I tilleg var pilegrimskirkene langt større enn de øvrige romanske kirkene, fordi de skulle romme mange flere mennesker.” (Billedspor 1, 1996:120).

STAVKYRKJER I NORGE

På 1800-talet vart svært mange kyrkjer i Noreg rivne. Mellom anna vart fleire stavkyrkjer jamna med jorda. “Alt som står igjen etter dei store rivingskamanjane på 1800-talet, er omkring tretti stavkyrkjer. Ein gong kan det ha vore så mykje som mellom 1000 og 1500 kyrkjer. I tillegg til dei få som er redda, kjem ein del som ikkje lenger er bevarte, men som ein fekk registrert og avteikna fagmessig før dei vart øydelagde.” (Nordhagen i Norsk Arkitekturhistorie, 2003:92-93).
Namnet stavkyrkje har sitt utspring i den spesielle byggemåten, der midtskipet består av lange, vertikale, berande stavar som er avstiva av horisontale bjelkar og andre nøye gjennomtenkte konstruksjonar. Stavkyrkjene strekkjer seg langt i høgda, og ofte kan midtskipa vere dobbelt så høge som dei er breie. “Utstrekninga i høgda av midtromet gjev i nokre av stavkyrkjene ein verknad som om dei skulle vere små katedralar.” (Nordhagen i Norsk Arkitekturhistorie, 2003:99).
Konstruksjonsmessig står stavkyrkjene som dei reinaste meisterverka. “Konstruksjonen er eit høgdepunkt av stabilitet, samstundes som ein sans for konstruksjonsdetaljane og deira geometri og visuelle verknad skin igjennom.” (Nordhagen i Norsk Arkitekturhistorie, 2003:108).  “Stavkyrkjetaka vart bygde ut med stadig fleire stabiliserande detaljar, i takt med storleiken på bygningane dei spente over. Bygningskroppande dei var festa til, var bygde opp av eit system av ledd – sviller, tile, stavar og stavlægje – som foreinte styrke med fleksibilitet. Bygningane med denne konstruksjonen, basert på djup innsikt i eigenskapane i trematerialet, stod imot presset frå både storm og snøfall, to av farane som truga byggverka i klimaet vårt. Løyndomen må ha vore kombinasjonen av stivleik og elastisitet, dvs. at heile bygningen gav etter utan å breste.” (Nordhagen i Norsk Arkitekturhistorie, 2003:95).
Det finns fleire teoriar om kvar påverknaden til stavkyrkjene kjem frå. Nokre hevdar at dei himmelstrebande kyrkjene er påverka av gotikken, men den perioda kom etter at storparten av stavkyrkjene vart bygde. I det store riket i Aust, Bysants, fann ein også ei sentralkyrkje med ein stor kuppel, så nokre meinar inspirasjonen kjem frå aust. Det finns også teoriar om at inspirasjonen kjem frå vest, gjennom dei romerske steinkyrkjene, og i mange av kyrkjene er dette dei mest truverdige teoriane. Om tradisjonen er frå aust eller vest er den gjerne vevd saman med lokale tradisjonar.
Dei norske stavkyrkjene er utsmykka med hovuda av
fabeldyr, menneske og monster. “I Borgundkirkens vestportal utkjempes det en voldsom kamp mellom vingedrager.” (Billedspor 1, 1996:142). Draken er eit uttrykk som kjem frå den romanske arkitekturen, men kva betyr den? “Drakekampane som er skildra med slik meisterskap på stavkyrkjeportalane, og som gjer dei til reine slagplassar for desse dyra, har ei uttrykkskraft som aldri er overgått i den romanske kunsten. Kan det vere kristningspatosen frå misjonstida som overlever i desse relieffa? Avmattinga som etter kvart skjer i drakeskjeringane, kan tyde på det. På 1200-talet er tida deira over.” (Nordhagen i Norsk Arkitekturhistorie, 2003:119).
“Mange har vore freista til å sjå “andletet til heidenskapen” i dette prydelementet. Forholdet er eit heilt anna. Desse hovuda er på sin måte eit utslag av påverknaden frå steinkyrkjene, for dei er nære slektningar av dei avskrekkande maskene av fabeldyr, menneske og monster som står i rekkje under takkanten på dei romanske steinkyrkjene i England og Frankrike. Tidleg på 1100-talet var slikt på veg inn i norsk arkitektur gjennom byggjehytta ved katerdralen i Trondheim.”(Nordhagen i Norsk Arkitektur-historie, 2003:111).
Det kan altså sjå ut som det er den religiøse gløden under kristningstida som kjem til uttrykk i portalane sine kampskildringar.
I steinkyrkjene sine portalar er ”Bibelens Dommedag” eit vanlig motiv.

AVSLUTNING

Kyrkja sin vekst gjorde det nødvendig å reise eigne kyrkjebygningar for kontemplasjon. Arkitekturen i kyrkjene har endra seg hovudsakleg på grunn av byggtekniske utfordringar ein møtte med kravet om større kyrkjer, maktspelet i kyrkja og formidling av den kristne bodskapen.
Skiljet mellom aust- og vestkyrkja, viser igjen på korleis bygningane er utforma. Føydalsamfunnet har gitt sitt utslag i kyrkjearkitekturen. Forholdet mellom heidenskapen og det heilage har sett eit tydeleg preg på kyrkjekunsten. Ein kan ramse opp mange dømer! At kyrkjebygningane kan seie oss noko om det kristne livet i den tida dei vart bygde, er det neppe tvil om.

LITTERATUR:

Billedspor – Kunst- og kulturhistorie, Bind 1.

  1. Tell Forlag, Vollen 1996.
  2. Gunnar Danbol og Mabel Kjerschow.

Emnebiblioteket – Om arkitektur og byggjekunst.

  1. Gyldendal Norsk Forlag, Oslo 1970.
  2. Thorbjørn Faarlund, Nils Sjøberg, Thorleif Øisang.

Kirke i vekst og virke. Allmenn og norsk kirkehistorie.

  1. Gyldendal Norsk Forlag, Oslo 1992
  2. 4. utgåve, 5. opplag 2002.
  3. Reidar Astås.

Kyrkohistoria – Bind 1.

  1. Svenska Bokförlaget, Stockholm 1969.
  2. Torben Christensen.

Norsk arkitekturhistorie.

  1. Det Norske Samlaget, Oslo 2003.
  2. Nils Georg Brekke, Per Jonas Nordhagen og Siri Skjold Lexau.

André Sæter,
Fosnavåg, 07.05.2008.

feb 18

Dette er ei oppgåve eg skreiv då eg studerte KRL ved Høgskulen i Volda:

INNLEIING

Markusevangeliet er det første av dei tre sokalla synoptiske evangelia (Matteus, Markus og Lukas). Ordet synoptisk kjem frå to greske ord som tyder ”å halde saman”. Desse tre evangelia er så like i disposisjon og innhald at dei kan samanliknast med tilsvarande tekster ved sidan av kvarandre.
Når vi legg til Johannesevangeliet, har vi det som tilsaman utgjer evangelielitteraturen. Denne litteraturen utgjer den største delen av NT. Hovudpersonen i dei evangeliske skriftene er Jesus frå Nasaret.
Denne oppgåva er i mikroeksegese av Markusevangeliet. Eg vil først seie litt om forfattaren. Vidare vil eg kort nemne kva tid, kvar og til kven det har blitt skrive. Så vil eg seie litt om forma på evangeliet og litt om kva som spesielt kjenneteiknar det, før eg til slutt greiar kort ut om innhaldet.
Eg er redd storleiken på oppgåva ikkje gjer det mogleg å gå heilt i detaljane på det eg tek opp, og eg det er ikkje rom til å gå innom alt som kunne vore spennande og nyttig å seie litt om, men eg trur likevel mikroeksegesa mi kan være interessant og lærerik.

Forfattaren
Markusevangeliet ber preg av ein forfattar som var godt kjend med jødiske skikkar og tilhøve, og som kjente godt til apostlane og forkynninga deira. Evangeliet er anonymt, men tradisjonelt reknar ein Johannes Markus (heretter omtala som Markus) som forfattaren av evangeliet.
Barndomsheimen til Markus var sentral i den første kyrkje-lyden i Jerusalem. I denne kyrkjelyden var apostlane sentrale aktørar. Det er mogleg at Jesus spiste påskelammet med læresveinane sine her, og at det var her læresveinane var samla bak stengde dører mellom oppstoda og pinse. Då har isåfall Markus kjent godt til leiarane i meinigheita (Uglem, 1969:16).
Markus reiste med Paulus og Barnabas på den første misjons-reisa, der han var hypærétæs (tjenar, hjelpar eller assistent). Personar som omtalast med denne tittlen er ofte rekna for å være evangelieforteljarar, og ein kan rekne med at Markus har hatt ein funksjon som kateket. Sjølv om han har hatt ein underordna funksjon i forhold til dei misjonerande apostlane, han han likevel vore høgt verdsett (Modalsli, 1981:32-33).
Paulus omtalar Maruks som ein nær medarbeidar i eit av fangebreva sine, og han skreiv at Markus var ein av dei Paulus ynskte å ha i nærleiken den siste tida han levde.
Markus var ikkje sjølv augevitne til Jesus, men han kjende godt til andre augevitne, då særleg Peter. Markus var tolk for Peter.

Tid, stad og adressat.
Markusevangeliet er truleg det eldste av evangelia. Dette grunngjev ein med at det ser ut til at både Matteus og Lukas byggjer på stoff frå evangeliet etter Markus.
Markusevangeliet er tidfesta til åra mellom 65-70 e.Kr. Dateringa er særleg knytta til Jesu apokalyptiske tale, der han forutseier at tempelet skal rivast ned (Hvalvik, 2006:201).
”Det finnes få holdepunkter for en sikker lokalisering, men ifølge den oldkirkelige tradisjon var det altså skrevet i Italia/Roma. Hvis dette er korrekt, er det nok i hovedsak skrevet for hedning-kristne. Dette korresponderer med det forhold at Markus gjennomgående forklarer jødiske skikker (…) og oversetter arameiske ord” (Hvalvik, 2006:202).

Form
”Med sin framstilling av Jesu liv hadde Markus skapt en ny litterær sjanger: evangelium.” (Hvalvik, 2006:202). Evangeliet har elles mykje til felles med antikke biografiar, der meininga til dømes kan være å lovprise ein person, setje fram eit døme til etterfylgjing eller å ta vare på ein persons minne.
Det finns ulike disposisjonsforslag til korleis Markusevangeliet er bygd opp. Hvalvik har valt fylgjande disposisjonsforslag:

Prolog (1 – 1,13)
I. hovuddel: Jesu offentlege verksemd i Galilea (1,14 – 8,26).
(i)   Jesu opptreden med makt og mynde (1,16 – 3,12).
(ii)  Jesu verksemd set skiljer (3,13 – 6,6).
(iii) Jesu vender seg til jødar og heidningar (6,7 – 8,26).
II. hovuddel: Jesus på veg til Jerusalem; liding og død. (8,27 – 16,8).
(iv) Jesu veg mot lidinga og kallet til etterfygjing (8,27 – 10,52).
(v)  Jesu møte med Jerusalem og leiarane for folket (11,1 – 13,37).
(vi) Jesu liding, død og oppståde (14,1 – 16,8).
Sekundær avslutting (16,9 – 16-20).

Saklege og pedagogiske omsyn, og ikkje den historiske rekkefygja, synest altså å ha vore bestemmande for korleis forteljingane vart ordna. (Modalsli, 1981:27). I hovudsak kan ein sortere avsnitta (perikopane) under likningar og underforteljingar.
Det er vanskeleg å seie om den sekundære avsluttinga verkeleg er Markus sine ord eller om den opprinnelege avslutninga har gått tapt. Sakleg sett er den sekundære avsluttinga på linje med evangeliet som heilheit, men dei er ikkje skrivne ned av Markus sjølv. (Hvalvik, 2006:203).

Særtrekk
Markus er kjent for å være ein framifrå forteljar. Han har ikkje vore opptatt av å framstille Jesu livshistorie, men å forkynne evangeliet hans. Han forutset ikkje mykje teologi eller stor kjennskap til GT hjå lesaren. Episodene talar for seg sjølve, så Markus gir ikkje mange kommentarar.
Det er Jesu person som dominerer heile forteljinga. Det er spesielt fokus på hans gjerningar, meir enn talane hans, og Jesu død og oppståde er klimaks i beretninga. Ein kan kalle Markusevangeliet for ”handlingens evangelium”. Sett i forhold til omfanget, har ingen av evangelistane fått med så mange av undergjereningane til Jesus.

Innhald
Hvalvik deler evangeliet inn i seks hovudavsnitt (sjå sisposisjonsforslag på forrige side). I første hovudavsnitt (kapittel 1,16-3,12) teiknar Markus eit typisk bilete av Jesus, og fortel om dei reaksjonane som Jesus si verksemd skapte. Her er den eskjatologiske frelsestida komen. Det er tid for oppfylling av løfta og at Gudsriket sine krefter gjer seg gjeldande i denne verda. Markus fortel også om då Jesus kalla læresveinane.
Det er sentralt hjå Markus å få fram den mynde som Jesus opptrådde med. Markus framhevar at Jesus var lærar. Det er imidlertid lite om innhaldet i sjølve undervisninga hans, men meir om reaksjonen på læra hans (1,22).
Markus fortel også om undergjerningane Jesus gjorde, om utdriving av vonde ånder og helbredingar. Jesus sine undergjerningar gjorde Jesus populær og han vart oppsøkt av store folkemengder. Denne populariteten gjorde at Jesus stundom måtte trekkje seg unna til øde stader. Jesus var populær mellom folket, men han var i stadig konflikt med farisearane og dei skriftlærde.
I andre hovudavsnitt (kapittel 3,13-6,6) fortel Markus om då Jesus samla læresveinane. Dei skulle forkynne og ha makt til å drive ut vonde ånder. Her vert det også fortalt om Jesus si makt over naturkreftene, vonde ånder, sjukdom og død.
I tredje hovudavsnitt (kapittel 6,7–8,26) møter vi Jesus som hyrde. På slutten får vi høyre at heller ikkje læresveinane fullt ut forstod Jesus sin handlingsmåte og forkynninga hans.
I fjerde hovudavsnitt (kapittel 8,27–10,52) høyrer vi om Peter si vedkjenning. Jesus talar vidare om at han skal lide og døy, og vi møter tema om etterfølging og disippelskap. Her møter ein og litt av innhaldet i Jesus si undervisning. Han lærte om det å drive ut vonde ånder.
I femte hovudavsnitt (kapittel 11,1–13,37) les ein om Jesus sitt møte med folket i Jerusalem. Jesus si lære vekte oppsikt også her, og folket samla seg og lytta til det han lærte og forkynte. Men Jesus kom i konfrontasjon med folket sine lærarar.
Vi møter vidare Jesus eskjatologiske tale til læresveinane. Jesus si liding og død er heilt sentralt hos Markus. Så er det nettopp i lidingsforteljinga at Jesus sin identitet som Guds son vert kjend for motstandarane hans. Hvalvik seier at Markusevangeliet er prega av korsteologi (s.209).

Avslutting
Markusevangeliet er skrive av Johannes Markus som var tolk for Peter og medarbeidar til Paulus og Barnabas. Markus må ha kjent godt til Jesu augevitner, men var ikkje sjølv eit augevitne.
Evangeliet er tidfesta til åra mellom 65-70 e.Kr. og er truleg det eldste av dei fire evangelia. Både Lukas og Matteus byggjer på stoff frå Markus. Tradisjonen seier det har blitt skrive i Italia, og Markus har nok først og fremst skrive evangeliet til heidningkristne.
Sjølv om verket til Markus har mykje til felles med antikke biografiar, blir det likevel sagt at han skapte ein ny litterær sjanger (evangelium).
Ein kan i hovudsak kan ein sortere perikopane under likningar og underforteljingar. Markus er kjent for å være ein framifrå forteljar. Han har ikkje vore opptatt av å framstille Jesu livshistorie, men å forkynne evangeliet hans. Det er spesielt fokus på Jesu gjerningar, meir enn talane hans, og Jesu død og oppståde er klimaks i beretninga. Ein kan kalle Markusevangeliet for ”handlingens evangelium”.

LITTERATUR

Bibelen.

  1. Det Norske Bibelselskap, 2006 (GT 78/85 og NT05).

Den Store Fortellingen.

  1. Reidar Hvalvik og Terje Stordalen.
  2. Det Norske Bibelselskap, 2006 (3. opplag).

Fortolkning Til Markusevangeliet (Bibelverket).

  1. Ole Modalsli.
  2. Luther Forlag og Lunde Forlag, 1989 (4. opplag).

Innledning  Til Det Nye Testamentet.

  1. Olav Uglem.
  2. Lunde Forlag, 1969.


André Sæter,
Volda
, 18.02.2008.

preload preload preload