Torgeir har snikra saman ein trailer til Gratistur-filmen. Her er resultatet!

Etter å ha haika frå Noreg til Afrika utan ei einaste krone i lomma, kan Torgeir og eg være stolte av å ha samla inn 17.500,- kroner til den tekniske fagskulen som PLAN held på å bygge opp i Sør-Sudan. Desse pengane kjem frå sponsorinntekter, både frå bedrifter og privatpersonar. Vi vil takke for all støtte til prosjektet! Dette beløpet vil verkeleg kome godt med i oppbygginga av skulen!
Haiketuren starta 15. august og vart fullført 6. september. Med andre ord brukte vi tre veker på å haike gjennom Europa. Då vi skilte lag i Barcelona, hadde vi saman haika 3154 kilometer. Eg haika då dei resterande 1327 kilometerane på eigahand. Det betyr at totalt vart haiketuren på 4461 kilometer! Det er eigentleg ganske langt.
Dersom du vil ha meir informasjon om prosjektet, sponsorane, høyre radiointervjua våre og så vidare, så tek du turen innom reisebloggen vår: www.gratistur.com
Eg er i Afrika, og haikeprosjektet er fullført! Dette har vore litt av ei reise! Spesielt bra var turen fram til Barcelona, då Torgeir var med. Utan Torgeir hadde dette prosjektet aldri blitt fullført! Vi kan begge være stolte over at prosjektet er fullført! Vi veit ikkje heilt kor mykje pengar vi har fått samla inn til skulen i Sør-Sudan, men det kjem vi tilbake til..

Her i Maroko er det mykje spennande å sjå. Det er stor skilnad i forhold til Europa, men standarden er framleis mykje betre enn eg hadde venta meg. Kanskje litt fordi eg har budd i Mali eit år? Ikkje veit eg. No skal eg iallfall berre nyte øyeblikket, sjølv om eg sit på ein turistbuss..

I morgon set eg kursen heim. Når eg kjem heim, har eg ein dag fri, så må eg begynne i den nye jobben min. Dette var altså på hengande håret, men betre seint enn aldri!
Tusen takk til alle som har fulgt oss på turen, i ånden eller på internett!

Eg sit no på ferja på veg til Marokko! Det er vakkert å sjå at eg sakte men sikkert bevegar meg bort frå Europa, og nærmar meg Afrika!

Det er litt utruleg å tenke på at eg har haika gjennom Europa utan pengar. Det hadde ikkje gått utan Torgeir sitt selskap fram til Barcelona. No sit eg på eit hotell i Algeciras og er i ganske dårleg form. Eg har ikkje vore heilt i strøk sidan Barcelona, men i dag toppa det seg. Eg verker i heile kroppen, er slapp og har temmeleg vondt i halsen. Derfor innlosjerte eg meg på eit hotell i dag.
Dei som synest dette er i gråsona, må lese dette: For det første er eg i så dårleg form at eg verkeleg bør slappe skikkeleg av no. For det andre har eg allereie sikra meg gratis ferje til Afrika! Dette gjorde eg ved å prute på prisen til pakketuren til Marokko som hotelet tilbyr i morgon. Eg har med andre ord sikra meg billett til Afrika før eg har brukt ei einaste krone. Det må vel være godkjent vel?
I morgon kryssar eg altså Middelhavet og set beina mine på det afrikanske kontinentet igjen! Det vert nok eit magisk øyeblikk!
Etter eg tok farvel med uteliggarane i går, stod eg resten av dagen og haika. Seint på kvelden, då eg skulle finne meg ein plass å sove, vifta eg berre på tull ut skiltet eg hadde laga der det stod “Malaga” på. Då stoppa ein trailer. Sjåføren, som var frå Frankrike, skulle til Malaga og gav meg haik dit!
Eg kom fram til Malaga tidleg på morgonen i dag. Eg gjekk til stranda og la meg til å sove der. Då eg ikkje fekk sove meir, brukte eg tida på å slappe av i frisk middelhavsluft!
Litt ut på dagen, gjekk eg bort til eit hamneområde. Der traff eg ein trailersjåfør som skulle til Algeciras, og eg spurte om å få haik. Han var skeptisk, men bad meg kome tilbake seinare så han fekk tenke litt på det. Då eg kom tilbake, hadde han bestemt seg. Eg skulle få haik til Algeciras!
For de av dykk som ikkje veit kvar Algeciras er, så er det ein hamneby like ved Gibraltar – med gode båtforbindelsar til Afrika! No er målet snart nådd!!!
Eg var uteliggar i natt, så kvifor ikkje prøve seg som uteliggar på dagtid også? Ved ein fortauscafé her i Córdoba traff eg ein triveleg mann, eller ein uteliggar om du vil. Eg sette meg ned med mannen og prøvde å få til noko som likna på kommunikasjon. Etter ei lita stund var vi på bølgelengde. Denne mannen spanderte mat på meg, eit tørrt rundstykke med ei brun gugge på, og eg våga meg til å prøve å spise det. Det var ikkje så verst faktisk. Eg har vore litt småsjuk sidan eg forlét Barcelona, så kva gale kan vel eit udelikat smørbrød gjere?

Etterkvart, kom det fleire uteliggarar til. Medan pene byfruer gjekk forbi med nasa høgt til vërs, og andre småflirte til oss, hadde vi ei hyggeleg stund saman rundt det vesle bordet. Eg følte meg faktisk som ein av gjengen!
Ein mann med ei handlevogn full med hundar kom bort. Først tenkte eg at denne mannen driv dyreplageri, men det viste seg straks at denne mannen tok vare på forlatte hundar som var sjuke eller skada.
Då eg tok farvel med desse mannfolka, gav mannen som spanderte mat på meg 1 euro. Det var alt han hadde. Og den gav han til meg. Eg vart lettare rørt av å få oppleve godheita desse uteliggarane utstrålte. Dei er skitne og nedsarva på utsida, men på innsida er dei skinande og krittkvite.
Eg har komt meg heilt til Córdoba, ein by som ligg temmeleg langt sør i Spania! Etter eit par timar i vegkanten, plukka Pablo meg opp, seint i gårkveld. Pablo er utruleg nok spansk! Til margen faktisk. I løpet av den lange turen, snakka han i eit sett til meg – på spansk. Eg prøvde å fortelje at eg ikkje forstod kva han sa, men det virka som han ikkje ville høyre på meg.
Seint på natta kom vi fram til Córdoba. Eg gjekk inn til sentrum og la meg til å sove i parken. Litt skummelt med tanke på bagasjen å ligge under open himmel i ein bypark, men eg hadde følt meg meir ubekvem med eit telt. Og så kjennest lufta litt friskare ut.

Eg har fått sove nokre få timar i natt, og no er det på’n igjen med å prøve å haike vidare..
Språkproblem er ein del av gamet når ein er ute og reiser, men nokre gongar vert konsekvensane litt kjedelegare enn ein skulle ønske. Sidan det var uråd å få haik frå “den strategiske plassen” i utkanten av Madrid, bestemte eg meg for å gå eit lite stykke for å kome til ein bensinstasjon.
Derfor spurte eg ein mann om kor langt eg må gå for å kome til neste bensinstasjon. Eg oppfatta at svaret var 3 kilometer, så eg begynte å gå langs motorvegen. Igjen. Men bensinstasjonen dukka ikkje opp..

Då eg hadde gått 12 kilometer kom eg til dette skiltet. Då forsto eg at mannen truleg hadde sagt 13 kilometer, ikkje 3. Det er litt forskjell, spesielt når ein går til fots med ein tung ryggsekk langs motorvegen..
Eg har no teke farvel med Pablo, sjåføren som gav meg haik på oppfordring frå den trivelege mannen frå Portugal. Pablo snakka berre spansk, så det var ein veldig stille tur. Men det er fint det også. Som eit brot i stillheita spelte Pablo musikk på stereoanlegget, og tanken slo meg: “Kvifor høyrer spanjolar engelsk musikk når dei ikkje kan eit kløyva ord engelsk?”

Velkommen til André Sæter's Websider!
Håpar du finn noko interessant. 




