aug 09

I dag har eg teikna takkonstruksjonen til garasja vår i 3D. Det har seg nemleg slik at når ein skal byggje noko, er det lurt å “byggje” det på papiret først. Då vert ein merksam på eventuelle byggtekniske utfordringar før ein står midt oppe i dei. Kanskje slepp ein til og med å rive det ein har bygd opp.

Med ei slik teikning har ein mange andre fordelar. Ein kan få ut arbeidsteikningar, slik at ein veit kvar ein skal plassere dei ulike bygningsdelane. Ein kan kjappt rekne ut kor mykje material ein treng osv.

Så når materialen kjem i hus på onsdag, er det i hovudsak tidsprioriteringa som bestemmer kor lang tid det tek før garasja er oppe. For på papiret er dei fleste utfordringane allereie løyste.

jun 25

Dette bygget teikna eg med Google SketchUp. Tanken var å teikne eit kulturhus med eit amfi som er spesielt bygd for å gi eit godt lydbilete. Sjølve amfiet er inspirert gamle arenaer som til dømes Colosseum, altså byggverk som er velkjente for mellom anna evna til å bære lyd.

Kulturhuset er teikna med omsyn til krav til offentlege bygg, og plasseringa av dei ulike roma er nøye gjennomtenkte. Bygget har mange rom som er spesielt tiltenkt kulturelle aktivitetar som til dømes musikk, utstillingar, dans osv.

Biletet her er ufullstendig, men det kan gi eit hint om tanken om å gi det eit snev av maritimt preg (bølgjer).

jun 25

Dette er ein einmannsbustad, og eg har prøvd å gi bygget reine linjer. Bygget er i hovudsak bygd i mur, men har enkelte rom som er bygd av trematerialer. Eg har med andre ord prøvd å teikne eit hus som er lett å vedlikehalde, men som likevel ikkje framstår som ein betongkloss.

Huset er konstruert slik at det skal fange opp mest mogleg sollys, slik at ein på den måten reduserer behovet for å varme opp huset med andre energikjelder. Rominndelinga tek omsyn til at varmen stig opp, så ein slepp inn mest lys i den nederste etasja. Tanken var å skape eit lavenergihus utan å gjere mange kompromiss med arkitekturen.

jun 25

Då eg teikna dette huset, adopterte eg tanken om å sleppe inn sollys ovanfrå og ned til den nederste etasja. På denne måten får ein ei lys løysing, samtidig som ein sparer energi. Innebygd solcellepanel i taket gjer huset nesten sjølvforsynt med energi.

Med ein stor og lys kjøkkenhage, skulle det også være mogleg å få ei kvinne til å bu her. Det manglar ikkje på plass, og det er plass til mange barn, eit par stasjonsvogner og alt det der..

jun 25

Dette er ein av favorittane mine. Det er sikkert fordi eg er glad i vinklar og glas. Ønsket om å byggje eit hus ved havet, gjer dette ikkje til eit dårleg alternativ. Frå dette huset har ein iallfall moglegheit til å sjå på havet, for det manglar ikkje på vindu.

Eg ville gi huset eit preg av å være uroleg som havet, samtidig som det skal svare bestemt tilbake mot havets krefter. Derfor har huset bestemte linjer, og det er sjølvsagt bygt i mur.

jun 25

Av alle hus eg har teikna, trur eg dette må være favoritten. Stilen på dette huset er – som huset over – prega av vinklar og glas, men her er det treverk som gjeld. Huset strekkjer seg også meir i lengda, sjølv om eg har lagt vekt på god takhøgde.

Med sine to soverom, er ikkje huset tiltenkt ei stor familie. Her har store og lyse stover og eit stort kjøkken stått øverst på prioriteringslista. Perfekt for eit par som ikkje vil ha barn, men som meir enn gjerne tek imot besøk.

jun 25

Slik blir det når fantasien slår inn og fornufta fell ut. Sansen for skjønnheit ser også ut til å være borte skal eg være ærleg, men nokre gongar er det kjekt å eksprementere litt.

Då eg teikna dette bygget, hadde eg stort sett to ting i tankane: Glas og betong som brettar seg rundt glaset.

Sidan dette bygget er så stygt, kunne det kanskje brukast til å skjemme ut eit bysentrum. Det kan virke som det har vore populært å gjere enkelte stader. Eit rådhus kanskje?

jun 25

Egget

By André Sæter Teikning No Comments »

Då eg teikna dette bygget, klarte eg merkeleg nok ikkje å slutte å tenkje på eit knust egg, noko som sette sitt spor på utforminga av bygget. Mykje tyder på at det er mange designerar som strevar med det samme problemet faktisk..

Eg har ikkje hatt noko klar formeining om kva dette bygget kan brukast til, men ytterveggar som består av lett sota vindauger, vil gi bygget eit eksklusivt preg. Med god takhøgde, vil dei ytre roma i bygget framstå som svært lyse og luftige.

jun 25

Dette er resepsjonen til bygget over, og eg har også her valt å ta utgangspunkt i eit egg då eg teikna den. Dette gir den eit preg som skil seg ut, utan at det går på bekostning av praktiske løysingar. Heile veggen rundt består av skuffer og skap, med ei langsgåande benkeflate. Nokre av skapa har glasdører og lett belysning, i tillfelle resepsjonisten har behov for å pynte litt ekstra til.

jun 25

Då eg drøymde om å bli arkitekt, drøymde eg om at dette kunne bli kontorlokala mine. Det er fint å ha draumar, og det er fint å ha fornuft som seier stopp.

Bokstavane A & D har prega bygget og utforminga av det. Desse to bokstavane står for “arkitektur” og “design”, noko som ville vore svært passande på eit arkitektkontor.

Sidan dette bygget truleg hadde vore for kostbart til å tjene som kontorlokale, ser eg ei moglegheit til å gjere nokre små justeringar, slik at dette kunne blitt eit moderne kyrkjebygg.

preload preload preload