aug 09

I dag har eg teikna takkonstruksjonen til garasja vår i 3D. Det har seg nemleg slik at når ein skal byggje noko, er det lurt å “byggje” det på papiret først. Då vert ein merksam på eventuelle byggtekniske utfordringar før ein står midt oppe i dei. Kanskje slepp ein til og med å rive det ein har bygd opp.

Med ei slik teikning har ein mange andre fordelar. Ein kan få ut arbeidsteikningar, slik at ein veit kvar ein skal plassere dei ulike bygningsdelane. Ein kan kjappt rekne ut kor mykje material ein treng osv.

Så når materialen kjem i hus på onsdag, er det i hovudsak tidsprioriteringa som bestemmer kor lang tid det tek før garasja er oppe. For på papiret er dei fleste utfordringane allereie løyste.

aug 07

Å arbeide saman, er ein god måte å være saman på. Det synest iallfall eg. I går bygde eg ferdig garasjegolvet, medan mamma og pappa gjorde ferdig blomsterbedet bak garasja.

Her er pappa klar til å strø bork utover bedet. I forkant hadde han og mamma luka og reinska området godt. Med andre ord har det blitt nokre hakk trivelegare rundt huset vårt no.

Neste prosjekt no er å bestille taksperrer. Så kan vi byggje ferdig dei siste veggane til garasja medan vi venter på at sperrene kjem.

jul 28

Om eg skal seie det sjølv, vart varebilen betrakteleg betre etter at bakrutene vart sota. Litt vask av interiøret og seterens gjorde også susen. Dette er noko av det eg har styrt med i dag. I morgon vert det full service, med utskifte av diverse filter, olje og bremseveske. I lengda er det pengar å spare på å ta vare på bilen, og ikkje minst gir det ei god kjensle å ha ting på stell.

jul 23

Det har blitt mange utflukter denne sommaren, så eg har ikkje vore mykje heime. Likevel har det blitt litt tid til garasjebygging saman med familia. I dag fekk vi lagt halve bjelkelaget til garasjegolvet. Dette gjorde eg saman med pappa og Eivind, medan John Henrik, Kristi og mamma styra med andre ting i hagen.

Garasja er og blir eit spennande og lærerikt prosjekt. Når golvet er på plass skal vi byggje veggane, feste taksperrene og knyte garasja saman med huset. Så vert det bordkledning og takstein som på resten av huset. Garasja får pulltak på 18 grader for den som er interessert.

Medan vi heldt på å leggje lina, bygde pappa og Eivind denne trappa og la singel rundt garasja, så det begynner så smått å vise igjen at vi har jobba litt. Praktisk arbeid er iallfall ein fin sosial aktivitet!

apr 13

Her er eit lite utdrag frå arbeidsdagen min i dag. Som biletet over syner, har eg skore hol gjennom ein vegg for å få inn eit vindauge. Etter å ha fjerna den utskorne biten, sette eg inn beslag av blekk rundt, før eg så monterte vindauget saman med kollegaen min. Enkelt forklart. =)

I løpet av arbeidsdagen sette eg inn to slike vindu, før eg tok til å liste seks vindauge. I tillegg til å køyre og flytte liften som eg stod og arbeidde i. Det heile gjekk nemleg føre seg eit lite stykke over bakkenivå.

Det må også nemnast at etter lunchtider, vart det eit sabla fint vær. Det var rett nok ein ganske kald nordavind, men kva gjer vel det når ein står på sørsida av bygget? Iført t-skjorte, snikkarbukse og snikkarvest, nytte eg tilværet som snikkar i fulle drag. Det er greit å jobbe i ruskevêr, fint når det er overskya, og fantastisk når det er sol og varme!

mar 15

No begynner varebilen min å likne på ein varebil på innsida også. I løpet av eit par ettermiddagar tok eg å snikra saman denne hylla, så no har eg ein rullande verkstad. Det står att litt arbeid enno, som mellom anna å få på plass eit sortimentskap og nokre småhyller innerst i bilen, men dette tek eg når programmet mitt er litt mindre fullpakka enn det er no. Eg har iallfall fått unna det viktigaste og største arbeidet.

jul 15

Då eg var elev på Bil&MC-linja ved Nordhordland Folkehøgskule, hadde eg to bilar som eg styrte med. Det første halvåret skifta eg ut det elektriske anlegget på den turkise bobla mi, ei VW Boble 1302S (1972). Denne bobla selte eg våren 2005.

Ved nyttårsskiftet kjøpte eg ein Toyota Starlet 1.2 DL. Årgangen er 1979 og det er den sokalla KP62 utgåva. Bilen hadde mykje rust, men ikkje på vesentlege delar, og elles var bilen i god stand. Bilen hadde berre ein tidlegare eigar, ei eldre dame som truleg berre hadde brukt bilen til og frå butikken, bedehuset eller kva det no måtte være. Kilometerstanden var med andre ord berre 49.000 kilometer då eg tok over bilen, ein kilometerstand som er dokumentert med servicehefte.

Då eg opna askebegeret fann eg twistpapir, ferjebillettar og bruskorker som skriv seg tilbake til 1988. Dette var i år 2005. Med andre ord kunne eg møte på nokre utfordringar med ein litt sur motor, men etter å ha prøvekøyrt den, kunne eg senke skuldrane.

I tillegg til rust, hadde bilen nokre små bulkar som måtte rettast ut. Fordomane mine seier at historia bak desse bulkane har etterlatt sett nokre vettskremte postkassestativ, portstolpar og handlevogner. Uansett korleis fortida til denne bilen har sett ut, bestemte eg meg for å gi den livet tilbake og kalle den Nelly… Her kjem ein smakebit frå oppussingsprosessen:

Dette er eit fabrikkfoto av ein 1979-modell av KP62-utgåva. Fargen på Nelly var raud, falma og godt slitt, så eg bestemte meg fort for at den skulle få seg ein ny lakk. Det var ikkje lett å bestemme kva farge eg ville gi Nelly. Valget fall på den svartaste av alle svartfargar. Den fargen gir ein viss spegel-effekt og er truleg den fargen som lettast avslører ujemnheiter i metallet, så eg måtte frå byrjinga av være nøyaktig med arbeidet ned til den minste detalj.

Det enkle er ofte det beste. Derfor valte eg å kutte ut nesten alt som kunne oppfattast som overflødig. Derfor fjerna eg støtfangarane, emblem og gummilister. Listene var berre limte fast, så dei fjerna eg lett med kniv.

Fjerning av emblema kravde litt meir arbeid. Desse var festa med klips gjennom eit lite hol i karosseriet. Eg måtte då slipe ned lakken rundt og sveise att desse hola. Deretter måtte eg slipe ned sveisepunktet, før eg kunne sparkle området rundt.

Området rundt hjulbuane var sjølvsagt også utsett for rust. Desse områda slipte eg ne, la på ruststoppar og sparkla. Nokre stadar skar eg ut det metallet som var angripe av rust, før eg sveiste på ein ny metallbit som eg forma til sjølv.

Området rundt bensinloket var også utsett for rust, så eg reparerte dette. Her har eg lagt på første lag med sparkel og pussa det ned. Eit trent auge ser truleg at det har står att ein del arbeid.

Dørene måtte også overhalast. Den nedre delen på begge dørene, bar preg av rustangrep. I tillegg måtte eg rette ut diverse bulkar, og behandle riper i lakken. For å kome til på vanskelege stader, tok eg ut dørene.

Langs dørene var lakken slitt, og rusten begynte såvidt å melde seg. I tillegg hadde kanalen under døra fått sett ein kakk. For å rette ut bulken i kanalen, sveisa eg på eit lite metall-stykke i senteret på bulken, fann med eit spesialverktøy, og slo så bulken ut att. Deretter sparkla eg området for å slette alle spor etter skaden.

Framme, bak støtfangaren, stod det ein stolpe som ikkje var plassert i midten på bilen. Dette irriterte meg, så eg flytta den til midten. På biletet ser vi at eg akkurat har skore av stolpen.

Her har eg sveisa på plass stolpen i midten. Då den var på plass, begynte eg å forme metallbitar som skulle setjast inn der stolpen tidlegare hadde stått. Desse sveisa eg på, før eg pussa ned sveisepunkta, og begynte sparklinga.

Etter litt sparkling, vart alt mykje betre. Bildet er teke før eg var heilt ferdig, for vi skimtar at det dukkar opp litt metall inn i mellom, noko som vitnar om ujemnheiter. Eg måtte derfor banke desse på plass, før eg så la på fleire lag med sparkel.

Motorromet på bilen var såpass ryddig og fint at eg valte å ikkje gjere noko med det. Med andre ord finn du svaret på minst to spørsmål under panseret. 1) Kva farge bilen hadde før. 2) Kvifor eg valte å lakkere bilen i ein anna farge.

Sidan eg bestemte meg for å fjerne støtfangaren bak, måtte eg gjere ein heil del ekstra arbeid. Dette er den delen av bilprosjektet eg er mest stolt av. På biletet over ser vi at eg heldt på å skjere bort metallet på bakenden. Her er mange hol og ujemnt metall som må vekk. I tillegg ser vi ei utståande list som også måtte bort.

Her har eg fjerna alt metallet eg ikkje vil bruke, så no er det klart for å starte arbeidet med å lage ein ny bakende til bilen, frå grunnen av. Til dette brukte eg ei stor metallplate som eg forma til slik eg ville ha den.

Her har eg klippt ut den store metallplata, og starta arbeidet med å sveise den på. Eg jobba bevisst frå toppen og ned.

Her begynner eg å bli ferdig med bakenden, men det står framleis ein del arbeid att. Ein kan sjå at eg har laga til ein bue over der eksosrøret kjem ut, og dette kravde mykje arbeid. Nederst langs heile kanten går nemleg ein stålstolpe som skal stive av den nye bakenden. Ein måtte mellom anna ta omsyn tilat den vesle bøyen vil gjere stolpen litt kortare. I tillegg var stolpen steinhard, og derfor vanskeleg å utforme, men det gjekk til slutt. Eit trent auge ser kanskje at eg også jobbar med å få til ein fin overgong fra dobbelbøy til enkeltbøy i overgongane frå sidene til bakenden.

Taket var også utsett for rust, så eg måtte rustsveise der. Taket er eit skummelt område å sveise på, for det er stor fare for at det kjem varmebulkar som øydelegg forma på taket. Det gjeld derfor å ta seg god tid, så metallet får tid til å kjøle seg ned på. Eg laga også ein ny kanal ned til panseret. Den gamle var gjennomrusta, for det hadde leie skit i kanalen som heldt på vatnet, noko som førte til at det begynte å ruste. Områder der to metallplater møtest er spesielt utsatt for rust, så det gjeld å gjere godt arbeid her.

Her har eg begynt å sparkle området eg har sveisa. Du kan sjå at eg ikkje har spart på sparkelet, for på dette området vil ein sjå godt om ein har gjort godt eller dårleg arbeid. Det vart med andre ord mange omgongar med sparkling og pussing her, som med mange andre stader på bilen. Sparkling er eit arbeid som krev mykje tålmod.

Her skal du få sjå ein vanleg framgongsmåte å rustsveise på. Det første ein gjer er sjølvsagt å oppdage rusten og omfanget av skada. Det er lurt å kakke på metallet eller bruke ein magnet for å avdekke kor alvorleg rustskada er. I dette tilfellet hadde rusten utvikla seg så mykje at eg fekk eit så stort hol berre ved å pirke litt med eit skrujarn.

Når du har funne ut kor stort omfanget av rustskada er, nyttar du ein vinkelslipar med stålbørst for å slipe bort lakk og mesteparten av den dårlege rusten. Dette metallet var så skada, at noko av metallet som står att etter ein overgong med vinkelsliparen, framleis er for dårleg til å sveise med.

Eg skar bort alt det dårlege metallet med god margin. Som du ser, vart det som først viste seg som nokre rustbobler, eit stort hol.

Når ein har fått bort all rusten, kan ein starte arbeidet med å lage ein ny metallbit. Denne biten er i største laget, for ein bør ha ei klaring på 0,8 mm mellom stålplatene. Eg må understreke at til arbeidet med denne bilen, nytta eg eit sokalla MIG-apperat, så det er mogleg framgangsmåten er litt annleis dersom eit sveiseapperat av ei anna type.

Når ein har laga ferdig metallbiten, festar ein den fast ved å punktsveise. Avstanden mellom sveisepunkta kjem litt an på, men eit godt utgangspunkt er å gjere som på dette biletet.

Så sveisar ein resten av skøyten. Her har eg punktsveisa heile vegen rundt. Når ein blir litt flinkare å sveise, kan ein legge “larvar”, altså litt lengre sveisepunkt. Dette gjer ein ved å flytte sveisepistolen medan ein smeltar saman metallet. Når ein har sveisa ferdig, skal området være fritt for hol. Ein pussar så ned sveisepunkta med vinkelslipar, før ein så startar sveisearbeidet. Alle som vil, og alle som har utstyr, kan gjere dette. Likevel krev det litt øving før ein vert dreven i faget. Det tok meg nesten eit halvt år før eg verkeleg hadde taket på dette.

Etter litt overflatebehandling på bilen (pussing, pussing og litt meir pussing med fisefint sandpapir) og maskering var det klart for lakkering. Denne prosessen har eg dessverre ikkje bilete av. Det var læraren min og eg som lakkerte bilen. Vi var særs nøgde med resultatet, med unntak av eit lite område med litt “appelsinhus” (lite lakk) og eit lite område der lakken fekk sig (litt for mykje lakk), men heilheitsinntrykket vart veldig bra. Så her er resultatet!

preload preload preload