apr 17

Denne songen av Chris Rice er ein av dei som betyr mest for meg. Vart minna om denne songen nettopp, då eg fekk beskjed om at nok ein person eg har vore spesielt glad i, gjekk bort i dag. I tillegg likte Birgitte denne songen godt, så det er mange minne knytt til den. Her er teksta:

Weak and wounded sinner
Lost and left to die
O, raise your head, for love is passing by
Come to Jesus
Come to Jesus
Come to Jesus and live!

Now your burden’s lifted
And carried far away
And precious blood has washed away the stain, so
Sing to Jesus
Sing to Jesus
Sing to Jesus and live!

And like a newborn baby
Don’t be afraid to crawl
And remember when you walk
Sometimes we fall…so
Fall on Jesus
Fall on Jesus
Fall on Jesus and live!

Sometimes the way is lonely
And steep and filled with pain
So if your sky is dark and pours the rain, then
Cry to Jesus
Cry to Jesus
Cry to Jesus and live!

O, and when the love spills over
And music fills the night
And when you can’t contain your joy inside, then
Dance for Jesus
Dance for Jesus
Dance for Jesus and live!

And with your final heartbeat
Kiss the world goodbye
Then go in peace, and laugh on Glory’s side, and
Fly to Jesus
Fly to Jesus
Fly to Jesus and live!

des 20

I dei dagane lét keisar Augustus lysa ut at det skulle takast manntal i heile verda. Dette var fyrste gongen dei tok manntal, og det hende medan Kvirinius var landshovding i Syria. Då fór alle heim, kvar til sin by, og skulle skriva seg i manntalet.

Josef òg fór frå byen Nasaret i Galilea og opp til Judea, til Davidsbyen, som heiter Betlehem, for han høyrde til Davids hus og ætt, og skulle skriva seg der. Maria, festarmøya hans, var med han. Ho venta då barn. Og medan dei var der, kom tida då ho skulle føda, og ho fekk son sin, den fyrstefødde; ho sveipte han og la han i ei krubbe, for det var ikkje rom åt ei i herberget.

Det var nokre gjetarar der i grannelaget, som låg ute og vakta sauene sine om natta. Best det var, stod ein engel frå Herren framfor dei, og Herrens herlegdom lyste kringom dei. Då vart dei fælande redde. Men engelen sa til dei: “Ver ikkje redde! Eg kjem med bod til dykk om ei stor glede som skal timast alt folket. I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by; han er Kristus, Herren. Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.”

Brått var det ein stor himmelhær saman med engelen; dei lova Gud og kvad: “Ære vere Gud i det høgste, og fred på jorda blant menneske som Gud har hugnad i!”

Då englane hadde fare frå dei og attende til himmelen, sa gjæterane til kvarandre: “Lat oss gå inn til Betlehem og sjå dette som har hendt, og som Herren han kunngjort oss.” Så skunda dei seg dit og fann Maria og Josef og det vesle barnet som låg i krubba.

Då dei fekk sjå det, fortalde dei alt som hadde vorte sagt dei om dette barnet. Alle som høyrde på, undra seg over det gjætarane fortalde. Men Maria gøymde alt dette i hjarta sitt og grunda på det. Og gjætarane vende attende, medan dei lova og prisa Gud for det dei hadde høyrt og sett; alt var så som det hadde vorte sagt dei.

Lukas 2, 1-20.

des 19

Ei natt hadde ein mann ein draum. Han drøymde at han spaserte langs ei strand med Herren! Over himmelen kom bilete frå livet hans til syne. For kvart bilete han såg, oppdaga han at der var to par spor i sanden: Det eine var hans eigne, og det andre var Herrens.

Då det siste biletet for forbi over himmelen, såg han tilbake på spora i sanden. Han la merke til at mange gongar i livet løp var det berre eitt par fotspor. Då oppdaga han også at det var dei gongane livet hans hadde vore vanskelegast og mest smertefullt.

Dette forstod han ikkje, så spurte han Herren: “Herre, du sa ein gong at då eg bestemte meg for å fylgje deg, ville du alltid gå med meg og aldri forlate meg. Men no ser eg at då mi nød var størst og livet var vanskeleg å leve, då er det berre eit fotspor. Eg forstår ikkje kvifor du forlét meg då eg trengte deg aller mest?”

Då svarte Herren: “Mitt kjære og dyrebare barn! Eg elskar deg og vil aldri forlate deg. Dei gongane i livet ditt då prøvelsane og lidingane dine var størst – og du berre kan sjå eitt spor i sanden, det var dei gongane eg lyfta deg opp og bar deg i armane mine.

preload preload preload