Eit lite klipp frå filmen “Sånger Från Andra Våningen”. Ein film som kan anbefalast for dei som er glad i filmar av det sære slaget.
Eit lite klipp frå filmen “Sånger Från Andra Våningen”. Ein film som kan anbefalast for dei som er glad i filmar av det sære slaget.
Ta ein titt på denne, sjå deg i spegelen etterpå og sei til deg sjølv at du er verdifull! Måtte ha med ein liten kontrast til det forrige innlegget..
Etter ei flott helg på Skjærgårds Music & Mission-festival, stoppa vi i Oslo for å overnatte, for dei norske vegane er for dårlege til å kome heilt heim til Sunnmøre på ein og samme dag. Det vart derfor hotell i Oslo.
På Akershus Festning fekk vi sjå siste del av VM-finala i Johannesburg (Nederland og Spania) på storskjerm. Det var stemning. Og den gode stemninga heldt fram til langt på natt, så vi fekk ikkje verdens beste nattesøvn, men det er ikkje VM-finale kvar dag heldigvis.
Over er iallfall ein liten stemingsrapport frå Karl Johans Gate rundt midnatt. Så får vi gratulere Spania med VM-gullet!
Fekk spørsmål på mail om eg kunne publisere denne videoen av Louie Giglio. Eg kjenner ikkje skikkeleg til denne talaren, men må innrømme at denne talen er fascinerande. Har ikkje sjekka nærare opp innhaldet i teksta, men det ser ut til å stemme at laminin er eit protein som er nødvendig for å organisere og halde saman celler. Dette får uansett stå som eit døme kor gjennomsyra verden er av skaparen vår tenkjer eg.
Ein finn mykje rart når ein ryddar i saker og ting. Eg kom nettopp over ein video eg laga saman med miljøarbeidar-kollegaane mine på Nordhordland Folkehøgskule like før skulestart (hausten 2005). Her er ein smakebit.
Velkommen til André Sæter's Websider!
Håpar du finn noko interessant.