
Under Sunnmørsleikane 2010, presterte eg å uttrykkje fylgjande, lettare oppgitt over eigen prestasjon på friidrettsbana: ”Friidrett er ikkje tilpassa meg.”

Under Sunnmørsleikane 2010, presterte eg å uttrykkje fylgjande, lettare oppgitt over eigen prestasjon på friidrettsbana: ”Friidrett er ikkje tilpassa meg.”
Mange menneske går rundt med eit høgtrykk inne i seg. Ofte er det eit trykk som byggjer seg opp over tid. Nokre gongar byggjer trykket seg opp fordi ventilen ikkje virkar. Andre gongar fordi høgtrykket får for stort påfyll.
Ei uomtenksam handling frå nokon kan ofte føre til eit akutt trykk som kjem umiddelbart ut. Anten det gjeld langvarig slitasje eller ei uomtenksom handling frå nokon, har vi alle våre grenser. Enkelte har ein følsom ventil som stadig luftar seg, medan nokre på den andre sida har så full tank at det ikkje er plass til meir. Ventilen pip med alle og einkvar inn i mellom. Det trur eg er kjempebra! Sjølv om det hender sinnet kan få brutale konsekvensar, trur eg stort sett ingen tek skade av at nokon lettar på trykket. Spør du meg, er det sårbare punktet prosessen i etterkant…
Sinne og frustrasjonar som kjem til uttrykk, kan ofte samanliknast med ein kraftig storm. Det er i mange tilfelle stille før stormen, så når stormen først kjem, vert mange overraska. Stormens herjingar kan føre til skader og mange ting svirrar rundt i lufta. Ulike element blandar seg med kvarandre. Enkelte gongar ting vi aldri skulle tru ein storm kunne rive med seg. Ein vert redd for konsekvensane. I ein storm må ein være sterk, tålmodig, håpefull, og ein må fylgje med på kva som beveger seg i lufta.
Eit sinneutbrot vert for mange ei krise i større eller mindre grad. Men krise tyder ikkje håplaust. Det kinesiske teiknet for krise (sjå biletet under) er samansett av to teikn – fare og moglegheit. Desse to orda synest eg skildrar godt kva ei krise er.

Ei krise er på den eine sida eit varsel om fare. Her er det ting å ta tak i! Men ei krise er også eit godt utgangspunkt til å gjere gode endringar!
Når stormen har stilna, står det att eit oppryddingsarbeid. Det er då veldig uheldig om nokon har flykta på grunn av frykta stormen gav. Ein må no samle saman alle bitane som har blitt slengt utover , og sortere dei. Og då må dei som er råka av stormen hjelpe til. Er omfanget stort, har ein kanskje bruk for litt krisehjelp utanifrå også.
I opprydningsarbeidet vil ein finne ting ein berre bør kaste. Der vil være ting som bør plassert på ein annan stad enn kvar dei i utgongspunktet stod. Nokre ting må reparerast. Andre ting må ein skaffe meir av.
Etterkvart, når ryddeprosessen begynner å kome i mål, vil ein oppleve at lufta er friskare etter uvêret. Ein har lært noko nytt og gjort endringar, slik at ein står betre rusta når neste storm kjem. Fleire stormar kjem, men med tida vil ein kanskje lære varselsteikna å kjenne, slik at ein kan rydde i rotet på eit tidleg tidspunkt. Då vert oppryddingsarbeidet mykje enklare.

Det lyse i livet vert lysare med ein mørk bakgrunn.
André Sæter.

Pinsehøgtida er den tredje av dei store kristne høgtidene, og vert ansett som kyrkja sin fødselsdag. Ordet pinse, kjem av det greske ordet pentekoste, som betyr femti. Det er fordi pinsa kjem 50 dagar etter påska.
I 5.mosebok kapittel 16 vers 9-12, kan vi lese om ein jødisk kornhaustfest. Dette er ei av dei tre valfartshøgtidene i jødedomen. Det vil seie at mange jødar reiste til Jerusalem for å feire denne høgtida.
På Kristi Himmelfartsdag vart Jesus teken opp til himmelen, men før han kom så langt, lova han disiplane at dei skulle få ein talsmann som skulle tale på deira vegne. Denne talsmannen er Den Heilage Ande. Denne talsmannen kom til dei i form av eit krafig vindkast og nokre eldtunger som sette seg på disiplane då dei var samla i eit hus i Jerusalem. Plutseleg kunne disiplane snakke alle verdens språk, og Peter heldt ein tale om Jesus og korleis han hadde stått opp frå dei døde. Etter talen vert det fortalt om at over 3000 begynte å tru at Jesus var Guds son. God timing at dette skjer når folk frå heile verda er samla i Jerusalem! Peter vert rekna for å være kyrkja sin første pave, og pinsehøgtida vert rekna for å være kyrkja sin fødselsdag.
Den heilage ande er først og fremst eit uttrykk for Guds nærvær. Sjølv om Jesus ikkje lenger er på jorda, er Gud framleis heilt nær menneska gjennom Den heilage ande. Den er Guds kraft og det som gir liv til kyrkja og dei kristne. Vi snakkar av og til om at kristne snakkar i anden, slik som Peter gjorde i Jerusalem. Den heilage ande vert gitt oss i gåve gjennom dåpen.
Dette er kanskje det vanskelegaste blogginnlegget eg har skrive. Og kanskje det viktigaste. Det stiller livet ærlege og vanskelege spørsmål. Og det stiller spørsmål til trua på Gud. Temaet er “Når Gud Blir Borte” og er eit ærleg møte med mi eiga trushistorie. Innlegget er spesielt retta mot mine kristne brødre og systre, men vil truleg vekkje interesse hjå alle som kallar seg tvilarar og ikkje-kristne.

Veit du med deg sjølv at Gud finns? Korleis kan du isåfall være sikker? På kva måte har du møtt Gud? Kva om du plutseleg mista kontakta med Han? Kva om du plutseleg opplevde at han vart borte for deg?
Eg kan berre røpe det med ein gong. Eg har vore i djup tvil. I perioder gjennom livet har eg ikkje opplevd Guds nærvær. I ei lengre periode, klarte eg ikkje å finne eit einaste bønnesvar på dei bønene mine som verkeleg betydde noko for meg. Framleis er det litt slik.
Det sterkaste eksempelet på dette, er perioda då systra mi streva med depresjon. Eit flottare menneske enn det ho var, skal du leite lenge etter. Ho vart innlagt på psykiatrisk etter eit sjølvmordsforsøk. I dette systemet vart ho værande resten av livet sitt. Den 20. februar 2009, ei periode då vi såg optimistisk på utviklinga hennar, tok ho livet sitt.
Kvar var Gud opp i alt dette? Kva med alle bønene om at ho skulle bli frisk? Vart dei ikkje høyrde? Ville Gud at det skulle bli slik? Eller var han ikkje allmektig likevel?
Til den som trur eg har svara på desse spørsmåla, må eg berre seie beklager. Eg forstår det rett og slett ikkje. Ikkje kjem eg nokon gong til å forstå det heller. Men å tru og å forstå er to forskjellege ting! Det vi har med å gjere her, er “det vondes problem”. Ingen har til no gitt eit svar på kvifor det vonde skjer, når Gud både er allmektig og god. Men korleis kan eg tru på Gud? Er eg og alle dei andre kristne naive? Eg kjem tilbake til dette.

“I opphavet skapte Gud himmelen og jorda” (1. Mosebok 1,1). Bibelen er klar på at Gud skapte verda. Korleis dette gjekk føre seg, er det delte meiningar om. Det at Bibelen har to skapingsberetningar (den andre startar i 1. Mosebok 2,4), gjer at eg tenkjer Bibelen har som formål å fortelje at Gud skapte verda, meir enn å være ei naturvitskapleg utgreiing om korleis dette skjedde. Eg har skrive om dette her, så du kan lese den artikkelen etterpå.
“Og Gud skoda alt det han hadde gjort, og sjå, det var overlag godt.” (1. Mosebok ,31). Gud var altså nøgd med skaparverket sitt. Det hadde sikkert vi også vore om vi var han. Men mennesket er ikkje Gud, men vi vart sette som kruna på skaparverket. Men dersom alt var så perfekt, korleis gjekk det då så gale?

Det er naturleg å gå tilbake til syndefallet. Fram til syndefallet hadde mennesket levd i harmoni og fellesskap med Gud, men syndefallet sette eit skilje mellom Gud og mennesket. Heller ikkje dette forstår eg fullt ut. Men skiljet mellom mennesket og Gud kjennest ganske reelt ut spør du meg, så eg trur det er slik.
Som ein konsekvens av syndefallet, kom kaoskreftene inn i verda. Kaos (uorden) er det motsette av kosmos (orden). Smerte, ulykker, katastrofer og død vart ein realitet. Dessverre må vi forholde oss til dette også i dag. I det øyeblikket eg skriv dette her, er det berre ein dag sidan ein person eg har verdsett høgt gjekk bort. Og eg har nettopp sendt ein SMS til ein eg ikkje er sikker på om eg får møte igjen. Vi menneska har mange vanskelege ting å forholde oss til gjennom livet.

Kan fullgode handlingar være smertefulle? Det er spørsmålet eg ynskjer å stoppe litt opp med no. Eg skal ta føre meg eit døme frå tida eg jobba i barnehagen i Mali (Afrika): Då ei av jentene i barnehagen var ute og leika seg, ramla ho så ho fekk eit lite sår som gjorde vondt. Ho kom skrikande bort til meg og trengte trøyst. Eg blåste først på såret, for at det skulle gjere mindre vondt, så tok eg henne med inn der vi hadde førstehjelpsskrinet. Eg leitte fram ei flaske med Pyrisept og litt bomull, for det var kome skit i såret hennar. Alle veit at det svir når ein får Pyrisept i såret, men denne smerta er nødvendig om ein skal reinse såret, slik at det gror utan at det vert infeksjon i det. Eg førebudde denne jenta på at dette ville kome til å svi, men at det er nødvendig for at det ikkje skulle bli verre. Eg påførte med andre ord denne jenta meir smerte, men intensjonen var heile tida fullgod. Eg synest derfor det er nødvendig å skilje mellom det som er smertefullt og det som er vondt, eventuelt det som er av det vonde.
Av og til lurer eg på om smaken av siger er større når nederlaget har vore stort. Sjå til dømes føre deg at du spelar ein fotballkamp, stillinga er 5-0 til det andre laget, og det er berre fem minutt igjen av kampen. Plutseleg snur det heile. Kvart minutt scorar laget ditt eit mål, og spissen rekk akkurat å putte inn den sjette målet før dommaren bles av kampen. Vil ikkje den seieren smake ekstra godt? Og vil ikkje då det tapande laget kjenne på eit mykje større nederlag?

Eg tenkjer av og til at den dagen vi alle samlast i himmelen, og ser tilbake på dette livet som så ofte har vore smertefullt og svart, så må seiersrusen være stor! Kanskje spelar ikkje all smerten så stor rolle lenger då? Og snakkar vi om eit evig liv, så er kanskje ikkje kostnadane for dette livet så store likevel? Eg vil understreke at vi må leve dette livet vi har på jorda sjølv om det ikkje alltid er like behageleg. Men vi menneska ser stykkevis og delt. Vi får ikkje med det heile bildet, og vi vert fort redde om det logiske luftslottet vårt sprengest. Kanskje er dette livet ein dråpe med nødvendig sterk syre i eit stort hav?
Systra mi har skrive ned eit sitat som ein gong var rissa inn i ein cellevegg i Køln. Dette synest eg er eit sterkt uttrykk for kva tru handlar om. “Jeg tror på solen, selv når den ikke skinner. Jeg tror på kjærligheten, selv når jeg ikke føler den. Jeg tror på Gud, selv når han er taus.”
Vi er opptekne av å ha det godt. Her i den vestlege verda, har vi det kanskje så godt at vi ikkje har bruk for Gud? Eg synest iallfall det er påfallande å sjå kor mykje større tiltru til Gud ein kan møte i dei delane i verda der ein verkeleg har det vanskeleg. Javisst har vi det knalltøfft til tider vi også, men er det slik at vi har blitt lovde eit liv utan smerte? Så vidt eg veit har vi ikkje det, men Gud har sagt at han alltid vil være med oss.
Ein gong møtte eg ei dame som sa at “Gud leier oss ikkje rundt det vonde, men han tek oss med gjennom, på sine skuldre”. Det er sterke ord. Dei kan faktisk kjennest provoserandes ut til tider. Det er vanskeleg å forstå kvifor det isåfall skulle være slik, men er det eigentleg meininga at vi skal forstå? Kanskje er smerten i liva våre grunnlag for ein åndeleg vekst? Kanskje er det faktisk slik at alt som ikkje knekker oss, styrkjer oss? Kanskje er det slik at Gud vender alt det vonde til det gode?
Når det gjeld systra mi, så er eg ikkje lenger i tvil om at ho har det godt no. Viss ikkje, har Gud brote lovnadane sine, og kan då (slik eg ser det) ikkje være den han seier at han er. Men no når det som kanskje har vore den største smerta har lagt seg, trur eg at Gud har ved sin nåde teke henne til seg.

Etter å ha teke ei lang runde med alle desse spørsmåla og teoriane eg har vore innom, sit eg igrunnen ikkje att med så mange svar. Og eg trur ikkje det er meininga heller. Men eg sit att med ei tru på at Gud faktisk har kontrollen på liva våre. Eg brukar å seie at trua mi har vore gjennom ein kraftig slipeprosess. Alt eg sit att med er ei tru. Mine eigne svar held ikkje lenger mål. Ikkje dei andre sine heller.

Denne songen av Chris Rice er ein av dei som betyr mest for meg. Vart minna om denne songen nettopp, då eg fekk beskjed om at nok ein person eg har vore spesielt glad i, gjekk bort i dag. I tillegg likte Birgitte denne songen godt, så det er mange minne knytt til den. Her er teksta:
Weak and wounded sinner
Lost and left to die
O, raise your head, for love is passing by
Come to Jesus
Come to Jesus
Come to Jesus and live!
Now your burden’s lifted
And carried far away
And precious blood has washed away the stain, so
Sing to Jesus
Sing to Jesus
Sing to Jesus and live!
And like a newborn baby
Don’t be afraid to crawl
And remember when you walk
Sometimes we fall…so
Fall on Jesus
Fall on Jesus
Fall on Jesus and live!
Sometimes the way is lonely
And steep and filled with pain
So if your sky is dark and pours the rain, then
Cry to Jesus
Cry to Jesus
Cry to Jesus and live!
O, and when the love spills over
And music fills the night
And when you can’t contain your joy inside, then
Dance for Jesus
Dance for Jesus
Dance for Jesus and live!
And with your final heartbeat
Kiss the world goodbye
Then go in peace, and laugh on Glory’s side, and
Fly to Jesus
Fly to Jesus
Fly to Jesus and live!
Ifg¯le en udnerr¯ksles ved cmarbigde uinevrisett
sipllerdet ignen rlloe i hvliken r¯fge ele boktsvanee er.
Det estnee som er vkitig er at fst¯re og stise boksatv er p rktiig setd,
retsen kan vrÊe hltuer til bluter og kan ftotsart Lsee uetn prblomeer.
Dtete er frodi den mnesnekliege hrjene i e lseer hevr boksatv for
seg slev,men odret i sin hleeht. Mrekleig i e snat ?

1. januar skriv vi det forrige året inn i historia og vender blikket framover. Nyttår vert for mange eit markert skilje mellom fortid og framtid, og vi legg det gamle bak oss og helsar ei ny tid velkommen.
Til tider lurer eg på kva er best. Å leggje fortida bak seg? Å møte framtida? Eg sa til ein venn av meg for litt sidan, at denne nyttårsafta skal eg feire at året 2009 er over. Dette året har stort sett alt gått i dass for min del, men er det ikkje nettopp då ein skal helse framtida velkomen?
I dag vil eg trekkje tilbake påstanden om at eg skal feire at eg skal feire at 2009 er over. No har eg nemleg funne ut at ein ikkje berre skal sjå framover eller bakover, men både framover og bakover.
Nyttår er ikkje ein unntakstilstand, men ei forsterking av og eit overblikk over korleis livet er nettopp no. At vi ved nyttår let oss bli gripne av tru og håp på det som møter oss er for meg eit sterkt uttrykk for livsmot. Spør du meg, burde vi alle feire nyttår med oss sjølve og saman med andre, heile året..

Eg kikar ut vindauget. Det snør beskjedent, og dei kvite flaka legg seg varsamt på bakken. I lyset frå ein lyktestolpe, får snøflaka ein ny og glødande glans, medan dei dansar seg ned mot bakken. Stolpen står der så traust og fast. Og usynleg. Under, i lyset av stolpen, kavar menneska seg forbi. Dei kjempar mot tida, dei gløymer seg sjølve i jaget etter meir, og stolpen som kastar lys på dei, ensar dei ikkje.

Erfaring er slipesteinen til livet.
André Sæter, 21.12.2009.
Velkommen til André Sæter's Websider!
Håpar du finn noko interessant.