Kattedrama Fotsporene
des 13

Den første som klarer å løyse denne julenøtta, får ei boks med pepperkaker og ei 1,5 liters flaske Eplerose med meg. Om du har eit svar, eller ein kommentar til oppgåva, legg du det inn som kommentar til innlegget. Lykke til! Her er julenøtta:

Tre julenissar har dårleg råd etter å ha brukt siste rest av årets budsjett på gåver til små barn i julehøgtida. Trangen etter pepperkaker er enorm etter alt strevet med gåveutlevering, og dei bestemmer seg for å spleise på ei pepperkakeboks. Alle tre nissane tek derfor med kvar sin ti-kronar og går til det nærmaste samvirkelaget. I hylla finn dei ei pepperkakeboks som kostar 30,- kroner, og dei bestemmer seg for å kjøpe den. Dei går til kassa og gir ein ti-kronar kvar til kassadama, altså 30,- kroner tilsaman. Glade og nøgde går dei ut døra med ei boks med pepperkaker.

Butikksjefen, som sat i den andre kassa, oppdaga plutseleg at det stod feil pris på pepperkakeboksa. Prisen skulle være 25,- kroner. Kassadama tenkte ho skulle være lur, så i staden for å gi dei ein fem-kronar tilbake, tok ho ut fem kroner frå kassaapperatet i kronestykker, la to av dei i lomma, og la på sprang etter julenissane. Då ho nådde julenissane igjen, gav ho dei ei krone kvar og sprang tilbake til butikken.

Etter å ha fått tilbake kvar si krone, hadde då dei tre julenissane i praksis betalt ni kroner kvar for pepperkakeboksa. Tre ganger ni er tjuesju (3×9=27) ikkje sant? Nå vi legg til dei to kronene kassadama la i si eiga lomme, får vi 29,- kroner.

Kvar vart det av den siste krona?

12 Responses to “Årets Julenøtt”

  1. Lars Helge sier:

    Ein klassiker! ;-) Her er det to reknestykker som ikkje har nokon samanheng med kvarandre.
    Det at dei i praksis har betalt 3×9=27kr har ingen samanheng med kor mykje kassadama har i lomma. I kassa vart det først lagt 30 kr. Så tok kassadama ut 5 kr. Då er der igjen 25 kr. Nissane får totalt tilbake 3 kr og kassadama har 2 kr. 25+3+2=30 kr
    Ikkje lett å forklare den her, så utvider litt til.
    Nissane betaler først 30 kr, så får dei tilbake 3 kr, altså har dei betalt 3×9=27 kr. Så må vi trekke frå dei to kronene kassadama har i lomma, når vi skal “ta oppgjeret” i kassa, for å finne ut kva som er igjen der. 27-2= 25 kr i kassa.
    Hadde kassadama tatt med alle 30 kronene ut av kassa og gitt nissane tilbake ein krone kvar, og putta resten i lomma, så er det samanheng mellom kva nissane har betalt, og kva kassadama har i lommene sine. Men så griske kassadamer er sjeldan vare, så det blir ei uaktuell problemstilling ;-)

  2. Marianne Høydal sier:

    Dersom kassadama tok ut fem kroner, mista på ein måte to av julenissane to kroner kvar, og den eine berre ei. Då sit dei att med 8 + 8 + 9. Når dei så får tilbake kvar si krone, har den eine 10, og to berre 9. Ergo sit den eine julenissen med ei krone ekstra. Det er reknestykket ni ganger tre som forvirra litt trur eg.

  3. Lars Helge! Vi må godkjenne svaret ditt, sjølv om det var freistande å vente med ei godkjenning av svaret, for å få litt blest rundt dette spørsmålet.. Men.. Du har herved sikra deg ei pepparkakeboks og ei flaske med Eplerose (etterkvart ei sjeldan vare)! Gratulerer! :) Vil du ha premien i posten, eller er det slik at du har planar om ein tur til Herøy i romjula/nyttårshelga? Eller har du teke skrekken? :)

    Til deg Marianne, er eg litt i tvil. Det er ikkje tvil om at du er inne på noko iallfall, og kanskje har du til og med rett! Hehe! Ta deg ein tur innom, så kan vi drøfte dette over eit glas Eplerose. Klarer du å overbevise meg, skal du få resten av flaska i trøstepremie.. ;)

    Om nokon no skulle ha ei innvending mot at vinnaren kan slå seg stolt på brystet og heve flagget til topps, må de berre køyre på med innvendingar! Ei flaske Eplerose skal nemleg koste litt spør du meg.. :)

  4. Marianne Høydal sier:

    Eg må vel gratulere vinnaren! ;) eg ser svakheiter ved teorien min, men eg kan godt lage trøbbel for å få eit glas eplerose;)

  5. Øystein sier:

    Hei André! Øystein her, tjommien du møtte på den samlingen i Jølster! Jeg måå bare legge igjen en kommentar, selv om det allerede er loddet ut en vinner! ;)
    Det er på eeen måte mulig å regne litt på det, om man ser bort fra det å skulle si at de betalte 9 kr hver!

    10×3 = 30. Det betalte de
    30-5 = 25. 5 kr som kassedamen tok ut
    25 + 3 = 28. 3 kr som de fikk tilbake
    28 + 2 = 30. 2 kr som de ga i “tips”!

    Jeg forlanger ingen eplerose, men kanskje jeg får en smak om jeg skulle befinne meg på de trakter en gang!? :D

  6. Det er nok slik at ein etterkvart må kjempe seg til ein skvett med Eplerose ja etter at Brænne (brusfabrikken) gjekk konkurs. Men eg har sikra meg ei kasse, så ein skal ikkje sjå bort ifrå at eg kan ha ei brus på lur, sjølv når julehøgtida er over.. ;)

    Til deg Øystein, så vil eg leggje til at du er hjarteleg velkomen til Sunnmøre når du måtte ønskje det! Gi ein lyd om du er på desse trakter og har tid til overs! ;)

  7. Lars Helge sier:

    Jaja, skal ikkje seie nei takk til den julegåva eg! ;-)
    Hadde gjerne teke ei ny nyttårshelg på Nærøya eller omegn eg, men er invitert til Hildre, Brattvåg dette nyåret. Så trur det blir knapt med tid til å kome ut denne jula. Men dersom du har planar om Bergenstur ein gong på nyåret, så kan du godt få passe på gevinsten og ta den med då! ;-) Viss ikkje så er heimeadressa Overvoll, 6200 Stranda ;-)

  8. Den er grei! Kan hende det er lurt å halde seg langt vekk herifrå ved nyttår uansett.. Du veit.. =) Men om eg ikkje sender premien i posten, så vert den frakta med eigen eskorte til Bergen på nyåret.. =) Pepperkaker etter jul er vel bra?

  9. Lars Helge sier:

    Pepperkaker etter jul er veldig bra det ;-)

  10. Ja, jula varer heilt til påske har eg høyrt.. =)

  11. gregor sier:

    kanskje det var dverg kroner. slik at dei ikkje var så mykje verdt. er det eit alternativt rett svar?
    hilsen, gregor og bikja ludvig. God jul.

  12. Nei, Frantz (gregor), det var ikkje dvergkroner.. =) Men må nemne at no er gevinsten overlevert til Lars Helge! Han smilte breitt då han mottok 1,5 liter eplerose og ei boks med pepperkaker.. ;)

Leave a Reply

preload preload preload