
Ei natt hadde ein mann ein draum. Han drøymde at han spaserte langs ei strand med Herren! Over himmelen kom bilete frå livet hans til syne. For kvart bilete han såg, oppdaga han at der var to par spor i sanden: Det eine var hans eigne, og det andre var Herrens.
Då det siste biletet for forbi over himmelen, såg han tilbake på spora i sanden. Han la merke til at mange gongar i livet løp var det berre eitt par fotspor. Då oppdaga han også at det var dei gongane livet hans hadde vore vanskelegast og mest smertefullt.
Dette forstod han ikkje, så spurte han Herren: “Herre, du sa ein gong at då eg bestemte meg for å fylgje deg, ville du alltid gå med meg og aldri forlate meg. Men no ser eg at då mi nød var størst og livet var vanskeleg å leve, då er det berre eit fotspor. Eg forstår ikkje kvifor du forlét meg då eg trengte deg aller mest?”
Då svarte Herren: “Mitt kjære og dyrebare barn! Eg elskar deg og vil aldri forlate deg. Dei gongane i livet ditt då prøvelsane og lidingane dine var størst – og du berre kan sjå eitt spor i sanden, det var dei gongane eg lyfta deg opp og bar deg i armane mine.

Velkommen til André Sæter's Websider!
Håpar du finn noko interessant. 




