
1. januar skriv vi det forrige året inn i historia og vender blikket framover. Nyttår vert for mange eit markert skilje mellom fortid og framtid, og vi legg det gamle bak oss og helsar ei ny tid velkommen.
Til tider lurer eg på kva er best. Å leggje fortida bak seg? Å møte framtida? Eg sa til ein venn av meg for litt sidan, at denne nyttårsafta skal eg feire at året 2009 er over. Dette året har stort sett alt gått i dass for min del, men er det ikkje nettopp då ein skal helse framtida velkomen?
I dag vil eg trekkje tilbake påstanden om at eg skal feire at eg skal feire at 2009 er over. No har eg nemleg funne ut at ein ikkje berre skal sjå framover eller bakover, men både framover og bakover.
Nyttår er ikkje ein unntakstilstand, men ei forsterking av og eit overblikk over korleis livet er nettopp no. At vi ved nyttår let oss bli gripne av tru og håp på det som møter oss er for meg eit sterkt uttrykk for livsmot. Spør du meg, burde vi alle feire nyttår med oss sjølve og saman med andre, heile året..

Velkommen til André Sæter's Websider!
Håpar du finn noko interessant. 




