Ikkje svar å få… Lovlege bilder
jan 21

I dag var eg med på ekskursjon til Grøvik Verk i Liabygda utanfor Ørsta. Dette er norges leiande produsent av komplette takrennesystem og den einaste produsenten av takrenner i aluminium i Noreg. Veit eigentleg ikkje kvifor eg skriv dette her, men eg er litt oppglødd etter dette besøket. Det var veldig fascinerande å sjå kor effektiv og gjennomført heile produksjonen av dei ulike takrennedelane gjekk føre seg. Storparten av produksjonen var det maskiner og robotar som tok seg av, så noko av det som slo meg først, var at det ikkje var så mange menneske der. I tillegg var det svært ryddig og reint, og alt var organisert og systematisert. Det var knapt nok støv på golvet, og i løpet av heile besøket, såg eg ikkje ein ting som ikkje låg der det skulle. For systemfrikar som meg, må eit besøk som dette være det næraste ein kjem kjensla Onkel Skrue må ha når han stuper ut i pengebingen sin. Som ein spiss på det heile, lagar bedrifta det meste dei har av maskiner og vertøy sjølve. Til slutt: Hugsa eg å fortelje at denne bedrifta produserer årleg 700 kilometer med takrenner kvart år? Det tilsvarer ein biltur frå Fosnavåg til Fredrikstad, via Dombås og Oslo.

3 Responses to “Grøvik Verk”

  1. Christian R. sier:

    ” Veit eigentleg ikkje kvifor eg skriv dette her, men eg er litt oppglødd etter dette besøket.”

    Om nokren skulle få meg til trekkje på smilebanda etter eit besøk på ein takkrennefabrikk så måtte det jo bli deg! 10p!

  2. Monkey sier:

    Hehe,så flott tekst om takrenner :D
    Jeg trodde det skulle komme en poetic twist, men det ble en forgjeves vent på det ;)
    Noe i duren; at et liv etter bruksanvisning preges av effektivitet, at ting er gjennomførte, svært ryddige og rene.
    Så organisert og systematisert…
    “Det var knapt nok støv på golvet, og i løpet av heile besøket, såg eg ikkje ein ting som ikkje låg der det skulle.”
    …Akkurat da slo det meg, hvor perfekt mennesket er; fordi det nettopp er det motsatte av alt det førstnevnte, gjør mennesket til nettopp det sistnevnte.

    Lite preg av effektivitet, gjennomførbarhet, ryddighet.
    …ikke er vi spesielt rene heller.
    Vi etterlater oss støv på gulvet.

    Vi ligger akkurat der vi skal.

    Dette er kanskje ett innlegg som for både deg og mange oppfattes som meningsløst, ubrukelig, “overtenkt”…
    Men jeg ville skrive det uansett, ifall noen forstår mitt syn?
    Fordi, for meg, gikk det akkurat opp ett slags lys om at livet (les: mennesket) er perfekt nettopp fordi det ikke kan programmeres til å utføre et bestemt, stabilt handlingsmønster.
    …Og perfekt, fordi det kom uten bruksanvisning.

    Spør du meg, er DET et “onkel Skrues pengebinge-bad”.

    Haha ;)

Leave a Reply

preload preload preload