Nybygget tek form Fokus På Det Spesielle
feb 14

Kan nokon seie frå dersom denne bloggen begynner å bli full av ingenting? Eg er nemleg redd for at kravet om hyppige blogginnlegg (for å halde på lesarane) skal føre til ein masseproduksjon av innhaldslaus tekst. Sjå til dømes føre deg VG Nett eller andre store nettaviser. Dei er fylte med tomt innhald! Kven bryr seg vel om at rumpa til Marianne Aulie vert flambert, Kristen Stewart søv med smika på eller at Agyness Deyn ramla to gongar på catwalken?

Ein liknande tendens har vi på Facebook gjennom ulike statusoppdateringar. Eg treng ikkje å vite kor mange kjøtkaker vennane mine har spist til middag eller finne ut om ei badeand kan få fleire tilhengarar enn Alexander Rybak. Sjølvsagt er det ein viss humor i dette, men likevel vert eg litt lei av å bli overlessa med meiningsløyse dag etter dag.

Noko anna som irriterer meg er når (først og fremst) nettavisene peikar på nye forskningsresultat eller samfunnstendensar utan å gå djupare inn i stoffet. Eg har sjølvsagt forståing for at kravet om masseproduksjon av informasjon hindrar dei ulike redaksjonane å gå særleg djupt inn i ulike tema, men gi meg heller ei avis som kjem ut med nokre få, gode, djuptgåande artiklar ein gong i månaden.

Vis meg havet, og ikkje berre skummet av bølgene langs stranda..

One Response to “Fullt Av Ingenting”

  1. [...] Fullt Av Ingenting Morsdag, Valentinsdag og Fastelaven feb 14 [...]

Leave a Reply

preload preload preload