Fullt Av Ingenting Morsdag, Valentinsdag og Fastelaven
feb 14

For å få ein mjukare start på dagen, har eg begynt å bruke ein vekkarklokkeradio. Ein morgon tidlegare denne veka våkna eg til ein debatt om media si handtering av informasjon rundt svineinfluensaen. Mellom anna vart det hevda at sanninga vert tilsidesett for å belyse emner som har ei konflikt. Sanninga er rett og slett ikkje interessant nok. Eg vil derfor lyfte fram spørsmålet eg har grunda på lenge: Kan vi stole på media?

I artikkelen min Fullt Av Ingenting, pirkar eg bort i utfordringa media har med å være masseprodusent av informasjon. Eg uttrykker ein frustrasjon over ein journalistikk som ber preg av å ikkje gå godt nok i djupna på ulike saker, i tillegg til irritasjonen over mengda med dårlege saker. No ynskjer eg å trekke fram nokre nye aspekt rundt media si handtering av saker: Objektivitet og fokus i forhold til sanningsbiletet.

Kan vi være sikre på at media er objektive? Er det ikkje slik at media vil noko med det dei skriv? Vert dei ulike partane i sakene rettferdig behandla, og vert dei rette partane dregne inn i debatten? Eg har ikkje så mykje å seie om dette, men meinar det er svært viktig å stille slike spørsmål.

Når det gjeld fokus i forhold til sanningsbiletet, synest eg det er leit at media i så stor grad fokuserer på ytterpunkt. Eit døme kan være at du kan finne førstesideoppslag i til dømes VG og Dagbladet om sommarane som set fokus på elleville sydenfestar, medan sanninga er at storparten av norsk ungdom klarer å styre seg og gjer mange flotte og konstruktive ting. Eg synest det er leit at ytterpunkta vert så overfokuserte at ein kan verte i tvil om kva som er normalt.

Noko av det som har irritert meg mest, er dårleg behandling av prestar i enkelte aviser. Spesielt har Sunnmørsposten provosert meg på dette feltet. Gjennomgåande negativ vinkling av kompliserte saker, der ein indirekte heng ut enkeltprestar for sine syn på saker, og skaper konflikter av ting som i utgangspunktet ikkje er konfliktfylt, provoserer meg. Ved fleire høve har prestar blitt stempla som intolerante og dømmande, medan det etter mitt syn er avisa eller journalisten sjølv som har lite rom for ulike synspunkt.

Produktet vert ofte ugjenkjenneleg når journalistane trykkjer konflikt inn i debatten. Eg meinar at media, ved å fyre opp debattar med konflikter, har teke frå kristne miljø moglegheita til å drøfte mange vanskelege spørsmål på ein idéell måte. Konflikter byggjer ofte murar rundt menneske.

Det er ikkje meininga å trakke på arbeidet til einkvar journalist, for det er mange dyktige journalistar der ute. Faktisk vil eg rope hurra for mange journalistar, mellom anna ho som skreiv stykket om pappa og mamma i fredagsavisa. Eg vil også presisere at i omtrent samtlege tilfeller er det storavisene som provoserer meg, medan lokalavisene ofte er meir romslege og sanningsorienterte.

Eg skriv dette fordi eg meinar det er viktig å setje media under lupa, for stort sett er det media som set lupa over ting. Eg trur det tilhøyrer sjeldanheitene at media gir eit heilt og klart bilete av sanninga sakene sine, og at det derfor er grunn til å være kritisk til dei kritiske.

7 Responses to “Fokus På Det Spesielle”

  1. Monkey sier:

    Du kjenne ei viss misnøye? :)
    Konkurranse mellom aviser, meir overfladiske og hektiske hverdager…. Folk søke sej mot det lett fordøyelige. Det mest hårreisande og ergo underholdning. Folk e slitne og stressa. Dei vil berre koble ut kvardagen litt, den gråe kvardagen, med litt artig lesestoff. Ej ser det sånn…
    Avisene må heile tia tenke på ka folk vil ha? Kossen får vi solgt avisene ? Levebrødet vårt….

    Kanskje en ska gruble litt på kossen en kan forandre eller påvirke holdningane til folk flest?
    Men ej trur det e som dei fleste ting i livet, faser. Av og til er dei ekstra store. Men kommer alltids ett turning point?
    Trur dei fleste begynne kjenne at, ” ok, det he vore gøy me all dinne infoen og all mulighet for tilgjenglighet og eksponering av sej sjøl og andre…. Men no blir det for masse. På tide å logge ut og logge av….”

    Personlig så lese ej Donald, when things get too bad…

  2. Eg har eit inntrykk av at avisene spelar veldig mykje på følelsane til folk, spesielt våre litt utrygge sider som t.d. sex, utsjånad og slikt. Det engasjerer, men eg synest at aviser med respekt for seg sjølve bør halde seg unna “Se & Hør-journalistikk”. Hadde tabloidavisene droppa dette og kriminalitet og pengar, trur eg avisene hadde blitt ganske tynne.

    For ei lita tid tilbake fekk eg ein kommentar på at eg gjennom sidene mine fekk formidla mykje med få ord. Eg tok det som eit komplement, men eg håpar det ikkje er slik at vi er for trøtte og lite engasjerte til å lese lange stykker. Kanskje er det slik? Det er iallfall påfallande at store delar av artiklane i tabloidavisene består av store bilder og lite tekst.

    Bergens Tidende (BT) er ei avis eg ikkje les ofte, men dei få gongane eg har lese den, har eg blitt imponert over god journalistikk. Slik eg forstår det, set den fokus på eit bestemt tema (t.d. hjelpeapperatet for rusmisbrukarar i Bergen) ei bestemt tidsperiode, der dei får med mykje rundt temaet gjennom ein serie med artiklar. Dette trur eg er ein god arbeidsmetode. Får inntrykk av at redaksjonane rundtomkring jobbar ut i frå ein “frå-dag-til-dag-mentalitet”.

  3. Monkey sier:

    Ja, om avisene,i papirform, overlever i framtida da…
    Ej håpe iallefall det, til ei viss grad (miljø). Ej e muligens litt “gammeldags”, så foretrekke papir.

    Likte metoden te BT, slik du nevne det. Ej trur også dette e en god arbeidsmetode, og ikkje minst blir det meir “folkevennlig”. Det gir folk muligheta til å fordøye litt-og-litt.
    Kanskje det kunne fått fleire til å sette pris på ” ei god bok” igjen?
    Føle at ej drukna i overflod av støy. Går snart fra skyggelappa til komplett bind for auene.

  4. Papirutgåvene er koselegast, og det er ofte mindre tull i dei.. Når det gjeld “metoden til BT”, så er eg ikkje 100% sikker på at det er slik, men eg vart iallfall fortalt at det er slik. Det fine med dette er at det gir gode mulegheiter å fordjupe seg i eit tema. Elles vil eg også framheve ABC Nyheter for god journalistikk. Ingen av dei nemnte er perfekte, men eg vil rangere dei til over snittet.

  5. Monkey sier:

    Høres ut som ditte e nåke du e opptatt av, så kanskje du også he nåken utenlandske avise å anbefale?
    Meda vi e igong; ei god bok?

  6. Utenlandske aviser veit eg ingenting om. Når det gjeld bøker, har eg akkurat begynt på ei bok som heiter “Sangen etter dine sko”. Dette virkar å være ei god bok. Det er ein far som skriv om å miste sonen sin gjennom sjølvmord. Likevel er ein av favorittane mine framleis “Ibenholt”. Skriven av ein polsk journalist som reiste rundt i Afrika under avkolonialiseringa. Kva bøker som er bra, kjem vel heilt an på kva ein interesserer seg for. Ein må ta sjansen på å lese bøker ein ikkje likar. Men lat det være sagt: Eg er absolutt ingen lesehest! :)

  7. Monkey sier:

    Haha! ja, ingen fare, har lest mange bøker om f.eks.teaterteori. Drøvtygging av ulike tema. Somme ting he vore smertefullt mentalt sett å skulle sjå til endes, men ej klare ikkje la vær. Må kjenne på heile opplevelsen.
    Bøkene du nevnte høres fine ut. Må sjekke nærmare ut :)

    Lesehest….Karr kjem disse uttrykka ifra? Bokorm kan ej forstå, iallefall om en tenke på den typen som spise blad. But still…..høy på pæra….
    Nei, no skal ej ikkje starte en ny diskusjon :P

Leave a Reply

preload preload preload