Skal eg selje Nelly? Eg skal kjøpe meg ny bil
mar 01

Støttekonserten som vi arrangerte i regi av Birgittes Minne på laurdag, kan godt omtalast som ein suksess. Iallfall om vi skal tru på alle dei gode tilbakemeldingane vi har fått, og dei trur vi på. Konserten fekk i dag svært god omtale i Sunnmørsposten, som skal ha skryt for å dekke konserten på ein fin og var måte. Og i morgon vert konserten også omtala i Vestlandsnytt.

Mange vart berørte av alle dei flotte innslaga, og det er ikkje rart, for etter mi meining var det ikkje eit einaste innslag som ikkje heldt mål. Eg lyg ikkje når eg seier at kvar aktør imponerte meg storvegs! I tillegg var det mange andre som støtta arrangementet på ulike måtar, så tusen takk til alle som var med å gjere denne konserten gjennomførbar!

Elles er det kjekt å sjå at sida til Birgittes Minne på Facebook no har passert 600 tilhengarar! Det er flott! Dette vil være til stor inspirasjon for oss i styret! For tida jobbar eg med å lage ein blogg til Birgittes Minne, og når denne bloggen er publisert, vert det offentleggjort på Facebook.

Til slutt vil eg berre nemne at vi fekk inn i overkant av 30.000,- kroner på konserten, så no ligg forholda verkeleg godt til rette for å ta til med arbeidet med hjelpeprosjekta i Latvia.  På vegne av Birgittes Minne vil eg takke alle som gav ei gåve til støtteforeininga på laurdag!

Leave a Reply

preload preload preload