Vellukka Støttekonsert! Hyllene på plass!
mar 03

Her ser du det som mest truleg vert min komande bil. Eg har tinga på bilen, så dersom eg ikkje får eit negativt sjokk når eg får prøve den, kjøper eg den på laurdag. Denne varebilen er ein fint brukt 2005-modell som berre er køyrt knappe 40.000 kilometer, så dette burde være eit godt kjøp.

Det vert sjølvsagt kjipt å kvitte seg med Nelly, men behovet for god bagasjeplass har meldt seg. Eg jobbar to dagar i veka som snikkar, og treng difor plass til verktøyskrin og diverse utstyr, og då vert Nelly i minste laget. I tillegg er det fantastisk å kunne ta med seg syklar og anna turutstyr i bilen når våren kjem, eller ski på vinteren for den slags skyld. Med andre ord gler eg meg til å kjøpe min fjerde bil i rekka.

4 Responses to “Eg skal kjøpe meg ny bil”

  1. Ingalill sier:

    kjekke skute ditta dere:) slettes ikkje verst! grattis på forhånd:)

  2. Ja, trur dette vert alle tiders! =) Får plass til litt meir i denne enn i Nelly.. Der har eg nesten problem å få inn plastposen etter å ha vore på butikken..

  3. Tor Arne sier:

    Det er vel nesten ikkje så langt i frå at Nelly går inn i lasterommet på den der… :) Gratulerer på forskot med ny bil, Andrè!

  4. Det hadde vore litt artig å prøvd.. =)

Leave a Reply

preload preload preload