Vegvisaren er namnet på bloggen min. Namnet valte eg fordi eg håpar at eg gjennom desse sidene, kan skrive noko som vil være nytte, glede, ettertanke og oppbygging for nettopp deg. På denne bloggen ynskjer eg å snakke ærleg om livet, utan å utlevere verken meg sjølv eller nokon andre, men ved å ta opp viktige tema. I tillegg vil denne bloggen fungere som bloggar flest, altså ein blogg som tek opp kvardagslege ting, reiseskildringar og anna som er verdt å skrive om.

Bloggen er delt opp i to delar. Klikkar på på linkane under “headeren”, finn du stort sett berre nokre “teaserar”. Det mest interessante finn du dersom du leitar litt i menyen på høgresida. I bloggarkivet er artiklane mine sortert etter kva tid dei vart publiserte. Under lesestoff, navigerer du deg vidare ved å velje ein kategori du ynskjer å lese om.

Kvar side inneheld tilsaman 10 artiklar. Dei nyaste innlegga kjem øverst på sida. Dersom du vil lese fleire artiklar frå samme kategori, trykker du på “Previous Entries” heilt nederst på sida. Du dukkar dei eldre artiklane opp.

Då gjenstår det vel berre å seie at eg håpar du finn noko interessant på desse sidene.

André Sæter.
Fosnavåg, 20.11.2009.

Comments are closed.

preload preload preload