
Livet er ei gåte. Ingen forstår livet fullt ut. Vi undrar oss over store og små spørsmål. Vi kan finne svar på det meste, men kva tid veit vi at vi har kome fram til rett løysing?
Livet er dynamisk. Vi kan leggje planar, men livet må levast i nuet. Nokre gongar treng vi å stoppe opp. Andre gongar må vi fortsette. Til tider glid livet lett, og til tider er det som ein lang, bratt motbakke.
Livet er ei uløyst likning utan ein kjent fasit. Medan vi reknar, kan fornemmelsen av svaret nokon gongar være skremande, andre gongar befriande. Nokre gongar treng vi hjelp til å finne løysingar, andre gongar må vi hjelpe andre.
Under kategorien “Ord Til Livet” i menyen til høgre, finn du tekstar som har med livet å gjere. Noko omhandlar dei store spørsmåla, medan noko omhandlar enkle og kvardagslege ting. Eg håpar noko av det eg har skrive, kan hjelpe deg med å leggje på plass ein ny brikke i puslespelet ditt..
André Sæter,
Fosnavåg, 20.11.2009.

Velkommen til André Sæter's Websider!
Håpar du finn noko interessant. 




