På stova mi har eg eit stort verdenskart hengande på veggen. Eg vert ofte fascinert over kor stor verden er, og kor liten del av den eg vil få tid til å utforske. Verden er stadig i endring, og vi vil aldri få full kontroll over den. Og vi vil aldri forstå den fullt ut.

Likevel, kvar gong vi forflyttar oss rundt på denne blå planeten, og opplever små fragment av verdens utallige nyansar, lærer vi noko nytt om livet. Sjølv om mykje er gjenkjenneleg, er likevel alt unikt. Alt har si eiga historie.

Ved å bevege oss utanfor våre eigne livsrammer, og sjå inn i andre kulturar, vil vi få eit overblikk over vårt eige liv. Ved å gå inn i det ukjente, kjem vårt eige nærare. Derfor trur eg det er godt for oss å kome oss litt vekk inn i mellom.

Sjølv likar eg godt å reise, og gjennom desse nettsidene, ynskjer eg å dele litt av opplevingane mine frå den store verden. Nokre av utlandsreisene mine, ber preg av å stikke seg litt utanfor normalen, som til dømes året eg budde i Mali og haiketuren til Afrika – utan ei einaste krone i lomma. Men eg har også prøvd meg på charterturar, gruppereiser, friluftsliv, bilferiar og meir normale reisemåtar. Framleis oppfattar eg ikkje meg sjølv som ein spesielt bereist mann.

Spør du meg, er det liten vits i å rangere reisene våre etter kva som var best eller verst. Kvar reise er unik, har si eiga forteljing og er gjenstand for utviding av vår eigen horisont. Eg trur at så snart vi legg vekk våre eigne krav, og lét oss bli inspirerte av det framande, ligg forholda til rette for å forstå meir av denne altomfattande verda.

I menyen til høgre på desse sidene mine, vil du finne blogginnlegg som inneheld små glimt frå nokre av mine reiseopplevingar. Ved å lese dei, får du kanskje ei lita tankereise, sjølv om du i realiteten sit og stirar inn i ein dataskjerm. Kanskje vil ei slik tankereise likevel gje ei kjensle av å utvide horisonten?

André Sæter,
Fosnavåg, 20.11.2009.

Comments are closed.

preload preload preload