Eit lite klipp frå filmen “Sånger Från Andra Våningen”. Ein film som kan anbefalast for dei som er glad i filmar av det sære slaget.
Eit lite klipp frå filmen “Sånger Från Andra Våningen”. Ein film som kan anbefalast for dei som er glad i filmar av det sære slaget.

I dag har eg teikna takkonstruksjonen til garasja vår i 3D. Det har seg nemleg slik at når ein skal byggje noko, er det lurt å “byggje” det på papiret først. Då vert ein merksam på eventuelle byggtekniske utfordringar før ein står midt oppe i dei. Kanskje slepp ein til og med å rive det ein har bygd opp.
Med ei slik teikning har ein mange andre fordelar. Ein kan få ut arbeidsteikningar, slik at ein veit kvar ein skal plassere dei ulike bygningsdelane. Ein kan kjappt rekne ut kor mykje material ein treng osv.
Så når materialen kjem i hus på onsdag, er det i hovudsak tidsprioriteringa som bestemmer kor lang tid det tek før garasja er oppe. For på papiret er dei fleste utfordringane allereie løyste.

For dei interesserte, har eg no bestilt den nye iPhone 4 med 16 GB. Nettbutikken til Chess (eller Posten) brukte uanstendig lang tid, så eg bestilte likegodt direkte frå Apple. Då er verken telefonen eller eg låst til ein bestemt operatør. I tillegg vert dette ei rimelegare løysing om ein tenkjer litt langsiktig. No håpar eg spranget frå 1. generasjons iPhone vert ei positiv oppleving, men eg må nok klare meg med gamletelefonen ein månad til medan eg ventar.

Å arbeide saman, er ein god måte å være saman på. Det synest iallfall eg. I går bygde eg ferdig garasjegolvet, medan mamma og pappa gjorde ferdig blomsterbedet bak garasja.


Her er pappa klar til å strø bork utover bedet. I forkant hadde han og mamma luka og reinska området godt. Med andre ord har det blitt nokre hakk trivelegare rundt huset vårt no.

Neste prosjekt no er å bestille taksperrer. Så kan vi byggje ferdig dei siste veggane til garasja medan vi venter på at sperrene kjem.

Ein forhaustar. Hadde nesten gløymt dette tekniske rovdyret.

F.v.: John Henrik, Kristi og Linn-Eli.

Solnedgongen nærmar seg. På Flø er den verdt å vente på.

Eit sneglehus nyt solnedgongen.

Tare er kult!

Sola er snart klar for å ta seg ein liten dukkert.

Enda eit sneglehus som nyt solnedgongen.

Fargane er upåklagelege.

Sola har gått ned. Her ser vi Runde bade seg i fargane frå himmelen.

VAMP hadde i dag utekonsert på Flø. Av alle plassar. Og av alle plassar er det på Flø eg no har hatt ein av mine beste konsertopplevingar! Over 600 menneske møtte opp for å høyre dei spele, og eg tør påstå at ingen gjekk tomhendte heim. Her snakkar vi om ein konsert som etter mi meining absolutt kvalifiserer til terningkast 5.

Frå før har eg høyrt litt på VAMP, men det vert truleg meir VAMP-lytting i tida framover. Dette bandet imponerte meg, spesielt med det reint musikalske. Her har vi med professionelle og allsidige artistar å gjere!
Låtvalget var bra synest eg. VAMP gav uttrykk for at dei ynskte å spele litt sommarleg musikk, og det gjorde dei. Dei kjente låtane dukka opp i fleng, som til dømes Månemannen, Tir n’a Noir, Våken Drøm, Kim Du Nå Va? og Fuglane Vett.
Det er rart med det, men VAMP spelte på ein slik måte at låtar som var nye for meg, opplevdes kjende og fengande. Det er ikkje alltid det er slik. Eg trur det er den tydelege vokalen som gjer skilnaden. Ein forstår songane fort, og vert riven med.

John Henrik og Kristi (over) tok initiativet til turen til Flø. Dei inviterte Linn-Eli og meg (under) til å være med, noko vi sette stor pris på. Denne gjengen set eg stor pris på! Etter konserten tok vi oss god tid og gjekk ned til fjøra og tok bilete og såg på solnedgongen. Ein flott kveld med andre ord!


Sommarferien er over for min del, og eg er i ferd med å tilpasse meg kvardagsrytma igjen. Sjølv om det har vore ein innhaldsrik ferie, er det framleis mange ting eg kunne tenkt meg å sette av meir tid til. Dette er vel eit kjent fenomen for oss alle. Det kan derfor kanskje være greit å minne om at også kvardagane inneheld litt fritid som ein kan bruke til det ein vil.
For den som er interessert, har eg oppdatert artikkelen om pulsklokka eg angra på at eg kjøpte. Artikkelen finn du her.

Sommarfesten på Giske kan med god grunn kalle seg “Verdens Beste Festival”. Eit fullspekka program med prominente aktørar på ei vindfull øy på Sunnmøre, kan ein rett og slett ikkje seie nei til. Og med gratis inngang, vert dette ikkje berre ein sommarfest, men ein Sunnmørsfest.

Sommarfesten er ein stor spleisefest som såg dagens lys for seks år sidan. Folk vert oppfordra til å ta med grillmat eller noko anna å bite i, så er det berre å stille seg i matkøa og forsyne seg når ein vil, utan å betale noko meir. Sjølv om dette er på Sunnmøre, fungerer dette veldig godt. Over ser du biletet av matkøa, som forøvrig tok omtrent 30 minutt å kome seg gjennom. Men når mange kjente ansikt dukkar opp undervegs, er de berre stas.

Etter mi meining, var Susanne Sundfør det store høgdepunktet. Eg har faktisk knapt høyrt henne før, men med tida er det altså stor sjans for å finne CD’ane hennar i platesamlinga mi. Det er vanskeleg å rangere resten av musikken eg høyrte på. Eg prioriterte iallfall å få med meg Susanne Sundfør, Minor Majority, Thom Hell, Mark Kozelek, Tom McRae, Maria Mena, Damien Rice, Eva & The Heartmakers og Montèe.

Eg reiste til Giske saman med John Henrik, Kristi, Britt Inger og Norvald. Men på Giske dukka det opp mange fleire kjente ansikt, faktisk såpass mange at ein ikkje fekk prata skikkeleg med alle det hadde vore kjekt å prata med. Men mange kjekke gjensyn vart det. Det er kanskje det eg likar best med denne festivalen. “Alle” er der. Mellom anna sat vennegjengen og flaut i nokre campingstolar. Campingstolar er ikkje alltid like robuste, og over er eit bilete av Fred Michael etter han vart overrumpla over at gravitasjonskrafta var sterkare enn stolen.

Eg tok ein del bilete av folka eg var saman med, men sidan flesteparten av dei ikkje var så heldige på bileta, får de nøye dykk med eit bilete av Frantz og Live. Som forøvrig også går under pseudonyma “Superparet” eller “Det Beste Paret”. Hehe! Berre vent til eg får meg dame Frantz! Men du kan sikkert slappe av ei god stund til.. =)

Nei, dette var rett og slett hivens! Eg gler meg allereie til neste Sommarfestival. Dette ligg an til å bli ein sommartradisjon, så eg er glad for at eg tilfeldigvis tok turen i fjor og oppdaga dette festivalvidunderet. Då var det omlag 15.000 personar som møtte opp, og i år var det truleg fleire. Høyrte snakk om 18.000, men dette veit eg ikkje sikkert.

Så om du lurer på kva du skal gjere neste sommar, er svaret å ta turen til Giske når Sommarfesten brakar laust.


Det er no den siste feriedagen min, og den har eg mellom anna tilbrakt på havet saman med Frantz. Vi sat der i båten i Breisundet utanfor Fosnavåg og løyste verdsproblem medan vi fiska og drakk kaffe. Medan regnet dala ned frå himmelen og fukta thermodressane våre tvers igjennom, klarte vi å hale ombord litt fisk. Slike stunder set eg stor pris på!
Velkommen til André Sæter's Websider!
Håpar du finn noko interessant.